Ola Eiksund blei vald til ny leiar i Bibliotekarforbundet under landsmøtet deira på Gardermoen i november.

Bibliotekarforbundet opnar for ikkje-bibliotekarar

No kan personar som har høgare utdanning og jobbar med bibliotekfaglege arbeidsoppgåver, bli med i Bibliotekarforbundet – utan å ha bibliotekfagleg utdanning.

Publisert Sist oppdatert

Vedtektsendringa vart klubba gjennom under fagforbundet sitt landsmøte på Gardermoen 23.–24. november.

Opninga av medlemskap har lenge vore ei heit potet i Bibliotekarforbundet (BF). Det har blitt føreslått endringar i medlemskriteria på dei siste fire landsmøta, skriv forbundet på si eiga nettside.

Høg oppslutting

– Det var absolutt den saka som tok mest plass under landsmøtet, fortel Ola Eiksund, som på det same møtet blei vald til ny leiar i forbundet etter Veronicha Angell Bergli.

Vedtektsendringar som denne krev to tredjedels fleirtal. Nær 60 av dei 70 delegatane stemte for, fortel Eiksund. Då var det også nokre avhaldande.

Det var nesten to tredjedels fleirtal også førre gong saka var oppe.

Eiksund fortel at BF har fått signal frå arbeidsplassar der tilsette ønskjer å kunna vera organiserte i same forbund, sjølv om dei har ulik fagbakgrunn.

– Vi jobbar med dei same oppgåvene, så då er det ikkje unaturleg at vi er organiserte i same forbund, seier han.

Leiar med lang fartstid

Ola Eiksund (61) er kjent for mange som nyleg avgått biblioteksjef i Arendal. Han har fagutdanning som både bibliotekar og førskulelærar. Ifølgje bibforb.no har han vore medlem i BF sidan studietida på 90-talet og hatt to periodar som aktivt deltakande vara i forbundsstyret, i tillegg til to periodar som leiar av kontrollkomiteen.

Vi freistar å fritta etter visjonar og postulat, men etter berre halvanna veke i leiarstolen er Eiksund atterhalden med slikt.

– Eg har ikkje laga noko postulat. Det er rett og slett så bratt og utruleg mykje å prøva å finna ut av foreløpig. For meg handlar det no først om å få oversikt over jobben og setta i gang forbundsstyret og komitear og det som er. Så har eg eit håp om at det skal bli meir ro til bibliotekpolitikk etter kvart, for det er det eit stort behov for. Bibliotek får altfor lite politisk merksemd. BF er ikkje stor nok til å vera ein megafon, men det går an å prøva.

Opplæringslova og skulebibliotek

– Har du ein bibliotekpolitisk kjepphest?

– Eg skal ikkje «oute» den endå, men det har eg. Elles så er det ein kjepphest også å følgja opp det som BF har gjort over lang tid, seier Eiksund.

LES MEIR

EU-direktiv skapar strid om profesjonskravet for biblioteksjefer

– No kjem høyring på forskrift for opplæringslova. Den snakkar varmt og godt om skulebibliotek, men det som står der no, er ei svekking i forhold til den gamle lova. Elles er det ei veldig aktuell sak no knytt til NB sitt høyringssvar om yrkeskvalifikasjonskrav. Dette er ei sak det ser ut til å bli debatt rundt, og som vi vil følgja opp.

RETTING 11.12.23 · 10:53

I den opphavlege versjonen av denne saka sto det at vedtektsendringer i Bibliotekarforbundet krev tre fjerdedels fleirtal. Det var feil, og er no retta til to tredjedels fleirtal.

Powered by Labrador CMS