Norsk Bibliotekforenings pris 2024

– Det er håpløst, og vi gir oss ikke!

Ingeborg Eidsvåg Fredwall siterte Jan Erik Vold då ho tok imot Norsk Bibliotekforenings pris 2024 på vegne av studieprogrammet i skulebibliotekkunnskap ved Universitetet i Agder.

Glad vinnar: Ingeborg Eidsvåg Fredwall tok imot prisen på vegne av skulebibliotekutdanninga ved Universitetet i Agder.
Publisert Sist oppdatert

– Det er veldig stas å få denne prisen! Seier Fredwall til Bok & bibliotek.

Bibliotekfeltet har alltid vore ein viktig pådrivar for skulebibliotekfeltet i Noreg, poengterer ho, ofte kanskje meir enn det skulane sjølve har vore. 

Motvind

Vold-sitatet om ikkje å gje seg har Fredwall arva frå Leif Romøren. Han starta dei første kursa i skulebibliotekkunnskap på 1980-talet og avslutta alltid forelesingane sine med det. Ifølgje Fredwall har det framleis relevans. 

– Ein føler at ein jobbar i motvind. Når ein snakkar om skulebibliotek så vil dei fleste vera einige i at dette er viktig for born og unge si lesing. Samstundes er det noko som gjer at det er så vanskeleg å prioritera dette! Og sånn har det vore i heile skulebiblioteka si historie. Samstundes trur vi på at dette er så viktig.

Fredwall er førstelektor i skulebibliotekkunnskap og ansvarleg for utdanninga som i dag losar rundt 100 studentar i året gjennom bachelorprogram eller vidareutdanningskurs.

Avgjerande med fagutdanning

– Det å få denne prisen betyr veldig mykje for oss. Det er ei anerkjenninga av at denne utdanninga er viktig for bibliotekfeltet. Forskjellen på gode skulebibliotek og skulebibliotek som ikkje er så gode, er om dei er bemanna med ein skulebibliotekar – og i sær det at skulebibliotekaren har ei utdanning i dette, seier prisvinnaren. 

Studentane sjølve fortel at fagutdanninga er viktig på mange vis.

– Når dei får ei formell utdanning får dei også meir frimod til å løfta skulebiblioteket fram for leiinga, dei får meir sjølvtillit på det faglege og dei kan argumentera betre for kvifor skulebiblioteket er viktig på skulen, fortel Fredwall.

– Vi treng eit krafttak

Utdanninga i Kristiansand er også eit nasjonalt ressurssenter. Ifølje ei pressemelding frå Norsk Bibliotekforening får utdanninga Norsk Bibliotekforenings pris for å fremja bibliotekfaget og for å styrka skulebiblioteka ved å utdanna fagleg dyktige skulebibliotekarar. I tillegg har utdanninga bidrege med aktiv formidling, konferansar og nettverksbygging.

– I dag treng vi eit krafttak for å endra born og unge sine haldningar til lesing, og velfungerande skulebibliotek er heilt avgjerande for at vi som samfunn skal lukkast med dette. Prisen er ei anerkjenning av skulebibliotekarane sitt viktige arbeid, seier Ingeborg Eidsvåg Fredwall.

– Ein pris til alle skulebibliotekarar

Norsk Bibliotekforenings pris blir tildelt ein person eller organisasjon som gjennom innsatsen sin har bidrege til å løfta fram bibliotek og styrka rollen deira i det norske samfunnet.

Prisen blei delt ut av leiar i Norsk Bibliotekforening Helene Voldner under Bibliotekmøtet 2024 i Haugesund 18. april. 

– Skulebibliotek står i ei særstilling i det viktige arbeidet med å sikra ei lesande og oppdatert befolking. Norsk Bibliotekforenings pris er difor ein pris til alle noverande og framtidige skulebibliotekarar, og vi er glade for å kunna overrekka prisen til utdanninga, på vegne av eit heilt bibliotekfelt, seier Voldner.

Powered by Labrador CMS