Illustrasjonsfoto: Colourbox

EU-direktiv skapar strid om profesjonskravet for biblioteksjefar

Eit nytt EU-direktiv utfordrar profesjonskravet for norske biblioteksjefar, meiner Nasjonalbiblioteket. Bibliotekarforbundet og Bibliotekforeininga er ueinige og går langt i å hevda at NB ønskjer å tvinga fram ei endring i biblioteklova.

Publisert Sist oppdatert

Er det tvingande nødvendig at dei som leier norske folke- og fylkesbibliotek har bibliotekfagleg utdanning? Nei, seier Nasjonalbiblioteket i høyringsutkastet til endringar i forskrift om godkjenning av yrkeskvalifikasjonar. Difor må profesjonskravet ut av lov om folkebibliotek, konkluderer landets øvste bibliotekdirektorat.

Bakgrunn

Europakommisjonen la i 2015 fram ein ny strategi for den indre marknaden. Denne skulle bidra til meir vokster og større sysselsetting og investeringar i Europa. I forlenginga av dette blei eit direktiv om prøving av samhøve (forholdsmessighetsprøvingsdirektivet) sett i kraft i EØS-avtalen 1. februar i år. Direktivet skal sørga for at det ved regulering av tilgangen til yrke skal vera samhøve mellom arbeidstakarar sin tilgang til den europeiske arbeidsmarknaden og ålmenta sine behov for fagkunne i tenester.

Engasjert?

Vi ønskjer ordskifte! Send innlegg til ao@bokogbibliotek.no

Bibliotekfeltet er eitt av fagområda som har lover og forskrifter som regulerer kven som er kvalifisert til bestemte stillingar. Alle «bransjar» med tilsvarande krav er bedne om å uttala seg i høyringa –helsepersonell, juristar, lærarar, ingeniørar og ei rekke andre.

Kravet om bibliotekfagleg utdanning for biblioteksjefar er formulert i §§ 5 og 7 i lov om folkebibliotek. Nasjonalbiblioteket konkluderer altså i høyringssvaret sitt med at det nye direktivet om prøving av samhøve må føra til at desse paragrafene i si noverande form blir tekne ut av lov om folkebibliotek.

Krev tydelegare bevis

Svein Arne Tinnesand, avdelingsdirektør for bibliotekutvikling ved Nasjonalbiblioteket.

Ifølge direktør for bibliotekutvikling Svein Arne Tinnesand såg NB det som sitt oppdrag i høyringa å vurdera korleis dei kunne laga ei prøving av samhøvet for å finna ut om biblioteklova gjorde det den skulle etter desse nye krava.

– Det er ingenting i vår statistikk som kunne bevisa så tydeleg som direktivet krev at det er nødvendig med faglærte biblioteksjefar for å driva folkebiblioteka i tråd med formålet som blir formulert i § 1 av biblioteklova, seier han.

– Så då er vår konklusjon at denne endringa i forskrift om godkjenning av yrkeskvalifikasjonar må føra til endring i biblioteklova. Dette er ikkje noko vi meiner eller påstår. Vi konstaterer at om vi skal implementera «forholdsmessighetsprøvingsdirektivet» i norsk lov, så må lov om folkebibliotek endrast.

– Bakveg til endring

– Mildt sagt spesielt! seier leiar i Bibliotekarforbundet (BF) Veronicha Angell Bergli.

Veronicha Angell Bergli. Foto: Ilja C. Hendel

– Nasjonalbiblioteket gjer nærast si eiga samhøvevurdering i høyringssvaret med ein konklusjon som er tydeleg politisk. Heldigvis er reguleringa vedteken av Stortinget og ei endring vil krevja ei lovendring.

Leiar Vidar Lund i Norsk Bibliotekforening (NBF) går langt i å stilla spørsmål ved intensjonane til NB:

– Ei forholdsmessighetsprøving må ein gjera berre om ein vurderer å endra lova. Det er ikkje sånn at ein automatisk må sjå på det. Kan henda får NB eit oppdrag frå departementet om å greia ut seinare, som ein bør med alle lover og reglar. Men det er ikkje automatikk her. Det som eg legg merke til, er at det verkar som NB brukar denne høyringa som brekkstong.

Han understrekar at det er tolkinga til Nasjonalbiblioteket dei er ueinige i, ikkje forskrifta i seg sjølv.

Vidar Lund. Foto: Norsk Bibliotekforening

– Den einaste grunnen til at Bibliotekarforbundet og vi svarte, var at Nasjonalbiblioteket konkluderte som dei gjorde. Prinsippa er uproblematiske: Ja, ein må gjera ei vurdering om kor vidt ein må ha kvalifikasjonskrav. Men NB har gjort ei samhøvevurdering via bakvegen og konkluderer allereie no med at paragrafane i biblioteklova ikkje står seg. Ei slik endring skal eventuelt ut på høyring som eit forslag til lovendring frå Kultur- og likestillingsdepartementet og seinare forskriftshøyring, ikkje i eit høyringssvar til Kunnskapsdepartementet, seier Lund.

Må noko skje?

Vi spør Tinnesand korleis NB grunngjev konklusjonen i høyringssvaret om at det må bli ei endring.

– NBF seier at det kjem aldri til å skje, ergo treng vi ikkje gjera noko. Min tanke er at ein søkar, ein kommune eller ein organisasjon som KS som lurar på noko rundt ein dispensasjon når som helst kan be oss om å føreta ei evaluering av lova opp mot dette direktivet, som frå 1. desember blir ein del av norsk lov. Vi kan ikkje nekta ei vurdering om vi blir bedne om det. Men gjeld dagens lov dersom direktivet blir innarbeidd? spør han retorisk.

– Kva skal til for at §§ 5 og 7 skal bli vurderte for endring?

– Det er Kultur- og likestillingsdepartementet som eig lova, så eg går ut frå at dei vil ta initiativ til det når direktivet blir del av norsk lov. Eg har nemnt det for dei.

– Er dette noko NB jobbar for?

– Vi er nøydde til å jobba med dette dersom Kultur- og likestillingsdepartementet tek eit initiativ til det. Eg reknar med at vi vil bli involverte i prosessen.

Vidar Lund, som er blitt førelagd Tinnesand sine utsegner, dreg andre slutningar.

– Dette er feil, seier han, – Norsk Bibliotekforening meiner at sjølvsagt må ein vurdere kva som er tenlege krav, men det er ingenting i denne forskrifta som pålegg Stortingt å endre folkebiblioteklova.

Dispensasjonar

Kvart fjerde bibliotek som har færre enn fem bibliotekfagleg tilsette har i dag dispensasjon frå kravet om fagutdanna biblioteksjef. Det er Nasjonalbiblioteket som gjev desse dispensasjonane, i tråd med forskrifta til biblioteklova. Dette utgjer til saman 75 kommunar – og altså 75 biblioteksjefar. NB sitt argument er at dette viser at kvalifikasjonskravet ikkje kan grunngjevast ut frå tvingande ålmenne omsyn (noko «forholdsmessighetsprøvingsdirektivet» krev). Biblioteklova sitt føremål blir jo vareteke også i desse 75 kommunane, hevdar NB, noko som viser at kravet om fagutdanna biblioteksjef ikkje kan forsvarast.

Veronicha Angell Bergli er overraska over argumentasjonen.

– Nasjonalbiblioteket påstår at det ikkje er nokon forskjell på bibliotek med og utan bibliotekfagleg kompetanse, det trur eg ikkje noko på, og eg lurar på kva slags data dei legg til grunn. Nokre stadar blir nok drifta god, akkurat som nokre lærarvikarar utan lærarutdanning sikkert er flinke i jobben sin. Og mykje er takk vera god bibliotekfagleg oppfølging frå fylkesbiblioteka. Men at nokre leverer godt, er ikkje eit argument for at utdanninga ikkje tilfører noko eige. Eg er ganske overraska over at Nasjonalbiblioteket synest å meina at bibliotekfagleg kompetanse ikkje er nødvendig i eit bibliotek.

Bergli er også kritisk til NB sin forvalting av dagens dispensasjonsordning.

– Vi har ein institusjon som er sett til å vera ansvarleg myndigheit for ei lovregulering, men som ikkje følger opp lovkravet, for deretter å bruka det som argument for at lovkravet må falla, seier ho og viser til kritikk av NB frå Sivilombodet.

– Kommunar vel å sjå bort frå lovkravet og søker dispensasjon trass i at dei har hatt kvalifiserte søkarar som oppfyller kompetansekravet. Her har vi fleire saker der Nasjonalbiblioteket likevel gjev dispensasjon, seier ho.

Om lova kom i dag

Tinnesand trur ikkje profesjonskravet ville blitt med om biblioteklova hadde blitt vedteken i dag, etter at vi har fått det nye kravet om prøving av samhøve.

– Ikkje i den forma det står no. Då hadde det blitt formulert annleis, seier han og viser til formuleringane i den finske lova som eit mogleg alternativ (sjå ramme).

§ 17 i Finlands Lag om allmänna bibliotek

Kompetens och ledning

Allmänna bibliotek ska ha tillräckligt många anställda med utbildning inom biblioteks- och informationsområdet och tillräckligt många andra anställda. Av den som arbetar med sakkunniguppgifter krävs lämplig högskoleexamen, om inte något annat följer av uppgifternas art.

Av den som leder det kommunala biblioteksväsendet krävs för tjänsten eller uppgiften lämplig högre högskoleexamen, ledarförmåga och god förtrogenhet med bibliotekens uppgifter och verksamhet.

Sverige og Danmark har ikkje tilsvarande krav i sine biblioteklover, fortel Tinnesand.

– Er det ein fordel å ha det?

– Ja, eg trur ein bør ha ei formulering i lova om at det må vera bibliotekfagleg kompetanse på bibliotek.

– Trur du det vil bli færre faglærte biblioteksjefar dersom profesjonskravet i lova forsvinn?

– Nei det trur eg for så vidt ikkje. Eg trur ein framleis bør og kan lysa ut stillingane med dei krava. Det er ikkje noko hinder for at kommunane kan halda fram med det. Eg trur bibliotekarane veit sjølv at dei er dei beste til å jobba i og leia biblioteket. Eg tenkjer det ligg nokså grunnleggande i etoset i det å vera bibliotekar, seier Tinnesand.

Bibliotekarforbundsleiar Veronicha Angell Bergli kjenner seg derimot rimeleg sikker på at profesjonskravet ville blitt med om biblioteklova hadde blitt vedteken i dag.

Bibliotekarforbundet si sak på eiga nettside om Nasjonalbiblioteket si vurdering rundt endring av profesjonskravet.

– Slik eg les direktivet klarar eg ikkje sjå noko hinder for ei slik regulering. Lovreguleringa opnar for at tilsvarande utanlandsk utdanning kvalifiserer, og er sånn sett ikkje diskriminerande overfor EØS-borgarar. Sosialpolitiske og kulturpolitiske mål er definerte som «tvingende allmenne hensyn». Om Stortinget meiner at bibliotekkompetanse er viktig å ha i kommunane for å oppnå biblioteklova sin formålsparagraf, for beredskap eller for berekraft, er dette sosialpolitiske og kulturpolitiske mål. Dette er det opp til Stortinget å definera og vedta, ikkje Nasjonalbiblioteket. Og Stortinget har tidlegare, etter tilråding frå departementet og med støtte i ein brei høyringsrunde, landa på at bibliotekarkompetansen er viktig for måloppnåinga, seier Bergli. •

Powered by Labrador CMS