USA:

Først avsette styret biblioteksjefen. Så sparka dei fire tilsette som stengte dørene i protest

Styret for Autauga-Prattville offentlege bibliotek i Alabama stemte torsdag 14. mars for å gje biblioteksjef Andrew Foster sparken. Avgjerda kom etter strid om plassering av bøker som tematiserer kjønn og seksualitet.

Konflikt: Adrienne Barringer ved Autauga-Prattville Public Library i Alabama stengte døra for lånarar i protest mot oppseiinga av biblioteksjefen. Litt etter sto endå fire tilsette utan jobb.
Publisert Sist oppdatert

Som forklaring leverte styreleiar Ray Boles ei skriftleg fråsegn til media.

– Ingen vil snakka til media ut over den skriftlege fråsegna, sa ho ifølge ei sak på nettsida til den uavhengige nyhendetenesta Alabama Reflector 15. mars.

Med avsettinga av Foster tok styret den årelange konflikten ved biblioteket til nye høgder. 

Ifølgje direktøren sine støttespelarar var oppseiinga ei gjengjelding fordi Foster har stilt spørsmål ved styret sin nye bokpolitikk.

Kjønnsord

Kampen over biblioteket begynte i fjor då ein forelder lånte ei bok frå barneavdelinga utan å veta at den inneheldt pronomen utover mannleg og kvinneleg. Mora uttrykte bekymringar over at samlinga inneheldt slikt materiale og begynte å klaga til andre foreldre. 

Kontroversen eskalerte då likesinna foreldre begynte å finna andre bøker dei hevda var seksuelt eksplisitte. Dei danna ei gruppe, Clean Up Alabama, og deltok i fylkes- og byrådsmøter der dei las opp passasjar frå materiale dei meinte var upassande.

Motgruppa Read Freely Alabama har òg delteke på møter og snakka med offentlege tenestepersonar i håp om å overtala dei til å behalda bøkene på hyllene.

– Vi kan ikkje sjå ein annan veg når det tydeleg ser ut til å vera gjengjelding, sa Angie Hayden frå Read Freely Alabama torsdag. – Vi ber om gjeninnsetting av Andrew Foster, og at by- og fylkesadvokatane gjennomgår og etterforskar hendingane som har ført oss hit, siterer Alabama Reflector.

113 titlar

Styreleiar Ray Boles og nestleiar Rachel Daniels gav for ei tid tilbake den no oppsagte biblioteksjefen ei liste på 113 titlar, med beskjed om å flytta dei til vaksenavdelinga og merka dei for vakseninnhald. Dette fortalde Alabama Political Reporter 11. mars. Foster har gjennom e-postutvekslingar og møter med styret bede om klargjeringar rundt kvifor nett desse bøkene skulle flyttast og kva for kriterium som ligg til grunn for utvalet. 

Han har også stilt spørsmål ved enkelte styrelemer sine formuleringar om «luking» i staden for omklassifisering og flytting.

Saka i Alabama Political Reporter 11. mars var utslagsgjevande for at styret vedtok å seia opp Foster, då han etter eit innsynskrav frå avisa leverte e-postar og anna frå seg som styret hevdar var konfidensielle. Avisa siterte dokument som viste at Foster kjempa mot styret si liste over bøker som skulle vera forbodne for born.

– Eit bibliotek handlar om open informasjon, sa Foster ifølje AL.com. – Styret likte ikkje at den informasjonen gav dei eit dårleg rykte.

Nytt styre – ny plassering

Den 8. februar vedtok styret omfattande endringar i retningslinjene, i sær utvalskriteria, der det no står at biblioteket skal ikkje kjøpa eller på anna måte skaffa seg noko materiale for brukarar i alderen 17 år og under som inneheld innhald – inkludert, men ikkje avgrensa til – uanstendigheit, seksuell åtferd, seksuell omgang, seksuell legning, kjønnsidentitet eller kjønnsdiskordans.

Endringa i retningslinene blei gjennomført på det første møtet til det nye styret, etter at Clean Up Alabama med støtte frå eit fylkesutval som sympatiserte med saka deira klarte å få fleirtal i styret, skriv Alabama Reflector. 

– Foster har ikkje gjort noko gale, seier Angie Hayden frå gruppa Read Freely Alabama.

– Eg trur dei har sikta seg inn på han sidan dei tok over fordi dei veit at det dei vil oppnå ikkje kan gjennomførast med ein biblioteksjef som følgjer etikken og lovane for bibliotekdrift.

Fire oppseiingar til

Styret sa også opp fire andre tilsette ved Autauga-Prattville offentlege bibliotek, etter at dei stengde biblioteket for lånarar i protest mot oppseiinga av Andrew Foster, rapportert nyhendenettsida AL.com 14. mars. 

Ein tilsett kjempa mot tårer då ho stod opp for sin tidlegare sjef:

– Han har kjempa så hardt for at bibliotek skal vera bibliotek, for at folk skal ha tilgang til informasjon og for at foreldre skal oppdra sine eigne barn. Vi vil ikkje stå for dette, sa bibliotekarbeidaren Adrienne Barringer, som ifølje nettsida til biblioteket jobbar i barneavdelinga.

Bok & bibliotek kjenner ikkje til om Barringer er ei av dei som har mista jobben. Men ifølje eit nyhendebrev frå EveryLibrary var det altså totalt fire oppseiingar til etter Foster.

«We Are Open», står det å lesa på nettsidene til Autauga-Prattville Public Library måndag 18. mars. 

Powered by Labrador CMS