Lovnad: Frå scenen i Haugesund under Bibliotekmøtet 2024 fortalde kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery at leselyststrategien kjem før sommaren.

Kulturministeren på Bibliotekmøtet

Lovar leselyststrategi før sommaren

Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery takkar biblioteket for at ho er blitt statsråd, det fortalde ho då Bok & bibliotek møtte henne under bibliotekmøtet 2024 i Haugesund sist fredag.

Publisert Sist oppdatert

Vi møter kulturministeren etter at ho har gjeve dei nær 300 bibliotekmøtedeltakarane ein lovnad om ferdig leselyststrategi før sommaren.

– Det kjem ein leselyststrategi snart, sa du?

– Ja, det sa eg. Den kjem før sommaren, er planen min.

Som så ofte elles blei namnet på strategien problematisert også under panelsamtalen i forkant av intervjuet.

– Eg høyrer kva folk seier, lesestrategi … leselyststrategi. Det er begge delar, på ein måte. Det er ein strategi ikkje berre for å få fleire til å lesa, men òg for at dei skal få ei glede. Du treng ikkje alltid å ha lyst. Det er viktig at ein les. Det er noko du blir takksam for når du blir gamal, slik som oss. At du faktisk gjorde det. For det vil forma deg. Men det å kunne halda oppe leselysta og ha den i botnen som ein god verdi, at du er glad i å lesa – det trur eg er det viktigaste, seier Jaffery.

– Ein blir fylt av ei takksemd for at ein les, fordi ein blir klokare eller ser nye perspektiv som ein elles ikkje hadde fått ta del i.

Takkar biblioteka

Det er biblioteka og bibliotekarane og litteraturen som på mange måtar gjer at Lubna Jaffery er kultur- og likestillingsminister i Noreg, seier ho sjølv.

– Fordi eg har fått dei moglegheitene som ein kanskje tek for gitt: det å vere ein del av eit demokratisk samfunn, det å tileigne seg kunnskap, det å vere med på like fot med alle andre.

– Vi er no i ei tid der leseferdigheitene går ned i det høgt utvikla samfunnet vårt. Tenkjer du at du har ein enklare eller vanskelegare jobb enn forgjengarane dine?

– Eg tenkjer at eg har andre utfordringar enn det forgjengarane mine har hatt. Det vil dei som kjem etter meg, òg ha. Det er ein grunn til at vi har politikarar og demokrati, for vi ønskjer å koma oss vidare. Så eg må bruka den makta eg har, til å gjera noko med det.

Men kulturministeren understrekar at ho ikkje har tru på ei rask løysing på dette som mange kallar ei lesekrise.

– Kva er grunnen til at born og unge les dårlegare? Er det skulen, eller er det ting som ligg utanfor skulen? Er det foreldra sitt ansvar at borna les lite eller dårleg? Dette er eit vanskeleg spørsmål, men eg trur ikkje eg har det vanskelegare. Verda går alltid framover. Og vi har så mange moglegheiter til å hjelpa oss med mange problemstillingar vi tidlegare ikkje har hatt hjelp til. Og så må eg gjere så godt eg kan på mi vakt.

Folkeopplysning og aviser

– Kva tenkjer du når eg seier ordet folkeopplysning?

– Då tenkjer eg på programmet til Andreas Wahl, ler ho.

– Det er ikkje berre det eg tenkjer på. Eg tenkjer på bibliotek, for eksempel. Eg tenkjer på reklamekampanjar frå Helsedirektoratet. Eg tenkjer på allmenne fakta som vi tenkjer er allmenn folkeopplysning: korleis du skal opptre i ulike situasjonar, korleis du skal te deg i visse settingar.

– Du nemnde bibliotek. Kva tenkjer du er rolla til biblioteka i det med folkeopplysning?

– Det at biblioteka er ein demokratisk institusjon, der du berre kan kome inn, og at det er gratis og tilgjengeleg. At det er færre som låner bøker, det er ikkje så viktig. For mange les avisa der inne. Det er ein del av den demokratiske samtalen at avisa er tilgjengeleg. Det at ein formidlar litteratur på biblioteket, at ein kan kome tett på forfattarar, det er ein del av den biten. Biblioteka våre er jo hjørnesteinar i demokratiet vårt som har vore ein viktig del frå etter krigen – at vi skal ha folkebibliotek i Noreg. Eg tenkjer absolutt at folkebiblioteket er ein del av folkeopplysninga vår.

Litteraturhus og lydbøker

– Du nemnde også bibliotekstrategien frå i fjor haust, som er viktig og har blitt forlenga. Kva tenkjer du er det viktigaste av tiltaka og tankane i den?

– No spør du godt, for den strategien er viktig. Spesielt formidlingsbiten. Det at ein gir biblioteka moglegheit og rom for å formidle litteratur. Og at vi på mange måtar slår fast at det er biblioteka som er litteraturhusa i Noreg. At det er dei som er kulturhusa, og at dei tek den plassen i samfunnet. Det synest eg er den viktigaste delen av strategien.

– Om fem år, om vi seier det, trur du då norske folkebibliotek vil ha eit lydbokutlån med ein fungerande eksemplarmodell?

– Det håpar eg, ler ho. – No veit eg at den delen av boklova er ein også utolmodig til, men Stortinget har sagt at ein må gjere ei utgreiing og få dette til å funka. Lydbøker er jo også lesing, sjølv om ein høyrer på dei som les.

– Så om vi berre tenkjer fem år fram, så kanskje …

– Kanskje det kan gå endå raskare òg.

– Då satsar vi på at du jobbar for det.

– Ja, det skal eg gjera.

Powered by Labrador CMS