Biblioteket i Babel

. i kategorien Nr. 1 - 2012

kommentar-11Eg kan ikkje hugse sist eg var innom folkebiblioteket i Sogndal, bygdebyen langt inne i Sognefjorden, der eg har budd i over 30 år. Det er ikkje fordi biblioteket i heimkommunen min er spesielt dårleg. Eg trur ikkje det er spesielt spennande, heller. Nei. Det heile har sin enkle grunn: eg har ikkje noko ærend på biblioteket. Biblioteket er for meg, og mange andre, i ferd med verte slik som posten og banken; institusjonane er her framleis, men vi brukar dei sjeldan. Hugsar forresten nokon dei gamle telefonsentralane?

Av FoU-direktør Georg Arnestad, Høgskolen i Sogn og Fjordane

Eg har langt fleire bøker heime enn eg nokon gong vinn å lese. Litteratur av alle slag og sjangrar. Fleire leksikon. Men i dag er det Wikipedia som gjeld. Som så mange av min generasjon, har eg likevel ikkje hjarte til å kaste ei einaste bok. Men det vert nok ein tur til Bokbyen i Fjærland til sommaren. Her tek dei enn så lenge imot det meste. Om nokre år vert kanskje bokbyane eit alternativ til biblioteket i Babel, der alle bøker og all menneskeleg kunnskap fanst, men ikkje var mogleg å få tak i.

Dei nye bøkene eg treng eller har lyst på, kjøper eg på nettet. I inn- og utland. Bokhandlaren i Sogndal vitjar eg to gonger for året, begge gongene i juleveka. Bøker er framleis ei god og enkel julegåve. Men eg observerer, med eit visst vemod, at O.J. Skjeldestad Bokhandel, eller Libris Skjeldestad som han lenge har heitt, vert stadig mindre bokhandel og meir og meir gåvebutikk med kontorrekvisita. Eg les òg av rekneskapen at omsetninga går nedover og at driftsmarginen er låg, sjølv om Skjeldestad i Sogndal ligg godt over landsgjennomsnittet. Bokhandel er inga kjelde til rikdom.

I motsetning til dei kommunalt eigde og drivne folkebiblioteka, er bokhandlane privateigde. Strukturendringane på 1990-talet førte til at så å seie alle bokhandlane i Noreg vart ein del av større kjeder. Per 1. januar 2010 hadde dei sju kjedene i landet 654 utsalsstader, ein nedgang på 10 sidan 2008. Undersøkingar som Bokhandlarforeininga har gjort, viser at 61 prosent av dei som kjøpte bøker i 2011, kjøpte si siste bok i ein bokhandel. Berre 15 prosent hadde kjøpt siste bok på nettet. Tilsvarande tal for 2010 var 64 og 11 prosent. Eg er redd tala vil endre seg radikalt dei nærmaste åra.

Den siste norske kulturbruksundersøkinga, frå 2008, viser at folkebiblioteket held stand som eit godt besøkt kulturtilbod. I 2008 hadde 51 prosent av oss besøkt eit folkebibliotek siste året. Andelen var 54 i 2004 og 52 i år 2000. Gjennomsnittleg tal på besøk var 5,5 i 2008, 6 i 2004 og 5 i år 2000. Statistikken viser ingen alarmerande tal. I det heile, norsk kulturbruk har vist seg svært så stabil på 2000-talet. Men om besøkstalet held seg oppe, enn så lenge, går talet på norske bibliotekavdelingar jamt nedover, og bibliotekbudsjetta vert stadig strammare.

Og snart kjem jordskjelvet, med e-boka. Kor stort utslag det vil gi seg på Richters skala, veit ingen. Men det er all grunn til å ta sine forholdsreglar og vere budd på det som kjem. Distribusjonsleddet i kulturlivet vert sterkast råka av overgangen frå analoge til digitale media. E-boka er no på full fart inn, ikkje berre som eit supplement til papirboka, men som eit høgst reelt alternativ, sjølv om e-boka enno er så ny at ho ikkje er fanga opp som ein kategori i kultur- og bransjestatistikken. Og i den regulerte norske bokbransjen vert e-boka møtt med same skepsis som glasfiberskia og V-stilen blei det av norske skileiarar.

E-boka vil etter alt å døme bety slutten for ei rekkje norske bokhandlarar. Det er ingen tragedie. Bøkene skaffar vi oss uansett, utan fordyrande mellomledd. Kjedeeigarane, det vil seie forlaga, har halde seg for nasen av den illeluktande e-boka. Deira eige alternativ, Bokskya, vert karakterisert som verre enn ingenting. Det minner meg sterkt om treskia som norske skiprodusentar heldt fast ved til langt ut på 1970-talet. Men forbrukarane går sine eigne vegar. Vi skaffar oss våre nettbrett der vi sjølve vil. Vi vil ikkje vente på at bakstreverske norske forleggjarar skal gi oss ei ny treski. Digitaliseringa av kulturlivet har styrkt konsumentmakta og redusert makta til produsentane.

Men e-boka vil ikkje utslette folkebiblioteket. Det vil leve vidare. For folkebiblioteket er langt meir enn ein stad der ein går for å låne bøker og lese aviser. Det er ein møteplass fri for kommersielle påverknader, med gratis informasjon og materiale av mange slag. Biblioteket er vår aller mest kulturdemokratiske institusjon. Den medierevolusjonen som e-boka representerer, vil sjølvsagt utfordre biblioteket, men vil aldri ta knekken på folkebiblioteket som ein djupt forankra kulturell institusjon.

Det er mot ein slik bakgrunn eg er svært skeptisk til den oppskrift dei tre danske bibliotekforskarane kjem med i sin artikkel i dette nummer av Bok og Bibliotek for å utvikle biblioteka. I det danske perspektivet som går fram av denne artikkelen, har folkebiblioteket berre éin funksjon; å inngå som ein del av den moderne og kreative byutvikling basert på oppleving og innovasjon. Ikkje med eitt einaste ord nemner forskarane bibliotekets opplysande, dannande og demokratiske funksjon. Og legg merke til at ordet ”bok” ikkje er nemnt ein einaste gong i artikkelen. Det er ikkje mindre enn oppsiktsvekkjande.

I ”Biblioteket i Babel,” slik Jorge Luis Borges skildrar det i si berømte novelle, var all verdens kunnskap samla. Men det var ikkje mogleg å få tak i kunnskapen. I det bokfrie og føretaksdrivne folkebiblioteket, slik dei danske forskarane skildrar det, er det endå verre: Her kan du få tak i alt. Men ingenting finst.


Legg til kommentar


Sikkerhetskode
Vis ny kode