Folkebiblioteket som ikkje kasserte lyrikken

. i kategorien Nr. 2 - 2014

 

56-Arild-NyquistI heimbygda til Olav H. Hauge har folkebiblioteket ikkje kasta éi einaste lyrikksamling sidan 1965. Den unike lyrikksamlinga er på rundt 5.000 bøker. Det kunne lett ha gått annleis.

Av Georg Arnestad, seniorrådgjevar og kulturforskar ved Høgskolen i Sogn og Fjordane

Våren 1969 kom sjefsbibliotekar Thorstein Berg Larsen ved Sentralbiblioteket i Tromsø med «en bredside mot den automatiske innkjøpsordningen for litteratur til bibliotekene» (VG 4.3.69). Han seier mellom anna at det er ein fare for at «Kulturfondets spesielle innbinding og symbol vil bli et mindreverdsstempel på litteraturen». I følgje bibliotekdirektør Andreas Andreassen er dette «et vanlig syn i bibliotekkretser.» «Denne uttalelsen burde gi grunn til ettertanke,» skriv VG strengt, og konstaterer at biblioteka er betenkte over «et stort antall kulturelt sett likegyldige og litterært sett underlødige titler som automatisk innkjøpsordning medfører.»

Det striden stod om, var den nye lyrikken. Lyrikken som fram til innkjøpsordninga for ny norsk skjønnlitteratur kom i 1965, levde under tronge kår, fekk ei blømingstid frå slutten av1960-åra. Men norske lyrikarar skreiv ikkje lenger som Wildenvey. Dagens dikt var ikkje det dei ein gong hadde vore. Dei var modernistiske, rimfrie og eksperimenterande.

     Det small for alvor i 1972. Då gav Arild Nyquist ut si første diktsamling, Nå er det jul igjen og andre dikt. Titteldiktet er «en eneste lang lystharselas med den norske julaftens små, corny begivenheter i sentrum, i et (anno 1972) aldeles antipoetisk skrift med lette barnerim og uendelige gjentagelser av «Nå er det jul igjen», skreiv Morgenbladet i 2005, det året Nyquist døydde.

«Fei vekk søppelet» var kravet på førstesida i VG i november 1972, og kritikaren Bjørg Jønsson ville ha diktar Arild steina av det norske kulturliv. VG «køyrde» dette «julediktet» heilt til Stortinget. Det vart debatt om innkjøpsordninga i Stortinget 12. desember 1972, der Jacob Aano (KrF) sto i spissen for kritikken, støtta av fleire andre. Slikt skulle ikkje staten bruke pengar til. Den einaste som konsekvent forsvarte ordninga, var Einar Førde, heiter det i referatet i Aftenposten dagen etter. Og så inviterte fjernsynet med Kjell Arnljot Vig til debatt mellom Bjørg Jønsson og Ebba Haslund, som sjølvsagt forsvarte lyrikken frå start til slutt.

     VG var forresten ikkje aleine. Venstreavisa Bergens Tidende (BT) formulerte seg slik på leiarplass denne hausten: «Statsstøtte til en forsøpling av litteraturen, som allerede nå er i ferd med å bringe denne kunstart i et slikt vanry, at også kvalitet og talent blir tilføyet ubotelig skade i folks omdømme.»

Det har ofte vorte sagt at diktet «Nå er det jul igjen» vart lese opp frå Stortingets talarstol, til skrekk og åtvaring, under debatten om innkjøpsordningane. Dette vert ikkje stadfesta av kjeldene. Lars Roar Langslet var den som først i debatten refererte til sjølve diktet, medan Jacob Aano kritisk las opp resolusjonen der Norsk forfattersentrum samrøystes fordømte kritikken av «Nå er det jul igjen». Men inga diktopplesing i stortingssalen. Kanskje skjedde det i vandresalen?

     Uansett. Noka positiv oppleving var ikkje dette for diktar Arild: «Det er tyve år siden og det var ikke noe gøy. Det var helt jævlig, jeg fikk så mye dritt i posten at jeg så vidt kunne stå. Jeg turde ikke gå ut av huset før jeg hadde drukket to kopper stupøl, jeg var livredd for å få en stein i hodet når som helst,» sa han til BT i 1993.

     Men lyrikkstormarane i VG, BT og Stortinget vann ikkje fram. Litteratureksperimenta gjekk sin gong. Dei unge lyrikarane frå siste halvdel av 60-talet tok etter kvart plass i det norske litterære parnasset. Arild Nyquist vart folkediktar. Lyrikken blømde.

I åra 1966-96 kom det ut vel 3.200 diktsamlingar i Noreg, dvs. rundt 100 i året, skriv Ottar Grepstad i Nynorsk faktaårbok 2005. Ein tredel av bøkene var på nynorsk. I dag er det årlege talet noko mindre. Dei fleste lyrikksamlingane er kjøpte inn av Kulturrådet og distribuerte til (lett) motvillege ­norske­ folkebibliotek. Kasseringsbølgja som har råka bibliotekvesenet dei seinare åra, har likevel ført til at dei fleste bibliotek har kvitta seg med mesteparten av dei rundt 5.000 lyrikksamlingane som har kome ut sidan innkjøpsordninga vart innført. I Nasjonalbiblioteket i Mo i Rana finn du dei alle.

     Det gjer du også i folkebiblioteket i poesibygda Ulvik i Hardanger. I heimbygda til Olav H. Hauge har biblioteket ikkje kasta éi einaste lyrikksamling sidan1965, heller ikkje etter at diktaren døydde i 1994. I boktitlar dreier den unike lyrikksamlinga seg om fleire tusen bøker. Ho utgjer i alt 22 hyllemeter.

     Torsdag 4. september i år opnar Olav H. Hauge-senteret i Ulvik. Senteret vil då presentere eit komplett tilbod, med ei flunkande ny basisutstilling om Olav H. Hauge sitt liv og verk, saman med mange former for lyrikk på tvers av språkgrenser. Det nye senteret inneheld også heile boksamlinga til Olav H. Hauge som tel 6.237 eksemplar

     I tillegg vil det nye senteret også innehalde den store samlinga som Ulvik folkebibliotek har bygt opp dei siste 50 åra, med meir enn 5.000 norske lyrikksamlingar. Det er folkebiblioteket som ønskjer det slik. Og Hauge-senteret stiller seg sjølvsagt positiv til å låne denne unike samlinga. Då går det nok i orden.

Alle som tek turen til Ulvik tidleg i september, kan i tillegg til Hauge-senteret med si heilt nye Hauge-utstilling og boksamlinga til diktaren, også få med seg eit fantastisk skattkammer av norsk lyrikk. Ikkje noko anna bibliotek i Noreg har ei slik samling. Alt takka vere dei særmerkte norske innkjøpsordningane, Olav H. Hauge og Ulvik folkebibliotek.

     Olav H. Hauge-senteret opnar dørene torsdag 4. september. Dagen etter, fredag 5. september, opnar Ulvik Poesifestival. Velkomne til lyriske tidleghaustdagar i vakre Ulvik.

(Artikkelen står på trykk i Bok og Bibliotek nr 2/2014.)

 

 

Legg til kommentar


Sikkerhetskode
Vis ny kode