Kulturutredningar

. i kategorien Nr. 3 - 2011

kommentar-11Ei omfattande norsk kulturutredning er under arbeid. Så langt har ingen brydd seg. La oss håpe at utvalet sprekk. Då kan vi få ein kulturpolitisk debatt på kjøpet.

Av forskningsleiar Georg Arnestad, Høgskulen i Sogn og Fjordane

I Noreg har vi ingen tradisjon for å lage store og omfattande kulturutredningar. Den nye kulturpolitikken på 1970-talet, som norsk kultur- og kunstpolitikk framleis er tufta på, vart utforma gjennom tre stortingsmeldingar utan ei einaste utredning i botnen. Johs. Aanderaa ikkje berre skreiv, men stod òg bak mykje av den kulturpolitiske tenkinga som meldingane kvilte på. I Sverige, derimot, vart det alt på slutten av 60-talet sett i gang arbeid med bandsterke kulturutredningar med firesifra sidetal.

Svenskane har halde på slik sidan. Gong etter gong. Seinast for to år sidan kom det ei ny kulturutredning. Denne gongen låg sidetalet så vidt under 1.000. 918 sider i tre bind. Arbeidet vart utført av eit utval på fem personar, men med eit sekretariat på meir enn 10 personar pluss ei rekkje ekspertar frå ulike departement. Ein av sekretærane, idéhistorikaren David Karlsson, hoppa forresten av etter halvgått løp. I staden skreiv han boka ”En kulturutredning: pengar, konst och politik,” med kloke refleksjonar om svensk kulturpolitikk, og med eit interessant innblikk inn i intriger og faenskap i utredningsarbeidet. Kjøp boka, seier eg. Eller be biblioteket ditt kjøpe ho inn.

No ser det ut som om vi endeleg skal ape etter Sverige også på dette feltet. Det er Anniken Huitfeldt som har teke til vitet; får vi vone, då. For første gong i vårt land er det nemnt opp eit offentleg utval som skal gå gjennom kulturpolitikken i heile si breidde. Rett nok berre for perioden frå 2005; som om landet vårt ikkje hadde nokon kulturpolitikk før den tid. Men utvalet har fått eit så omfattande og mangfaldig mandat at det vert bortimot uråd å lage ei meiningsfull utredning. Eit av dei seks punkta som særskilt skal vurderast, er ”samspillet mellom kulturpolitikken og andre samfunnsområder, herunder helse og omsorg, utdanning, arbeidsliv, integrering og regional utvikling og næringsliv.” Det kan skrivast tjukke bøker om kvart av desse delområda.

Stakkast utvalsleiar Anne Enger, tenkjer eg. Men eg er glad den vanskelege leiarjobben har gått til min favorittkulturminister. Ho er både kulturelt kunnskapsrik og bestemt, med den nødvendige flegma og sjarm, og sidan EU-saka ikkje skal vurderast, har ho heller ingen kjepphestar som kan gjere arbeidet surt og vanskeleg. Noko faenskap blir det vel, uansett. Utvalet, som ber preg av å vere svært så kulturpolitisk korrekt samansett, har òg nokre spennande namn som Marit Eikemo, Martin Revheim og Geir Berdahl. Oppsiktsvekkjande er det likevel at ingen frå vårt fremste kulturpolitiske forskingsmiljø, i Bø i Telemark, har kome med i utvalet. Men professorar på kulturfeltet skal vel helst vere ved Universitetet i Oslo?

Sekretariatet på to personar får uansett ein umenneskeleg skrive- og utgreiingsjobb. Det er umogeleg for ein så liten stab å gi skikkeleg svar på alle spørsmåla i mandatet. Skal ein klare det, trengst eit sekretariat av solid svensk størrelse pluss nokre (departements)ekspertar i tillegg. Maktar du å få dette skikkeleg i hamn, Anne Enger, utan alvorlege konfliktar og samanbrot, får du ei ny stjerne i margen hos meg. Og hentar du inn kunnskap om utviklingstrekk innanfor dei vesentlege kulturfelta frå det gode kulturpolitiske forskingsmiljøet som har vakse fram i Noreg siste 15-20 åra, kan det verte nok ei stjerne.

Det er typisk norsk at ingen så langt har stilt spørsmål ved det omfattande og urealistiske mandatet den første norske kulturutredninga har fått. Oppnemninga av utvalet og utlysinga av (berre) to stillingar til utvalssekretariatet har vekt så å seie null interesse i media. Igjen skil vi oss betydeleg frå grannelandet i aust. Medan den kulturpolitiske debatten hos oss er skrinn og sporadisk, ofte med ein eim av kulturelitisme, er den jamn, utrøytteleg og mangefasettert i Sverige. Ein straum av debattbøker om kulturpolitikk kjem ut. Som antologien ”Framtiden är nu: KulturSverige 2040. Vad vi vet. Vad vi tror. Vad vi vil”. 33 kulturskribentar og -forskarar, mange knytte til kulturobservatoriet SweCult ved Linköpings universitet, trekkjer dei usikre kulturtrådane framover nokre år på felt etter felt. Riksbankens jubileumsfond og Stiftelsen Framtidens kultur har finansiert utgivinga. Det er meg ei gåte at rike Noreg ikkje har slike kulturfond eller stiftelsar.

Kapitlet om biblioteket er skrive av Annina Rabe, kulturjournalist i Svenska Dagbladet, og har fått den vakre tittelen ”Älskade vän”. Folk elskar biblioteket, skriv ho. Kanskje ser mange på biblioteket som ein del av eit Sverige som ”försvinnar mer och mer: ett land där kultur skall vara tillgänglig och gratis för alla. Vem älskar inte ett folkebibliotek?” I Malmös nye The Darling Library er det ”kulturcoacher” og ”mångfaldsfacilitatorer” som gjeld. Bibliotek 2.0 er den nyaste religionen på bibliotekshimmelen ”som förespråkar upplevelsesorientering, möteplatser och ökat låntagarinflytande”. Men Annina Rabe har ikkje mist motet: ”Ibland måste man stå emot tidens vindar för att vara med och forma framtiden.”

Fleire av forfattarane i denne boka finn vi også på Nordens beste blogg og nettstad for kulturpolitisk ordskifte og samtale: kulturpolitik.se. Skeptiske bibliotekar må gjerne klikke seg inn på framsida av bloggen. Her ligg lenkje til ein samtale med det vakre namnet: ”Ett bibliotek är världens finaste plats.” Ikkje lat dykk skræme av namnet ”kulturekonomi.se”. Kvifor har vi forresten ikkje slike kloke bloggar i Noreg?

Ingen av oss veit om den store norske kulturutgreiinga kjem til å seie noko om folkebiblioteka. Eg trur det ikkje. Utvalsmedlemmene er truleg seg sjølve nærmast. For min del vonar eg at utvalet sprekk undervegs i arbeidet, eller at ein av sekretærane melder seg ut. På denne måten kan vi kanskje få i stand ein (kulturpolitisk) debatt som ikkje berre handlar om meir pengar.

Har vi råd med kultur?” var tittelen på debattboka den svenske kulturskribenten Harry Schein skreiv tidleg på 1960-talet. Noreg har i dag råd til mykje kultur. Men kor lenge kan vi klare oss utan at kulturpolitikken også stiller spørsmåla kva, korleis og for kven? Høyrer du meg, Anne Enger?


Legg til kommentar


Sikkerhetskode
Vis ny kode