– Manglande digitalisering kan føre til at kulturarv går tapt

. i kategorien Aktuelt

Aktuelt 11Nasjonalbiblioteket er i god gjenge med omsyn til digitalisering og har digitalisert 88 prosent av samlinga si. På andreplass kjem museumssektoren med 30 prosent. Verstingen er Arkivverket som berre har digitalisert 2 prosent av samlingane.

Trass i målet frå Stortinget om best mogleg tilgang til kulturarv, er størsteparten av samlingane i norske kulturinstitusjonar framleis ikkje digitaliserte. – Konsekvensane av dette er potensielt store. Utan ein digital kopi kan kulturarv gå tapt, seier riksrevisor Per-Kristian Foss. Dokument 3:4 (2016–2017), Riksrevisjonens undersøking av digitalisering av kulturarven, blei levert til Stortinget tidlegare i år.

Stortinget har lagt til grunn at fellesskapen har eit ansvar for å sikre samlingane i arkiv, bibliotek og museum for kommande generasjonar, og å gi folket tilgang til dei. Digitalisering er i stadig større grad ein føresetnad for dette.

NB i god gjenge

Undersøkinga frå Riksrevisjonen viser at det berre er Nasjonalbiblioteket som har ei framdrift som er i tråd med digitaliseringsmeldinga, St.meld. nr. 24 (2008–2009). Nasjonalbiblioteket har digitalisert nesten heile boksamlinga si. I musea er om lag 30 prosent av gjenstandane digitaliserte, og 27 prosent av musea meiner at det vil ta meir enn 20 år å komme à jour. Arkivverket har digitalisert om lag 2 prosent av innhaldet i arkiva sine.

– Framdrifta til no kan ikkje seiast å vere i tråd med Stortinget sitt overordna mål om best mogleg tilgang til mest mogleg kulturarv til flest mogleg, seier riksrevisor Per- Kristian Foss.

Fysisk materiale vil bli utsett for slitasje når det blir brukt, og det er risiko for at det fysiske formatet kan komme til skade eller bli forringa over tid.

– Manglande digitalisering fører også til at kulturarven ikkje blir breitt tilgjengeleg for det norske folket, slik Stortinget ønskjer, konstaterer Foss.

Av materialet som er digitalisert i arkivsektoren og museumssektoren, har brukarane tilgang til berre om lag halvparten på internett. Undersøkinga viser at det hovudsakleg kjem av at registreringane av materialet ikkje er fullstendige. Alle sektorane har til felles at dei i for liten grad driv formidling av det digitale materialet.

Dårleg styring

Kulturdepartementet har ikkje hatt ei aktiv styring av digitaliseringsarbeidet. Digitalisering er lite synleg i styringsdialogen, og det er få spor av at resultat blir vurderte eller følgde opp, meiner riksrevisoren.

– Kulturdepartementet har ikkje følgt opp arbeidet med digitalisering i Arkivverket og museumssektoren godt nok, påpeiker Foss.

Den største utfordringa på arkivområdet er handteringa av digitalt skapt materiale. Arkivverket har i etatsstyringsmøte uttrykt at dei har store utfordringar med dette. Likevel er det få teikn til at departementet har teke initiativ til å løyse problema kring dette i den perioden som er undersøkt.

– Materiale frå tidlegare fasar i historia til elektroniske dokument er ein viktig del av norsk kulturarv som raskt kan gå tapt dersom ikkje noko blir gjort. Det er risiko for at arkiv blir borte for alltid dersom dei ikkje blir konverterte til moderne tekniske løysingar, seier riksrevisoren.

-- Odd Letnes, red.

Resultatet av Riksrevisjonen si undersøking vil bli drøfta på ei konferanse 24. april:

http://www.kulturradet.no/kalender/hendelse/-/digitaliseringsmeldingen-8-ar-etter-200417

 

 

 

Legg til kommentar


Sikkerhetskode
Vis ny kode