Poesislam i Reykjavik

. i kategorien Nr. 3 - 2011

08-reykjavikLitt for stille på biblioteket? Litt for få ungdommar? Gjer som biblioteket i Reykjavik: Arranger poesislam!

Tekst: Frilansjournalist Berit Oksfjellelv

For fjerde år på rad arrangerte bybiblioteket i Reykjavik Poetry Slam for ungdom no i vinter. Arrangementet har etter kvart vorte ein stor suksess, og bibliotekar Úlfhildur Dagsdóttir deler gjerne erfaringane sine med norske bibliotekarar.

 

Kva er Poetry Slam?

Poetry Slam, eller poesislam, som det heiter på norsk,  er moderne skaldskap – ei idrettstevling der det gjeld å framføre dikt (på tid) på best mogleg måte, og der ein jury avgjer kven som er vinnaren. Det er framføringa som tel, og her er element frå teatersport og hip-hop gjerne framtredande. Reglane om kva som er tillete å ha med under framføringa varierer frå arrangør til arrangør, men ein ting er felles: det held ikkje å berre stå og uinspirert lese opp eit dikt! Litt meir fres skal det vere!

Konkurranseforma har sitt utspring i Chicago, der diktaren Marc Smith starta ein opplesingsserie på ein jazzklubb. Framføringane var kunstferdige og vart populære kulturhendingar. 1 1986 gjekk det første konkurransebaserte arrangementet av stabelen, og sidan har konkurranseforma spreidd seg over heile verda. I 2005 begynte Foreningen !les og De norske bokklubbene å arrangere NM i poesislam, og sidan har det vore kåra fleire Noregsvinnarar. På nettsida http://www.poesislam.no/ kan du lese meir om dei norske arrangementa.

 

Fridde til ungdommen

I Reykjavik opplevde bibliotekarane at ungdommane slutta å komme til biblioteket. For å få dei til å komme tilbake igjen, fann dei ut at dei ville arrangere poesislam, og det hjalp! Etter at bibliotekarane hadde hengt opp plakatar og teke kontakt med skulane i området, begynte påmeldingane å strøyme på – det var mange ungdommar som ville prøve seg.

8-10 Ulfhildurdagsdottir-- Vi var litt spente første året, om det kom til å komme nokon, seier Úlfhildur Dagsdóttir (bildet). Ho er litteraturvitar og forfattar og har sidan starten, saman med Kristín Viðarsdóttir, Guðríður Sigurbjörnsdóttir og andre tilsette ved biblioteket i Reykjavik, hatt ansvaret forfor arrangementet Poetry Slam ved bybiblioteket i Reykjavik. – Eit anna spenningsmoment var om vi klarte å setje i hop ein kompetent jury. Vi har ein jury på fem personar, to er frå biblioteket vårt, folk med bakgrunn i litteratur eller musikk, eller med annan relevant utdanning, medan dei tre andre er frå utsida; forfattarar, musikarar, skodespelarar eller andre kulturpersonar. Vi vel helst folk som er godt kjende og verdsett av unge menneske.

--Kva var ideen bak?

-- Ideen var å tilby det offentlege biblioteket som ein møtestad for unge menneske, der dei kunne eksperimentere med tekstar og arrangement, poesi og kreativitet. Håpet vårt er å få biblioteket generelt tilgjenge for ungdommen, ein stad der dei kan føle seg velkomne og finne interessante ting å gjere.

 

Arrangementsreglar

--Korleis går arrangementa føre seg?

-- Vi har kvart år eit tema som blir sendt ut til potensielle deltakarar, ungdommar mellom 14 og 24 år. Vi har hatt tema som spenning, skrekk, sentimentalitet og uavhengigheit. Utifrå årets tema skal deltakarane (maks fem i kvar gruppe) skrive eit dikt og lage ei framføring basert på dette. Framføringa skal ikkje vere meir enn fem minuttar lang. I følgje dei reglane vi har sett opp har deltakarane lov til å bruke hjelpemiddel og effektar som musikk, rap, audio-effektar av ulike slag, bilete (video, lysbilete, lys), dans, teatralske intimkonsertar og rekvisittar.

De tillèt meir enn andre poesislam-arrangørar?

-- Ja, vi bestemte oss i starten for å definere poesislam på ein open og imøtekommande måte. Derfor er ikkje vår poesislam så veldig tradisjonell i forma, vi har elles ikkje så strenge formkrav. Vår definisjon er: poesislam er ei handling der dikt blir framført. Det er ei slags poesi-happening der resitasjonen av diktet er ei scene-handling.

--Men de har nokre andre krav?

-- Diktet må vere på islandsk, dei tekniske forholda må vere så enkle at dei lett og raskt kan ordnast på scena mellom innslaga, og framføringane må ikkje vere støtande på den måten at ein angrip enkeltpersonar eller grupper. Når det gjeld evalueringa så legg juryen 40% av vekta på sjølve teksten, medan 60% dreier seg om framføringa.

 

Proft

-- Arrangementet går føre seg i første etasje, her vi har god plass til både deltakarane og publikum, som etter kvart begynner i bli ganske stort (kvar deltakar har famile og venner med seg, men det er sjølvsagt ope og gratis for alle). Gjennom arrangementet får vi besøk av mange som ikkje elles har bruka å gå på biblioteket, og det har naturlegvis ein positiv effekt for biblioteksdrifta. Vi lagar det litt koseleg med dempa lyssetjing og dekorasjonar, og tek det heile opp på video og fotograferer kvar deltakar. Vi leiger inn ei scene, lydanlegg, lys og ein teknikar, så det blir litt proft.

-- Korleis opplever du deltakarane?

-- Vi er så begeistra for innsatsen til ungdommane som er med! Førestillingane har vore varierte og mangfoldige. Dei unge som er involverte er særs entusiastiske og kreative, framføringane deira er skikkeleg energiske, saftige og originale, og det verkar som ungdommane stortrivst! Dette er ein flott måte for dei å få vist fram talentane sine og bli sett på. Det er òg ein fin og spenstig måte å formidle litteratur på. Skulane og media har dessutan gjeve oss positiv respons. Dei største utfordringane har så langt vore marknadsføringa av arrangementet, men det blir vi betre på år for år! Med unntak av litt dårleg oppslutnad i fjor har dette så langt vore ein suksess. Når deltakarane kjem tilbake år etter år, er vi kjempefornøgde!

-- Og det vankar ikkje berre ære og berømming på vinnaren?

-- Vi kårar tre vinnarar som kvar får anten eit gåvekort eller ein pengepremie.

 

-----

 

Vil du arrangere poesislam?

Kristine Isaksen er prosjektleiar i Foreininga !les, som har organisert NM i poesislam sidan 2005, Ho fortel at norske bibliotek alt har hive seg på trenden:

-- Nesodden bibliotek har organisert to slammar på rad, men skal ikkje arrangere i år. Og Drammensbiblioteket har organisert slam i høve Litteraturuka fleire år på rad. Så det finst bibliotek som har kasta seg på slam, men det må GJERNE bli fleire. Om nokon har lyst til å arrangere delfinale, er me opne for det. Men det er sjølvsagt ikkje slik at alle slammar som skjer, skal vere ein del av NM. Det kan vere lurt å begynne med ein meir uformell ”vårslam”, ”påskeslam” eller kall det akkurat kva du vil.

-- Kva er det viktigaste med poesislam?

-- Slam handlar ikkje om å klovne seg til på scena, men formidle ein tekst som treff publikum. Deltakarane er derfor varierte: skodespelarar, stand-up folk, musikarar og forfattarar. Oftast har ikkje deltakarane publisert noko (enno), og ofte er ungdommar svært flinke til slamming. Den viktigaste personen i ein slam, er kanskje konferansieren. Om ein arrangerer slam for første gong, bør ein derfor hyre ein konferansier som har gjort det før. Det er kanskje mitt heitaste tips!

Isaksen tek gjerne imot spørsmål. Eller direkte med meg på tlf. 22 40 06 00 eller på e-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den..

 


Legg til kommentar


Sikkerhetskode
Vis ny kode