Revolusjonens mor

. i kategorien Aktuelt

Nr_1-2012_Nawal-webForfattaren og feministen Nawal El Saadawi fekk i går Universitetet i Oslos menneskerettighetspris. - Da eg kom heimatt etter at Mubarak var fjerna, var det eit antiklimaks. Eg måtte innsjå at romanen eg til då hadde arbeidd med, var dårleg samanlikna med det vi opplevde under revolusjonen.

Av frilansjournalist Marianne Sunde

- Eg ville tilbake på Tahrir-plassen. Revolusjonen inspirerte meg og gjorde meg enda meir revolusjonær, eg som er ganske revolusjonær frå før, seier Nawal El Saadawi. Ho får ståande ovasjon i Oslo, ho er på si første reise ut av landet etter omveltingane.

El Saadawi er på Frigjerings-plassen den dagen pro-Mubarak demonstrantar rir inn på hestar og kamelar og slær laus på demokratiforkjemparane. Men ho nektar å gje seg:

- Regjeringa og partiet har bestukke bøllar, og har gjeve dei femti pund og ein kylling kvar, for å kome her og slå oss. Mine søner og døtre her er redde, dei ber meg om å gå heimatt. Men eg vil ikkje heimatt! Eg er 80 år, men dersom vi må slåst, er eg klar til å slåst. For det er deira strategi å skreme oss vekk, difor må vi ikkje dra. Vi må bli her og passe plassane våre!

Newsweek-videoen, lagt ut på YouTube, gjekk verda over i februardagane. Gjennom sine bøker har El Saadawi i generasjonar vore den sterkaste kvinnerøysta i den arabiske verda. I Norge er ho kjend for bøkene ”Firdaws-kvinne på nullpunktet” og ”Imamens fall.”

Vi møttest på Bokmessa i Gøteborg sist haust. Hennar sjette bok hadde blitt utgjeven i Sverige ”Den stulna romanen”. Daverande kulturredaktør Stefan Eklund i Svenska Dagbladet skreiv i meldinga: ”El Saadawi har ibland nämnts som en Nobelpriskandidat. Jag tycker det vore ett utmärkt val, hennes texter har en mäktig episk styrka.”

 

Ho er kontroversiell, og får nok aldri Nobelprisen, men hennar popularitet er uomtvisteleg. Det var lange køar for å høyre henne snakke, og ikkje alle kom inn sjølvom bokmessa hadde teke dei største salane i bruk. I El Saadawis forfattarskap er det ein raud tråd at det er den undertrykte som er den sterke. Så også i ”Den stulna romanen” – men det viser seg at det er farleg å vere undertrykt, sterk og kreativ. Romanen har såleis klare likskapstrekk med forfattarens eige liv. Og i røynda vart romanen også stolen, om enn ikke på samme måte som i forteljinga.

- Eg sat på toget mellom Rotterdam og Brussel. I veska mi hadde eg eit påbegynt handskrive manuskript, eg skriv alle mine romanar og bøker på arabisk med penn og papir. Det var difor mange ark i veska mi. Så vart veska mi stolen. Eg måtte skrive alt på nytt, men eg hugsa jo historia, ler ho.

 

Ho har kjempa heile livet. Som ung lege måtte ho gå frå stillinga som direktør for helseutdanning og frå stillinga som redaktør i tidsskriftet ”Helse” etter å ha gjeve ut boka ”Kvinner og Sex”. Ho var den første som brukte si røynsle som lege til å skrive om omskjering av jenter, kravet til jomfrudom, tvangsekteskap og andre tabuemne om den seksuelle undertrykkinga av kvinner. Ho sat i fengsel i tre månader under Sadat, ho har stått på dødslista til islamistiske terroristar, og ho har vore i eksil fleire gongar under Mubarak. Bøkene hennar er blitt brent på bål i Kairo. Ho har i periodar vore nødt til å gje ut bøkene sine i Libanon.

Eg spurde henne i fjor i Gøteborg: - Du har kjempa heile ditt liv. Kva held deg oppe? Ho svara:

 

- Det er håpet, håp er makt. Eg trur at når folk vert opplyste og organiserer seg, vil verda måtte bli betre. Vi lever i ei postkolonial, kapitalistisk og patriarkalsk verd, og vi må stå saman mot undertrykkinga.

Ho vert mint om dette når vi no møtest igjen i Oslo.

- Ja, det er fantastisk at det endeleg skjedde. Eg visste da dei første demonstrasjonane tok til at det aldri ville snu! Slike demonstrasjonar som vi såg i Egypt, har eg aldri før sett, ikkje i heile mitt liv. Og eg er imponert over dei unge som organiserte demonstrasjonane. Kvinner og menn deltok likt. Menn delte maten sin med mødre som hadde små barn. Ikkje ei kvinne vart trakassert. Det var full likestilling og demokrati på Frigjerings-plassen, det var som eit Utopia.

 

Men sinnet kom fort tilbake: - Da militærrådet nedsette ein komité for å revidere grunnlova, vart ikkje ei einaste kvinne invitert med. Halve folket, 40 millionar, som er, og alltid har vore, undertrykt skulle ikkje ha noko å seie i utforminga av det nye Egypt. Vi vart rasande. Men no organiserer vi oss, vi freistar å gjenoppretta Egyptian Women Union som Suzanne Mubarak klarte å øydeleggje med splitt-og-hersk-teknikk. No må egyptiske kvinner stå samla, men vi har også mange menn med oss, fortel ho.

Nawal El Saadawi var Årets Bjørnsonforfatter 2009. Opphaldet i Molde vart ein stopp på vegen heim til Kairo frå USA der ho hadde vore i eksil sidan mars 2007. Eksilet vart eit bilde på hennar dramatiske liv, for det var bokstaveleg eit drama som sende henne i eksil. Ho var i Belgia og fekk vite at politi og fundamentalistar hadde bannlyst skodespelet "Gud trekker seg fra toppmøtet". Politiet hadde møtt opp hos forleggjaren i Kairo, og heile opplaget vart destruert.

- Eg hadde skrive eit skodespel der representantar fra dei tre monoteistiske religionane, jødedommen, kristendommen og islam har eit toppmøte med Gud. Dei viktigaste delegatane til toppmøtet er jødanes profet Moses, Jesus Guds son, profeten Muhammed, og dei tre religionanes far, Abraham. Gud vert så fortvila over korleis menneska på jorda har misforsått han og hans sendebod, at han trekker seg fra toppmøtet.

- Men Gud kan jo ikkje trekke seg, seier El Saadawi sarkastisk. - Fundamentalistane som aksjonerte, og som sette politiet på sporet, krevde at eg måtte fråtakast mitt egyptiske statsborgerskap. Denne gongen opererte fundamentalistar, politi og styresmakter saman. Men eg fekk mykje støtte, både nasjonalt og internasjonalt, vann rettsaka og kunne til sist reise heimatt.

- Det er ikkje første gongen at fundamentalistar rettsforfølgjer deg?

- Nei, i 2001 vart eg skulda for å ha vanæra islam, alt var tatt ut av sin samanhang, og dei freista å tvangsskilje meg og mannen min da dei meinte at ein muslim ikkje kunne vere gift med ein frafallen. Vi fekk støtte då også, og Riksadvokaten trekte til sist saka.

 

Karikaturtegningene av Mohammad. Ho var i 45 år gift med Sherif Hetata (91), også han lege og forfattar som har site i fengsel for sine meiningar. Men den utrettelege kampen, og det siste eksilet, øydela til sist ekteskapet.

- I dine bøker kritiserer du sterkt det religiøse patriarkatet, maktmennene i islam. Men kva synest du om karikaturteikningane av profeten Mohammad?

- Ytringsfridom er grunnleggjande, men fridom og ansvar er uskiljelege.

Det er stor skilnad på å kritisere som romanforfattar og det å kritisere og fornærme andre som er ulik ein sjølv, som tilhøyrer ein annan religion. Konflikta mellom islam og Vesten har ikkje noko med religion å gjere, men politisk og økonomisk maktbruk der religion vert brukt til å løyne dei eigentlege måla. Det er betre for romanforfattarar og kunstnarar å avdekke dei verkelege måla som den dominerande makta har, framfor å gjere dette til ein religionskrig – islam mot kristendom eller andre. Styresmakter i både aust og vest profiterer på at folk vert splitta gjennom religiøse konfliktar. Splitt-og-hersk er prinsippet for all utbytting og kolonialisme.

- Kva tenkjer du om framtida i Egypt, er islamistane eit trugsmål?

- Det som er sikkert er at dersom det egyptiske folket får avgjere, kjem ikkje islamistane til makta. Men det er mange no som prøver å fiske i opprørt hav og vi slit dessutan med restane etter Mubarak-regimet. Det er mykje vi må passe på. Eg har derimot tru på at dei unge som stod bak revolusjonen no veit at dei kan ty til gatene igjen for å få gjennom krava sine. Utgangspunktet er strålande, men vi har ein lang veg å gå, seier Nawal El Saadawi.

 

 


Legg til kommentar


Sikkerhetskode
Vis ny kode