Skulebiblioteket som nøkkel til leseglede og leselyst

. i kategorien Bok og Bibliotek nr. 3 - 2018

 

16 Idun bob3 2018Endeleg er boka om skulebibliotek her – «Skolebibliotek: læring og leseglede i grunnskolen», som er ei handbok for skulebibliotekarar, lærarstudentar, lærarar og rektorar. Bibliotekarstudentar er ikkje eksplisitt nemnd.

Redaktør Line Hjellup har fått med seg professor Joron Pihl, førsteamanuensis Anne Håland og forfattar Arne Svingen som autoritetar lesaren kan bruke til å legitimere sin utrettelege kamp for skulebiblioteket. Gode skulebibliotek fremjar leselyst, hevdar Pihl i det første kapittelet. Der viser ho at lesing er ein viktig føresetnad for læring, utvikling av språkkompetanse og ikkje minst «demokratisk deltakelse i samfunnet» (s. 28). For å fremje elevane si leselyst og fagleg utvikling krev det gode samlingar, kompetent personale og betre og meir samarbeid mellom lærar og bibliotekar. Gjennom dette samarbeidet kan begge profesjonar realisere sitt samfunnsmandat som er å bidra til å auke elevane sine skuleprestasjonar. Pihl peiker spesielt på folkebiblioteket som ein viktig ekstern samarbeidspartnar. Her kan skulebiblioteket få tilgang til meir ressursar både i form av personale, kompetanse og litteraturtilfang. 

Pihl åtvarar mot at biblioteket ender med å bli ei forlenging av klasserommet. Korleis bibliotekaren skal balansere mellom det å bidra til lystlesing samstundes som dei skal jobbe systematisk mot læreplanar, jobbe fageleg og pedagogisk, er blir ikkje diskutert. På bibliotekmøtet, i mars, sa Pihl at spesielt pedagogane treng grunngjevingar som er forankra i vitskaplege studiar. Då blir det litt uklart kvifor Pihl gjentekne gongar viser til ‘internasjonal/nasjonal forsking’ utan å referere til konkret studiar. Til dømes vert det på side 33 fremja ein påstand om at internasjonal forsking viser at samarbeid mellom lærar og bibliotekar aukar læringsutbytte. Seinare vert det hevda at samarbeid med folkebiblioteket styrker leselyst og læring. Held då argumenta som bevis for pedagogar og rektorar?

Rett etter utgjevinga gjekk det ein diskusjon på Facebook-gruppa til skulebibliotekarar i ungdomsskule og vidaregåande skule om nedskjeringar. For at bibliotekaren skal kunne bruke påstandane i møte med skuleleiinga vil det vere ei svakheit i argumenta når ein ikkje kan vise til relevante studiar. Likevel meiner eg at kapittelet kan fungere godt som introduksjonskapittel for både bibliotekar- og lærarstudentar. I tillegg kan bibliotekarar i praksis finne mange gode innspel og argument i arbeidet med handlingsplanar og samarbeid som styrker læringsarbeidet.

Håland – lesestimulering, litteraturformidling eller begge delar?

Anne Håland skildrar skilnaden på lesestimulering og litteraturformidling. Dette kan vere eit svar på korleis ein skal unngå at ‘biblioteket blir ei forlenging av klasserommet’. Lesestimulering handlar om å inspirere til lystlesing. I skulekonteksten forstår ein litteraturformidling som å lese saman og analyser same tekst (-utdrag). Håland gir oss ein kort og god innsikt i skilnaden på begge desse metodikkane på ein god og interessant måte. Håland vender seg ikkje direkte til bibliotekaren, men er meir oppteken av lesing som sådann. Likevel kan bibliotekaren finne mange gode argument på kvifor skulebiblioteket og bibliotekaren kan bidra til å styrke leseferdigheiter. Håland er like oppteken av at lesing skal inspirere til kreativ tenking gjennom å fylle dei «tomme stedene» i teksten (s. 51). Kapittelet er fagleg grundig, og ho deler mange praktiske døme på gode samtalar rundt tekst. 

Arne Svingen – få tak i gutta

Under lanseringa av boka fortalde redaktøren at ho var særs stolt av å ha fått med Svingen på laget sidan han er ein mykje brukt forfattar i skuleverket. Svingen er oppteken av å få gutar til å lese. Det er det lettlesne, hardkokte som når den minst leseglade guten. Han argumenterer for kjønnsdelt undervisning for å få med gutta. Eg vart først provosert av guteperspektivet. Då er det viktig å hugse studien Håland viser til, at det er avgjerande å få dei som ikkje les idet heile teke til å lese. Svingen har mange kjepphestar, til dømes at foreldre må vere forsiktige med å pådytte eigne positive leseopplevingar til born. Det inviterer ikkje til leselyst.

Skulebibliotek – i praksis

Resten av boka er tilsynelatande skriven av redaktøren. Men i kapittel 5 er eg plutseleg inne i ein tekst skriven av andre. Her er det to delkapittel som er ført i pennen av høvesvis Spangereids rektor, Even Tronstad Sagebakken og leiar for Kompetansesenter Sør, Julie K. Nilsen. Rektor er ei viktig stemme og ikkje minst ein døropnar mot andre rektorar og autoritetar. Sagebakken gjentek mykje at Pihls argumentasjon som at det må etablerast ein kultur for lesing, det må setjast av tid og det må vere ei systematikk i leseopplæringa. Dette føreset prioritering, leiarskap og tillit mellom alle partar i skulen. I følgje rektor er det bibliotekassistentane frå 6. og 7. klasse som «holder hjulene i gang». Her saknar eg ein refleksjon rundt kvalifikasjon og om det å tilsetje fleire bibliotekarar, spesielt med tanke på Pihls innlegg om kor viktig kompetanse er.

Nilsen er oppteken av lærande organisasjon og ideen om kollektiv kapasitetsbygging. I praksis betyr det at når «alle drar i same retning» (Fullan, 2014) er det lettare å nå mål som, til dømes, betre leseferdigheiter. Dette er bakgrunnen for at Kompetansesenter Sør har organisert nettverk for bibliotekarar i skule og barnehage. Her kan lesaren hente inspirasjon til og argumentasjon for at bibliotekaren skal vere med i pedagogiske nettverk, både innanfor skulens organisasjon og utanfor.

Hjellup held fram med å formidle sitt engasjement rundt leselyst og leseglede. Ho får fram sin begeistring for litteraturformidling og tilrettelegging for leselyst gjennom sine «10 nøkler for å skape leseglede og leselyst». Poeng som «Slipp alt og les», sats på gutta, smitt med leseglede, «Bad i bøker» er entusiastisk formidla. Vidare er det mange gode forslag til korleis ein kan kommunisere og jobbe med lesing. Bibliotekaren kan ikkje klare jobben åleine og Hjellup viser døme på samarbeidspartnarar som skuleleiing, lærarar og skuleelevar, men òg eksterne som foreldre, barnehage, folkebibliotek og kompetansesentre. 

Kapittel 7 handlar om organisering av skulebiblioteket, den kjedelege biten av jobben? Her handlar det om alt frå rydding, utstillingar og klassifisering. Eg trur ikkje Hjellup liker klassifikasjon. Fleire gongar peiker Hjellup på at organisering av samlinga kan verke som eit hinder for formidling av litteratur. Brukarvenleg organisering av den fysiske samlinga er bibliotekets evige problem. Dewey har ei løysing på det, sjølv om Hjellup meiner det motsette. Mange bibliotek prøver seg med kategorisering for å presentere litteratur tematisk. Biblio’ på Tøyen let ungdommane sjølve gjere det. Andre foreslår å setje same titlar under ulike tema, dei treng ikkje same oppstillingssignatur. Ein slik praksis kan invitere ulike lesarar inn i same bok og kan vere eit svar på det Hjellup peikar på som ei utfordring. 

«Når man får dreisen på bibliotektimen, vil magi oppstå»

Ein måte å ansvarleggjere kontaktlærar og/eller norsklærar er å gje dei ansvar for ‘bibliotektimen’. I den grad det ikkje lukkast kan bibliotekaren «…komme flyvende inn som en reddende fe, analysere situasjonen saman med læreren og foreslå og sette i gang tiltak» (s. 159-160). For å unngå kaos og formållaus vandring i biblioteket må bibliotektimen vere planlagt på førehand og godt strukturert. Lærar og bibliotekar må vere samde i målet for timen. Ein positiv bieffekt av dette samarbeidet kan vere eit læringsfellesskap mellom bibliotekar og lærar og skulebibliotekaren får eit fagmiljø rundt seg. Her vert det litt uklart for meg om Hjellup meiner at bibliotekaren skal overlate all undervisning og opplæring til læraren.

Som eit heile skjemmast boka av mange oppattakingar, spesielt frå kapittel fire og utover. Dette vert spesielt synleg når ein les boka som eit heile. Tema som samarbeid, gutar og lesing, lesenøkkelen, klassifikasjon som hinder for formidling vert omtalt fleire gonger. På den andre sida kan boka fungere som eit oppslagsverk. Dessverre manglar eit stikkordregister som kunne vore nyttig til det formålet. Medforfattarane er ei styrke. Men eg undrar meg over kvifor korkje rektor Sagebakken eller Nilsen, leiar for Kompetansesenter Sør, er ført opp som tydelege bidragsytarar. Ein av målgruppene er rektorar, då bør ein vise dette tydeleg. Viktige bibliotekoppgåver som kjeldekritikk og informasjonssøking manglar heilt i denne boka. Difor vert tittelen noko misvisande, men kanskje dette kan inspirere til ei ny bok? 

Gjennom boka får lesaren gode argumenterer for at systematisk arbeid med lesing på alle trinn, for alle nivå er nøkkelen til suksess. På Spangereid skole har satsinga resultert i betydeleg reduksjon av spesialundervisning. Med sin entusiasme håper eg at dette kan smitte over på andre skuleeigarar slik at dei ser nytten av skulebiblioteket. Fleire av forfattarane viser at aktiv bruk av lovverk og læreplanar vil styrke bibliotekets legitimitet. I dette arbeidet håper eg òg at skulebibliotekaren ikkje mister lystlesinga av syne og gløymer at bibliotekets styrke er å vere noko frikopla frå klasserommets stramme rammer og krav. Så vert det opp til lesaren å balansere desse oppgåvene. 

Gjennom dei teoretiske kapitla og dei meir praktiske døma på korleis ein kan legge til rette for leselyst og leseformidling er det opp til den enkelte bibliotekar å bli smitta av inspirasjon arbeidsglede.

Av Idun Bøyum, høgskulelektor ved OsloMet, storbyuniversitetet

 

Legg til kommentar


Sikkerhetskode
Vis ny kode