Tove Janssons sommarverd

. i kategorien Nr. 4 - 2014

 

48-Tove-Jansson-1967.jpgOkei. Eg får innrømma det først som sist. Eg har aldri lese ei bok av Tove Jansson. Ikkje før no. I ein alder av 35 og eit halvt år.

Ikkje har eg vakse opp med bøkene, ikkje sett særleg nøye på filmane og ikkje eig eg ein kopp med favorittfiguren min frå mummiverda. For kven i all verda skulle det vere? Eg veit ikkje. I alle fall ikkje enno. Gjer dette meg ueigna til å skrive om ei bok av Tove Jansson?

Kanskje. Difor spurte eg tre bibliotekarkollegaer, og i mine auger ekspertar, om dei kunne vere så venlege å fylle inn mine svarte hol. Eg laga ein tråd på Facebook kor eg mellom anna spurte: Kva er det som gjer bøkene til Tove Jansson så fascinierande for deg? Eg fekk fine svar. Den første skriv: Man finner igjen alle persontyper man har møtt - og sider hos seg selv - både de man liker og de man misliker. Og dessuten opprør mot all snusfornuft! Mummimamma sa med kraft: fra nå av skal vi drikke saft. (Istedet for den sunne melka alstå!). Den andre skriv: Jeg tror at noe av det som jeg likte veldig med mummitrollene var at de opplevde så mye, var så frie og ikke minst dette med havet og eventyrene deres der. Fyrhus og oversvømmelser og stamfaren som bodde i en rund høy ovn i mummihuset. Den tredje og siste seier : For meg er Pappaen og havet tidenes oppvekstroman. Den er melankolsk, nådeløst ærlig og opprivende. Samtidig er den vakker og forsonende. Jeg satte meg ned og leste alle Mummibøkene i rekkefølge og oppdaget at Mummitrollet også vokser. Fra de første bøkene med barnlig lek til de siste bøkene der han må stå på egne ben og ta egne avgjørelser. Vidare skriv ho gripande og personleg om den setningen som traff henne midt i magen, 16 år gamal: «Mummitrollet var sjelden alene, men ofte ensom.»

Sommarboken som den heiter på svensk, er ikkje ei bok om Mummitrollet, men ei bok om tre menneske som bur på ei øy. Det var ein sjeldan varm dag då eg opna den for fyrste gong. Eg sat på kafeen til Ringve Museum, med eit glas eplemost som selskap. Etter å ha lese fyrste sidene, fekk eg ei sterk trong til å lukka boka igjen. Her var så mykje. Boka var så innhaldsmetta. Språket så poetisk. Personane så merkverdig nære og godt skildra. Det kjendest overveldande. Eg trur Sommarboken er ei bok eg kunne brukt eit år på lese, sjølv om boka berre er på knappe 160 sider. No har eg lese den litt for fort. Fordi eg ville skrive om den til dette nummeret. Mellom anna for at vi nett har hatt eit 100-års jubileum for forfattaren. Men aller mest fordi boka gjer noko med meg. Eg er gripen.

48-Sommarboken.jpg

Så kva handlar den om? Fleire stader har eg lese at den handlar om sorg. For mora til den vesle jenta Sophia er død. Dette blir så vidt eg har merka meg nemnt i ei setning. Sophias mor er død. Difor har Sophia si eiga seng. Dersom boka handlar om sorg, handlar det om den tause sorga. Den som berre er der, som eit bakteppe som set stemninga. Og kanskje stemmer det at boka handlar om sorg. For eksempel er det ein far her. Men eg får aldri med meg at han seier noko. Ikkje ei setning. Ikkje eit ord. Men eg får med meg med dette - Sophia kommenterer ein stad at ho syns det er så fint at faren arbeidar, for då veit ho at han finst. Bakpå den svenske utgåva står det: «[Sommarboken] är mest av allt en bok om vännskapen mellan en mycket gammal kvinna och en mycket liten flicka.» Dette stemmer, tenkjer eg. Det er ei bok om vennskap, om livet og leiken. Sophia stiller mange vesentlege spørsmål. Og tenkjer vesentlege tankar. Og det er frigjerande at mottakaren til desse tankane og spørsmåla er denne herlege farmora, som ikkje alltid gidd å svare. I alle fall ikkje slik ho burde. Ei som røyker sigarettar i smug, men som ofte gløymer seg ut og røyker framfor barnet. Det hender til og med at det er Sophia som rekk henne fyrstikkene. For dette er eit klokt barn som observerer, slik forfattaren av bøkene til Albert Åberg, Gunilla Bergström, svara når ho vart kritisert for at far til Albert Åberg røyker pipe: «Han är en p-e-r-s-o-n. Jag tycker det er härligt att presentera en människa med fel och brister. Varför skal alla vuxna vara perfekta i barnböckar, när vi inte är det i verkliga livet. Barn ser.» (Bergström 2006)

Og Sophia ser.

Mens eg las boka sette eg inn små merkelappar på vesentlege stader. Det blei 20 lappar. Tjue! Og enno var det sikkert mykje vesentleg eg gløymte å merka. Ein av stadane som eg har lyst å nemna er det kapitlet som heiter «Midsommar.» Det byrjar slik: «Familjen hade en vän som aldrig kom för nära och det var Eriksson.» (Jansson 1972: 66) Ei merkverdig byrjing! Og ein merkverdig mann. Ein veit aldri når han kjem. Men når han kjem, vert han aldri lenge. Og alle lyttar intenst til alt han har å fortelje. Det som likevel gjer aller sterkast inntrykk på meg, er Sophia i møte med Eriksson: «Sophia älskade Eriksson. Han frågade aldrig vad hon gjorde eller hur gammal hon var. Men han hälsade lika allvarsamt på henne som på de andra och sade adjö på samma sätt, med en kort bugning och utan att småle.» (Jansson 1972: 68) Ein annan stad skriv Sophia ei heil avhandling om meitemarkar og andre smådyr. Det vil seie det er farmora som skriv, på kommando frå Sophia. Sophia er nemleg svært opprørt etter at ho kom til å dele ein meitemark i to og denne avhandlinga er ein slags terapi. «Och nu,» sa Sophia og satte sig upp, «nu frågar bakändan: Åt vilket håll ska jag växa ut? Ska jag göra en ny svans eller ska jag göra ett nytt huvud? Och ska jag sen fortsätta med att följa efter och slippa bestämma om viktiga saker eller ska jag vara den som vet allting bättre tills jag sen går av igen?» (Jansson 1972: 132)

Dette er spørsmål ein får tenkja på om ein tek seg tida til å lesa denne vesle perla. Og svara finn ein ikkje. Men det ein finn syns eg baksideteksten igjen talar klokt om: «Tove Jansson skriver klart och osentimentalt om ålderdom och barndom, hennes sommarbok är även i de allvarliga ögonblicken stödd på en varm och glad livskänsla.» Nett slik.

-  Av Oddmund Kårevik, bibliotekar og skribent

Kjelder:

Jansson, Tove (1972): Sommarboken. [Stockholm]: Bonniers

Bergström, Gunilla (2006): Leve pappa Åbergs pipa! Elektronisk kjelde: [http://www.alfons.se/gunilla/ovriga-texter-av-forfattaren/ ] [lesedato 17.08.2014]

 

Legg til kommentar


Sikkerhetskode
Vis ny kode