4,1 millionar utlån

Publisert Sist oppdatert

Fag- og forskingsbiblioteka utførte til saman godt over 4,1 millionar utlån i 2007. Dei fleste låna var lokale lån. Ved utgangen av 2007 forvalta fag- og forskingsbiblioteka nær 50 millionar fysiske einingar.

 

Fag- og forskingsbiblioteka utførte til saman godt over 4,1
millionar utlån i 2007. Dei fleste låna var lokale lån. Ved utgangen av 2007
forvalta fag- og forskingsbiblioteka nær 50 millionar fysiske einingar.

 

88 prosent av dei 4,1 millionar utlåna i fag- og
forskingsbibliotek var lokale lån, medan om lag 482 000 var fjernlån. Det
er universitetsbiblioteka og dei vitskapelege høgskolane som har høgast del
utlån med nærare 2 millionar utlån, litt under halvparten av dei totale utlåna.
Høgskolebiblioteka står for 40 prosent av utlåna. Det er høgskolebiblioteka som
har størst del lokale lån. 93 prosent av dei 1,6 millionar låna ved desse
institusjonane var lokale lån.

 

Samlingane

Bøker og periodika utgjer 41 prosent, eller 20 millionar, av
dei nær 50 millionar fysiske einingane. I tillegg forvaltar fag- og
forskingsbiblioteka nær éin milliard digitale dokument i samlingane sine.

Det er òg universitetsbiblioteka og dei vitskapelege
høgskolane som rår over størstedelen av dei 20 millionar bøkene og periodika i
fag- og forskingsbiblioteka. Desse institusjonane forvaltar nær 52 prosent,
eller 10 millionar, bøker og periodika, medan dei offentlege spesialbiblioteka
forvaltar 3,5 millionar.

Forutan bøker og periodika består dei fysiske einingane av
manuskript, mikroformer, kartografisk materiale, musikaliar, patent og anna
bibliotekmateriale.

Den totale samlinga av digitale dokument auka med 280
millionar dokument siste året og tel ved utgangen av 2007 nær éin milliard
dokument. Dei digitale dokumenta er hovudsakleg samla hos Nasjonalbiblioteket.

 

Flest bibliotekfaglege årsverk

I 2007 vart det utført 1 585 årsverk ved dei 322
bibliotekeiningane som statistikken omfattar. 73 prosent av årsverka var i
bibliotekfaglege stillingar. Dei samla utgiftene for fag- og
forskingsbiblioteka i 2007 var om lag 1,35 milliardar kroner. Ikkje alle
biblioteka førerkostnader til løn i rekneskapane sine, i nokre tilfelle vert
løn dekt av eigarinstitusjonen.

Statistikken over fag- og forskingsbibliotek omfattar 322
bibliotekeiningar i 2007. 72 av desse einingane er knytte til universiteta og
dei vitskapelege høgskolane. Universitetsbiblioteket i Agder, tidlegare
Høgskolen i Agder, er frå 2007 i kategorien universitet og vitskapelege
høgskolar.

 

Tabeller

 

Tabell 1 Fag- og forskingsbibliotek. Hovudtabell. 2007

Tabell 2 Fag- og forskingsbibliotek. Bøker, periodika,
utlån, innlån, utgifter, tilsette og årsverk. 2007

 

Kilde: Statistisk sentralbyrå (SSB) 

 

 

 

Powered by Labrador CMS