Behov for ein ny arkivpolitikk – kommentar til Riksrevisjonens rapport

Publisert Sist oppdatert

Forrige veke vart arkiv nyheitsstoff.
Riksrevisjonen la fram sin rapport om status i arbeidet med å sikre og
tilgjengeleggjere dei kommunale arkiva, ein rapport som dokumenterer at mykje
kommunalt arkivmateriale er dårleg sikra og utilgjengeleg for bruk, og at
Kulturdepartementet og Riksarkivaren har forsømt sine oppgåver på dette feltet.
For underteikna, som har meir enn 20 års fartstid i kommunale
arkivinstitusjonar, er opplysningane om situasjonen for dei kommunale arkiva
gamalt nytt. Det som sjokkerer meg er opplysningane om korleis departementet
systematisk har neglisjert den kommunale arkivsektoren.

 

Av Gudmund Valderhaug




Forrige veke vart arkiv nyheitsstoff.
Riksrevisjonen la fram sin rapport om status i arbeidet med å sikre og
tilgjengeleggjere dei kommunale arkiva, ein rapport som dokumenterer at mykje
kommunalt arkivmateriale er dårleg sikra og utilgjengeleg for bruk, og at
Kulturdepartementet og Riksarkivaren har forsømt sine oppgåver på dette feltet.
For underteikna, som har meir enn 20 års fartstid i kommunale
arkivinstitusjonar, er opplysningane om situasjonen for dei kommunale arkiva
gamalt nytt. Det som sjokkerer meg er opplysningane om korleis departementet
systematisk har neglisjert den kommunale arkivsektoren.

    At situasjonen for kommunearkiva er
kritisk vart faktisk dokumentert i «Til kildene!», rapporten frå ABM-utviklings
arkivkartlegging, som vart utgitt i 2007. Arkivkartlegginga var utført på
oppdrag frå kulturdepartementet. Rapporten vart lagt fram for departementet,
som altså må ha kjent til forholda. Likevel viser Riksrevisjonens rapport at
(1) «utfordringene i kommunal arkivsektor i liten grad har blitt diskutert i
styringsdialogen mellom departementet og Arkivverket», (2) at departementet (1)
«ikke [har] etterspurt informasjon fra Arkivverket om tilstanden i kommunal
arkivsektor», (2) «ikke beskrevet noen formelle rapporteringskrav for Arkivverkets
arbeid overfor kommunal sektor for å bidra til å nå den overordnede
målsettingen om å bevare og gjøre den elektroniske kulturarven tilgjengelig»
(s. 76). Arkivverket har på si side «i liten grad» rapportert om status i
kommunal arkivsektor, og den rapporteringa som har funne stad har «i liten grad
egnet til å belyse om de overordnede målsettingene for arkivområdet oppnås
overfor kommunal arkivsektor» (s.s.).

 

Den viktigaste informasjonen i
Riksrevisjonens rapport er dokumentasjonen av departementets neglisjering av
kommunale arkivspørsmål. Denne neglisjeringa er symptomatisk for statleg
arkivpolitikk, som har bygd på eit grunnleggjande premiss, som også er nedfelt
i arkivlovgivinga: Bevaring av arkiv skal vere eit forvaltningsansvar; det er
statens ansvar å bevare statens arkiv, eit kommunalt ansvar å bevare kommunale
arkiv og følgjeleg eit privat ansvar å bevare private arkiv.

    Årsakene til denne arkivpolitikken er
fleire og samansette. Ei årsak er nok at departementet heng fast i ei avlegs
administrativ-juridisk arkivforståing, som legg einsidig vekt på arkiva sin
funksjon som dokumentasjon av arkivskaparens handlingar og transaksjonar. Ei
slik arkivforståing overser den samfunnsmessige karakteren til arkivskapinga,
der arkiv blir skapt som følgje av samhandling mellom ulike samfunnsaktørar.
Desse aktørane – arkivskaparane – kan ha ulike behov for å dokumentere
samhandlinga og gjer dette på forskjellige måtar.

    Samtidig er både samhandlinga og
arkiveringa prega av maktforholda i samfunnet. Visse samhandlingsrelasjonar
byggjer på ein føresetnad om at den eine parten dokumenterer samhandlinga i
sitt arkiv. Dette gjeld særleg forhold mellom private rettssubjekt og
offentlege instansar, der lovverket har pålagt det offentlege arkivplikt og
gitt den private parten rett til å kontrollere dokumentasjonen gjennom
partsinnsynet. I slike tilfelle kan den eine aktøren gå ut frå at den andre
parten dokumenterer forholdet og bevarer dokumentasjonen i samsvar med
gjeldande lov- og regelverk. I dei fleste andre tilfelle er det slik at
aktørane sjølv må velje om dei vil dokumentere samhandlinga som arkiv. Nokre av
desse arkiva vil vere flyktige, andre kan vere meir bestandige, og dei vil
kunne fortelje forskjellige versjonar av det som skjedde i ein gitt samhandlingsprosess.

    Dei utallege arkiva som blir skapt av dei
ulike samfunnsaktørane kan i prinsippet gi eit allsidig bilete av
samfunnsutviklinga. Dersom den bevarte arkivbestanden skal gjere dette, føreset
det ei systematisk innsamling av representative arkiv frå privatpersonar,
organisasjonar, private bedrifter og offentlege organ, arkiv som kan formidle
dei ulike aktøranes versjonar av ei handling, hending eller oppleving. Ei slik
arkivforståing, som ser offentlege og private arkiv som integrerte delar av eit
felles samfunnsmessig minne, vil innebere ein heilt annan arkivpolitikk enn den
vi har i dag.

 

Den rådande arkivpolitikken er openbart
også prega av kulturdepartementet er Arkivverkets føresette, som representerer
staten som «eigar». Fram til 1980 var det norske arkivlandskapet i praksis
synonymt med det statlege Arkivverket, og det var knapt nokon grunn til at
arkivpolitikken skulle omfatte noko meir. Men dei siste tretti åra har det
vakse fram eit arkivmiljø utanfor Arkivverket, i første rekkje i kommunal
sektor. Dei interkommunale arkiva, byarkiva og fylkesarkiva har utvikla seg til
ei sjølvstendig dynamisk kraft i arkivlandskapet. Dette har ikkje blitt
premissgivande for dei arkivpolitiske vurderingane i kulturdepartementet. Den
siste – og einaste – arkivutredninga, Samtidens arkiver – fremtidens
kildegrunnlag (NOU 1987:35), vart skriven før dette nye arkivmiljøet hadde
konsolidert seg og behandla difor i liten grad det kommunale arkivområdet.

 

Rapporten frå Riksrevisjonen behandlar
ikkje den statlege arkivpolitikken og premissane for denne. Dette er eit område
som ligg utanfor Riksrevisjonens mandat. Men i den komande debatten om denne
rapporten, må arkivpolitikken få ein sentral plass. Dersom ikkje, kan vi gå
glipp av eit unikt høve til å påverke politikken.

    For så langt synest ikkje
endringspotensialet til Kulturdepartementet å vere særleg stort.Rapporten
gjengir nemleg også departementets svar på Riksrevisjonens rapport. Brevet
presenterer tre tiltak frå Riksarkivaren: (1) eit nytt opplegg for årleg
innrapportering frå kommunar, fylkeskommunar og interkommunale arkiv, (2) krav
om ein bygningsfagleg rapport om arkivlokale frå dei same instansane, og (3)
varsel om tilsyn hos dei som ikkje leverer ein slik rapport. Svaret inneber
altså eit strengare kontrollregime for kommunal sektor.

    Dette kan nok ha nokre positive sider –
t.d. at leiinga i enkelte kommunar kan prioritere arkivoppgåvene høgare – men
som einaste verkemiddel vil det vere feilslått, og framstår mest som ein
byråkratisk ryggmergrefleks. Det kommunale arkivmiljøet – IKAene, byarkiva og
fylkesarkiva – har gjennom dei siste 25 åra utført eit stort arbeid for å betre
arkivsituasjonen i kommunar og fylkeskommunar. Denne innsatsen må verdsetjast.
Det som trengst, er ikkje meir og strengare kontroll, men ein ny arkivpolitikk.

 

Av Gudmund Valderhaug, førsteamanuensis ved arkivstudiet ved Høgskolen i Oslo. Valderhaug er også redaktør for TidsskriftetArkiv .

 

 

 

Powered by Labrador CMS