Det nynorske nettleksikonet Allkunne blir opna i dag

Publisert Sist oppdatert

Det nynorske
nettleksikonet Allkunne blir lansert i dag. Hovudlanseringa blir i Oslo, men
lanseringa blir òg markert med arrangement fire andre stader – Bryne, Førde,
Hovdebygda og Ål.

 




Det nynorske
nettleksikonet Allkunne blir lansert i dag. Hovudlanseringa blir i Oslo, men
lanseringa blir òg markert med arrangement fire andre stader – Bryne, Førde,
Hovdebygda og Ål.

 

– Det er stort for oss at vi endeleg kan
lansere nettstaden, og det vil vi markere med arrangement fleire stader i
landet. Ein nettstad som vår er kanskje viktigast for dei som bur i nynorske
kommunar, seier Eirik Helleve,
dagleg leiar i Allkunne, i en pressemelding (20.10.09). Tre av stadene er arrangementa
lagt til skular, for å vise at skuleelevar frå ungdomsskulen og oppover, saman
med vaksne nynorskbrukarar, er den viktigaste målgruppa for nettleksikonet.

      Lanseringa kolliderer med regjeringsskiftet.
Kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell skulle stå for den formelle opninga av
nettstaden, men har meldt forfall i siste liten. Lanseringa går likevel etter
planen, med eit hovudarrangement på Litteraturhuset i Oslo. Til fleire av
arrangementa har unge forfattarar skrive tekstar om kvifor det er viktig med
eit nynorsk nettleksikon, og desse tekstane vert publiserte på Allkunne
seinare.

      Så langt inneheld nettstaden rundt 850
artiklar, som alle handlar om det nynorske kulturområdet. Her er artiklar om
viktige institusjonar og organisasjonar, artiklar om aviser og kommunar,
artiklar om språk og språklege emne, og artiklar om mange personar. På sikt
skal nettstaden utvidast til å verte eit fullverdig, allment nettleksikon på
nynorsk. Allkunne er i ferd med å inngå avtale med Cappelen Damm om å få kjøpe
rettane til å omsetje meir enn 30 000 artiklar frå Caplex.

      Parallelt med denne auken blir det skrive
fleire nye tekstar. – Så langt har vi skrive kontrkat med nær 60 forfattarar,
men det er bruk for fleire, så interesserte må gjerne ta kontakt, seier Helleve.

      Det Norske Samlaget og Nynorsk
kultursentrum har samarbeidd i mange år for å utvikle dette tilbodet, og er
eigarane bak Allkunne AS. Prosjektet har statleg tilskot frå Kultur- og
kyrkjedepartementet. Ei samla nynorskrørsle har lenge sagt at dette er det
viktigaste nye tiltaket for å styrkje nynorsk skriftkultur

 

 

Fakta om Allkunne

Allkunne AS vart
skipa i august 2008, og er eigd av Det Norske Samlaget og Nynorsk
kultursentrum.

      I styret for Allkunne sit Arild
Thorbjørnsen (styreleiar), Magni Hjertenes Flyum og Tom Skovdahl

      I redaksjonen sit Ottar
Grepstad (hovudredaktør), Aina Basso, Kjerstin Gjengedal,
Kirsti Langstøyl, Vibeke Lauritsen og Sverre Tusvik

      Eirik Helleve er dagleg leiar. Allkunne
har kontor på Voss.

 

Adressa til
nettstaden er www.allkunne.no

 

 

 

Powered by Labrador CMS