Eit ”folkebibliotek-direktorat”?

Publisert Sist oppdatert

Når denne teksten vert skriven, har årets reduserte valkamp vart ei veke.”En nølende uke,” seier valanalytikar Svein Tore Marthinsen. Men eg veit at det vil hardne til dei tre neste vekene. Utan atterhald kan eg òg slå fast at årets kommunevalkamp vil handle om akkurat dei same sakene som stortingsvalkampen i 2009: helse, omsorg, skule, barnehage, vegar, bustadbygging. Årets valkampmantra ser ut til å verte den såkalla ”samhandlingsreformen,” som ingen i dag anar noko om, anna enn at staten pålegg kommunane endå fleire oppgåver.

Av FoU-direktør Georg Arnestad, Høgskolen i Sogn og Fjordane

Når denne teksten vert skriven, har årets reduserte valkamp vart ei veke.”En nølende uke,” seier valanalytikar Svein Tore Marthinsen. Men eg veit at det vil hardne til dei tre neste vekene. Utan atterhald kan eg òg slå fast at årets kommunevalkamp vil handle om akkurat dei same sakene som stortingsvalkampen i 2009: helse, omsorg, skule, barnehage, vegar, bustadbygging. Årets valkampmantra ser ut til å verte den såkalla ”samhandlingsreformen,” som ingen i dag anar noko om, anna enn at staten pålegg kommunane endå fleire oppgåver.

Av FoU-direktør Georg Arnestad, Høgskolen i Sogn og Fjordane

Eigentleg burde vi like godt slå saman kommune- og stortingsvalet, slik at vi hadde eitt stort fellesval kvart fjerde år. I det minste vil det kunne auke den sviktande deltakinga ved kommunevalet

Den kommunale valfridomen er liten. Mesteparten av utgiftene, spesielt i det mindre kommunane, er bundne til faste føremål bestemte av staten. Det er dette som forklarar kvifor dei kommunale bibliotekutgiftene har så vorte sterkt reduserte siste tiåret. Mektige Halvdan Skard, som var sjefen min for 20 år sidan, sa ofte at biblioteklova ikkje var særleg til nytte når det kom til stykket. Kommunane er rett nok pålagde å ha eit folkebibliotek, men Skard peikte gjerne på at lova seier ingenting om kor mange bøker det skal vere i bokhyllene. I prinsippet kan dei vere tome. Det kan derimot ikkje sjukeheimar, skular og barnehagar.

Dei kommunale folkebiblioteka kan lide same skjebne som mange kommunale symjebasseng har gjort: dei står der, men kommunen har ikkje råd å halde dei med vatn. I kulturkommunen Jølster i Sogn og Fjordane, som har fostra både Nicolai Astrup og Ludvik Eikås, foreslår skuleleiinga, på fullt alvor, utandørs symjeopplæring i Jølstervatnet frå mai til oktober. Folkebiblioteket i kommunen med sine to avdelingar er sjølvsagt utan fagutdanna bibliotekleiar, men held til saman ope ca. 20 timar i veka. Utanom sommarferien. Då er det stengt. Vakre Jølster kommune plasserer seg i nedste sjiktet blant kommunane i fylket når det gjeld ulike bibliotekindikatorar.

Den statlege detaljstyringa av kommunesektoren, kulturfeltet unnateke, berre aukar. Siste åra har dette skjedd gjennom ei omfattande ”direktorisering”. Utviklinga, som er ein del av styringsideologien ”new public management,” starta for over 20 år sidan. Departementa skulle no reindyrke rolla som rådgjevar og sekretariat for statsrådane, medan enkeltsaker og rutineoppgåver skulle flyttast ut til såkalla ”ytre etatar”. Men desse oppgåvene vart ikkje flytta ut i det ”ytre rom” til kommunar på den norske landsbygda, om nokon trudde det. Det var enklare enn som så. Oppgåvene vart lagde til alt eksisterande direktorat i Oslo eller det vart skipa nye direktorat. I hovudstaden det òg, sjølvsagt.

I 2004 vart det t.d. skipa eit eige Utdanningsdirektorat i Oslo. Sidan den gongen har arbeidsoppgåvene esa ut, og talet på tilsette er no rundt 300, for det meste i Oslo. Nasjonalbiblioteket er forresten større, med sine meir enn 400 tilsette. I Oslo, for det meste. Kor mange tilsette var det i Nasjonalbiblioteket i år 2000, tru? Norsk kulturråd, som no er i ferd med å verte eit kulturdirektorat utan at det har vorte diskutert i eller lagt fram for Stortinget, har over 100 tilsette. Alle i Oslo. Og ingen trur at talet på tilsette her skal reduserast.

For det går nemleg rakt hin vegen. Talet på tilsette i dei 39 (!) statlege direktorata, for det meste i Oslo som sagt, auka med heile 13 prosent i perioden 2007-2010. Det var Oddvar Flæte, nyleg avgått fylkesmann i Sogn og Fjordane, som tok dette opp som eit viktig problem i norsk offentleg forvaltning. ”Direktorat med tunnelsyn trugar lokalt sjølvstyre,” sa Flæte til NRK i august. Med det meinte han at den styringa som direktorata står bak gjennom standardisering, forskrifter og detaljerte eglar, representerer eit trugsmål mot det kommunale sjølvstyret. Kommunane pliktar å ta omsyn til heilskapen, medan sektortilsyna oftast har berre nokre få omsyn å ivareta. Handlingsrommet til kommunane vert på denne måten stadig meir innskrenka.

Men sidan rikspolitikarane også dominerer kommunevalkampen, kjem ”direktoratiseringa” av Noreg ikkje til å verte tema i årets valkamp heller. For folkebiblioteka våre er dette synd. Vårt største kulturdirektorat, Nasjonalbibliotektet, ser det nemleg ikkje som si oppgåve å stå vakt om folkebiblioteka. Heller ikkje Norsk kulturråd og Kulturdepartementet synest å bry seg om den noko alarmerande utviklinga av dei kommunale folkebiblioteka. Det er oppsiktsvekkjande. I den grad eit område verkeleg kan seiast å ha utgjort ein ”salderingspost” i budsjetta til norske kommunar siste tiåret, kjem vi vanskeleg utanom folkebiblioteka.

Eg redd det er lite å gjere dette. At Nasjonalbiblioteket for eit år sidan overtok oppgåver og ressursar på bibliotekområdet frå det no avvikla ABM-utvikling, kan likevel få noko å seie. Men på heimesidene til Nasjonalbiblioteket står det ingenting om dei særskilte utfordringane som folkebiblioteka står overfor. Ikkje i strategiplanen heller.

Så kven skal då tale folkebibliotekas sak det neste tiåret? Aftenposten har gjort sitt, og vel så det. I den kommunale valkampen er kulturområdet perifert. Folkebiblioteka, det snart einaste området som kommunen kan bestemme over utan at staten blandar seg inn, er det, paradoksalt nok, ingen som snakkar om. Med unntak av to debattmøte i haustens valkamp. Det eine i på sjølvaste ”Gamla” i Oslo. Det andre i Bærum kulturhus.

Det er bra vi har kulturelle offentlegheiter i Osloområdet som bryr seg om folkebiblioteket. Men i landet elles kan vi ikkje setje vår litt til denne marginale gruppa. Hos kommunepolitikarane er det ikkje særleg hjelp å få. Det gjenstår berre staten. Vi har ei lov om folkebibliotek. Bør kanskje ikkje snart Nasjonalbiblioteket, som faktisk er vårt ”folkebibliotekdirektorat”, ta på seg ansvaret med å sjå til at kommunane følgjer opp intensjonane i Lov om folkebibliotek, slik desse vert uttrykte paragraf 1 i lova?

 

Teksten kommer også på trykk i Bok og Bibliotek nr 4/2011 (12. september).

Powered by Labrador CMS