Feil å setje det fysiske biblioteket opp mot det virtuelle

Publisert Sist oppdatert

Det som provoserer meg mest i Svaleng og Arntzen sin artikkel, er
naturlegvis ikkje synspunktet at fleire yrkesgrupper enn bibliotekarane bør
arbeide i biblioteka. Alminneleg sunn fornuft tilseier at mangfald er positivt.
Men om ikkje dei to hadde eit viktigare ærend, hadde dei neppe skrive ein heil
artikkel.

 

Av Finn Sindre Eliassen, Ålesund
bibliotek




Det som provoserer meg mest i Svaleng og Arntzen sin artikkel, er
naturlegvis ikkje synspunktet at fleire yrkesgrupper enn bibliotekarane bør
arbeide i biblioteka. Alminneleg sunn fornuft tilseier at mangfald er positivt.
Men om ikkje dei to hadde eit viktigare ærend, hadde dei neppe skrive ein heil
artikkel.

 

 

Av Finn Sindre Eliassen, Ålesund
bibliotek

 

Kva er dei ute etter? Kva motiverer
åtaket på bibliotekarane? Kva er ærendet? Jau, Arntzen og Svaleng er ute etter
å nedvurdere skriftkulturen. I ingressen til artikkelen ovanfor står dette:

      "I
en tid da ord skrevet på papir var den viktigste kilden til kunnskap og læring,
oppsto bibliotekene. Slik er det ikke lenger. Internett, film, musikk og
dataspill er i dag minst like viktige kilder til kunnskap. Men norske bibliotek
domineres fortsatt av bibliotekarar som liker å lese".

      Svaleng
og Arntzen må gjerne meine dette, men er det rett? Nei, det er dansande gale.
Bøker trykte på papir – og naturlegvis tidsskrift og aviser – står i ei heilt
spesiell stilling når vi skal lære, tileigne oss kunnskap i ei tid med mykje
fragmentert informasjon. Der er motstand i ei bok. Ho krev noko av oss. Det vi
les, arbeider vi med, kategoriserer og set i samanheng med ting vi veit frå
før. Og papir er eit fantastisk stoff. Bøker kan stå i bokmagasinet i fleire
hundre år; kan lesast på tvers av generasjonane; gjere ein samtale mellom
levande og døde mogleg.

 

Luftig og laust

Eg liker å sjå bokhylla som ein
stige vi kan bruke for å klatre opp og vinne menneskeverd.

      Dette
betyr ikkje at eg meiner biblioteka for all framtid skal sjå ut som dei gjorde
på 1950-talet. Tanken om biblioteket som møteplass er tiltalande og har
assosiasjonar langt tilbake i tid. Kva møteplassen skal brukast til i tillegg
til samtalen, er ei anna sak som det kanskje bør vere opp til brukarane å
avgjere. Og for all del bør biblioteket opne dørene for nye medium og
kulturuttrykk. Men kvifor ikkje tenkje at bøkene kan ha sin plass i lag med alt
det nye?

      Eitt
spørsmål i tilknytning til artikkelen ovanfor er kva for institusjon som skal
ta over ansvaret for oppbevaring og formidling av skriftkulturen når biblioteka
abdiserer og går inn på ungdomsklubbane, sjekkestadene og internettkafeane sin
arena. Der er mange møtestader der ute, men ingen er som det ikkjekommersielle
biblioteket.

      Det
noko rart med mykje av det som vert skrive om det digitale, det virtuelle. Det
er så luftig og laust og lite forpliktande. Når vi veit at til og med store
bibliotek i Noreg har svært dårlege heimesider på internett, kunne det vere eit
startpunkt å forbetre dei? Eg trur altså det. Naturlegvis er dette berre eit
døme.

      Til
slutt: det er grunnleggande feil å setje det fysiske biblioteket opp mot det
virtuelle. Det er ein stad i skjeringspunktet mellom dei to vi må arbeide.

 

 

Powered by Labrador CMS