Fri fildeling på nettet?

Publisert Sist oppdatert

Karane bak den svenske nettstaden Pirate
Bay sat på tiltalebenken for fildeling – eller ulovleg spreiing av materiale som
er verna av opphavsrett. No ventar dei på dommen. Kanskje får dei seg ein solid
smekk over fingrane. Men striden om fildeling er ikkje over med det, mener Finn Sindre Eliassen.

 




Karane bak den svenske nettstaden Pirate
Bay sat på tiltalebenken for fildeling; eller ulovleg spreiing av materiale som
er verna av opphavsrett. No ventar dei på dommen. Kanskje får dei seg ein solid
smekk over fingrane. Men striden om fildeling er ikkje over med det.

 

– Av Finn Sindre Eliassen

 

Noko av bakgrunnen for at Pirate Bay kom
under tiltale i Sverige, er den alvorlege tilstanden i platebransjen. Salet av
Cd-plater har stupt dei siste åra. Musikkindustrien ser inntektene gå kraftig
ned. Og ulovleg, gratis fildeling har fått det meste av skulda. Det er lett å
støtte det synspunktet om ein ikkje tenkjer seg om. Kvifor skal folk betale for
noko som er tilgjengeleg gratis; så dumme er vi vel ikkje? Likevel, denne
analysen er feil.

Mange granskingar viser at dei gruppene –
det er helst ungdom – som lastar ned mest gratis musikk på internett, også er
dei som kjøper mest musikk. Ja, mange kjøper meir musikk etter at dei tok å
laste ned. Og ei rad granskingar viser at fildeling og nedlasting av musikk fører
til at musikksalet går opp. For musikkbransjen verkar fildelinga som ei
kostnadsfri marknadsføring. Utan fildelinga ville musikksalet ha vore endå
dårlegare.

Kva kjem det av at platesalet går så
kraftig ned dersom det ikkje er fildelinga som har skulda? Årsaka er at det er
mykje meir som konkurrerer om folk si tid no enn det var berre for få år sidan.
Det er kome DVD-plater, dataspel og tenester på mobiltelefonen, for å nemne
noko. Vi må tenkje oss at kundane berre har ei viss mengde tid og pengar til å
bruke på underhaldning og kultur. No skal pengane og tida delast på mange
fleire fritidstilbod. Den nye konkurransen råker musikkbransjen svært hardt; ei
bransje som i mange år levde høgt på at dei var nesten åleine på marknaden.

Det er feil det platebransjen seier, at
brukarane ikkje vil betale for musikk. Ungdom betaler gladeleg for enkle lydeffektar
på mobiltelefonen. Ungdomen vil gjerne betale for musikk som dei kan bruke som
dei vil. Dei vil ikkje betale fleire gonger. På den måten skil dei seg ikkje
frå tidlegare generasjonar. Men dei vil bruke musikken på sin måte. Dei vil
ofte ikkje ha plater, men filer. Dei vil ikkje ha sperrer og restriksjonar; dei
vil ikkje bindast opp til visse typar spelarar. Dei vil bruke den nyskapande
teknologien som er i handelen for alt den er verdt. Og kven kan gå mot dei i
det?

Internettet og fildelinga har opna
nye  økonomiske utsikter for songarar og
musikarar som står utanfor dei etablerte plateselskapa. Mange har gripe sjansen
og skaffa seg ein fordel i konkurransen med dei store fordi dei tilbyr
musikkfiler av god kvalitet utan sperrer. Det er viktig for brukarane. Det
sikrar kundane rettar som dei store selskapa ikkje tilbyr; brukarrettar som
gjeld på andre område i samfunnet. Men også kunstnarleg står dei friare. Dei kan
skape musikk slik dei sjølve vil. Dei kan stige opp frå tilværet som slavar.
Det tener det musikalske mangfaldet også.

Eg har sympati for folka bak Pirate Bay og
ønskjer ikkje at dei skal straffast hardt, men eg meiner det er feil å la
nedlasting av musikk vere gratis sjølv om det påviseleg ikkje er skadeleg. Det
er viktig å opptre slik at dei som utfører skapande arbeid, får betalt for
arbeidet sitt. Eg ligg ikkje  vaken om
natta for lagnaden til dei store, etablerte plateselskapa som i stor grad
produserer musikk og kjendisar vi kan greie oss utan. Men det gjeld å sikre
inntektene til komponistar, utøvarar og folk i studio. Det er dette som er
argumentet for å ta betalt for fildeling på nettet.

Det er ikkje noko problem å løyse
problemet med betalingstenester for fildeling på internett. Det er løyst andre
medium tidlegare. Det kan vere lisensar eller andre løysingar. Det er viktig at
løysingane er enkle, og at dei gir mest mogeleg fridom til brukane.

 

Se også debatten omkring kommentaren "Kill the pirates!"

 

 

 

 

Powered by Labrador CMS