Kasseringsdebatt 2: Knefall for marknaden

Publisert Sist oppdatert

Ein av lærdommane frå positivismedebatten
i norsk filosofi og samfunnsvitskap på 70-talet var at ikkje at alt i det humane
feltet kan kvantifiserast. Det er ikkje uproblematisk å overføre naturvitskapen
sine metodar til samfunnsvitskapane. Denne lærdommen ser ikkje ut til å
forstyrre Tord Høivik mykje i arbeidet.

 

Av Finn Sindre Eliassen, Ålesund bibliotek




Ein av lærdommane frå positivismedebatten
i norsk filosofi og samfunnsvitskap på 70-talet var at ikkje at alt i det humane
feltet kan kvantifiserast. Det er ikkje uproblematisk å overføre naturvitskapen
sine metodar til samfunnsvitskapane. Denne lærdommen ser ikkje ut til å
forstyrre Tord Høivik mykje i arbeidet.
 

 

Av Finn Sindre Eliassen, Ålesund bibliotek

 

Det er opplagt at besøks- og utlånstal og
omløpsfart i biblioteka ikkje uttrykkjer alt. Kanskje ikkje ein gong kjernen. Naturlegvis
er desse tala viktige, men kvalitet og djupne kan dei ikkje fange opp. At
artikkelen "Kassering er kult" er skriven av ein mann som har sitt levebrød på
Bibliotekhøgskulen, er eigentleg ganske sensasjonelt og minner meg om ei gammal
røynsle: Det er lettast å hærta ei borg innanfrå.

 

Uansvarleg. Tord Høivik gjer seg til talsmann for lys og luft i hyllene. Siktemålet
ser ut til å vere å få opp utlånstala og auke omløpsfarten på dei attverande
bøkene. Men der er ingen nødvendig samanheng mellom ein rimeleg orden i hyllene
i utlånslokala og den type brutal kassering som han talar så varmt for, og som
er grovt uansvarleg i ein kulturpolitisk samanheng.

Biblioteka – iallfall dei eg kjenner – er
utrusta med både nærmagasin og fjernmagasin der mindre etterspurte titlar får
sin plass. Han brukar gjerne ordet «samlingsutvikling»; nytale for kassering.

 

Mørke
skyer.
Høvik ser mørke skyer over norsk
bibliotekstell; ei profesjonell nevrose som han kallar kassasjonsangst. Høivik
har bibliotekarane mistenkte for å vere glade i bøker slik at det vert uråd å
drive ei rasjonell kassering. Men lyspunkt finst visst, mellom anna ved
Sandefjord bibliotek der dei har kassert kraftig. Og Buskerud bokgerilja – i
regi av Buskerud fylkesbibliotek – arbeider godt. På berre to dagar kasserte
Beate Ranheim, Håkon Knappen og Jannicke Røgler over 2 500 band frå biblioteket
på Nes, godt hjelpte av biblioteksjef Hilde Alsaker.

 

Papirboka
si tid omme?
Eit problem for Høivik er altså
bibliotekarane si profesjonelle nevrose. Eit anna skjer i sjøen er
tilbakeståande politikarar og dumme veljarar. Ingen av dei har forstått at etterkrigstida
er over; at bøker som vert kasta, står opp at som gråpapir og mjølkekartongar i
morgon. Dessutan trur Høivik at papirboka si tid er omme sidan nokre tekster
vert digitaliserte: «… papirboka [] bør betraktes som skygge eller en avart
av den egentlige boka – som rett og slett er en datafil på det bølgende
nettet.»

 

Bibliotek
og butikk.
Høivik tek bibliotekarane i skule fordi
dei ikkje gjerne vil samanlikne biblioteket med vanlege butikkar. Han meiner å
spore ei uvilje mot å fokusere på brukarane. Brukarane er ikkje lenger velferdsstaten
sine barn, men prega av marknaden. Biblioteka må lære av Rema, Rimi og Benetton
for å halde på sin posisjon i kunnskapssamfunnet, doserer Høivik.

 

Bok
og smør.
Har det aldri slått Høivik at det lett
går gale om ein handsamar usamanliknbare storleikar som om dei var like? Visst
har ei bok og eit kilo meierismør det til felles at dei har fysisk eksistens.
Vi kan ta og kjenne på både boka og smøret. Men boka har noko som smøret ikkje
har, nemleg eit innhald av ord, setningar og meiningar som talar til oss,
gjerne frå andre land, frå andre tider. Det kan vere tekster som er opprørske
eller det motsette. Det kan vere tekster som har forma tankar og institusjonar
i vår kultur. Det kan vere tekster som gjer det mogeleg for lesarar å forstå
meir av historia slik at samtida vert betre gjennomlyst, tekster som opnar
perspektiva bakover. Med eit fint uttrykk: bøkene har ei grenseoverskridande
side som smøret ikkje har. Det eg skriv her, har eg naturlegvis ikkje funne på
sjølv. Eg har lært det ved å lese den type litteratur som Høivik vil lage
gråpapir av for å skape lys og luft i hyllene i biblioteka.

 

Informasjonssamfunnet. Det er elles påfallande at Høivik så ofte strør om seg med ordet
«kunnskapssamfunnet». Sidan kunnskap er resultat av odling, tankeverksemd, omgrepsdanning,
burde han heller bruke ordet «informasjonssamfunnet». I det samfunnet er ikkje informasjonsbitane
sette på omgrep, organiserte i hierarki, sette inn i samanhengar. I
informasjonssamfunnet slepp vi å leve med kunnskapstreet, så vakkert det enn
er. I det samfunnet fell historia frå kvarandre og blir til historier.

 

Praksis. For nokre år sidan var det ein student frå Bibliotekhøgskulen som
hadde sin praksis her i Ålesund. Han var svært oppteken av litteratur og
musikk, ikkje bestsellerane men gjerne dei sære bøkene, dei som står i
magasinet og støvar ned til nokon spør etter dei i skranken.

Vi diskuterte mykje dei vekene han var
her.

Eg hugsar eg fortalde han om forfattaren
og anarkisten Arne Dybfest (1869-1892). Eg fortalde han soga om Dybfest si
endelikt. Min versjon av den soga er kanskje ikkje sann, eg minnest ikkje
lenger kvar eg har den i frå, men det er ikkje forbode å like den: Ein julidag
i 1892 var Dybfest på fjorden i Bergen i seglbåt i lag med nokre venner av
begge kjønn og rikeleg med god drikke. Diktaren var i glimrande humør. Det var
damene også. Stemningar var høg, heilt til Dybfest rulla seg baklengs over
båtripa og forsvant. Sidan har ingen sett han. – Du må lese Dybfest, sa eg.

Seinare fortalde han at vel tilbake i Oslo
gjekk han ein sur vinterdag på Deichman og fekk Dybfests Ira – ein roman om
sjuk kjærleik – henta opp frå magasinet, vandra inn på lesesalen utan å ta av
seg frakken, og las boka på strak arm.

 

Djevelen. Dette skjedde på Deichman. Studenten kunne
ha fått henta opp Dybfest i Ålesund også og heilt sikkert på mange andre
folkebibliotek i Noreg. Heilt til kasseringsdjevelen ein dag gjer
reint bord.

For besøks- og utlånstal og omløpstal er
hendingar av denne typen nokså irrelevante. For mange politikarar er slike
soger uinteressante. Men soga seier noko om kva biblioteket alltid bør vere: Ein
stad ein kan gå til og finne kulturelle ytringar; også dei gamle og lite
kjende.

 

 

 

Powered by Labrador CMS