– Nei til fjernlånspolitikk utan restriksjonar

Publisert Sist oppdatert


Vi har ein god del
billege bokseriar her som for det meste er donert, plukka opp på auksjon eller
kjøpt brukt. Som ved mange andre bibliotek, ser vi at denne type bok har ein
funksjon for enkelte. Men vi er ikkje villeg til å bruke skattebetalaren sine
pengar på å sende dette materiellet til alle i landet.

Det seier biblioteksjefen i Haram kommune, David Beadle. Han har
nettopp etablert ei facebookgruppe – "Folkebibliotektilsette mot en
fjernlånspolitikk helt uten restriksjoner".

 





Vi har ein god del
billege bokseriar her som for det meste er donert, plukka opp på auksjon eller
kjøpt brukt. Som ved mange andre bibliotek, ser vi at denne type bok har ein
funksjon for enkelte. Men vi er ikkje villeg til å bruke skattebetalaren sine
pengar på å sende dette materiellet til alle i landet.

Det seier biblioteksjefen i Haram kommune, David Beadle. Han har
nettopp etablert ei facebookgruppe – "Folkebibliotektilsette mot en
fjernlånspolitikk helt uten restriksjoner".

 

Bok og Bibliotek
(BoB:
Kva meiner
du når du hevdar at Heilt nytt materiell
er best stilt ut i biblioteka enn pakka ned i varetransport mellom lån
?

 

David Beadle: Når vi får ein heil drøss med
bestillingar via Norgeslån på "Fyrvoktoren" av Camilla Läckberg inntil to
manådar før utgjevingsdatoen, så må eg spørje Kulturdepartementet om det er
intensjonen deira i forhold til retningslinene for fjernlån at våre lånarar
skal vente til 17. mai for å lese boka, fordi den først skal sirkulere rundt i
kongeriket mellom bibliotek som også har den? Hos oss kom dei nye
retningslinene samtidig som vi begynte å motta bestillingar via Norgeslån. Lånarinitiert
fjernlån er heilt klart indirekte dekt av dei nye retningslinene.

     Er ikkje det betre å redusere
ventetida ved å kutte ut transporten i slike tilfelle, slik at tittelen kan bli
både levert ut og stilt ut kjappare ved alle biblioteka? Ein slik situasjon er
påpeikt i høyringsvar, men ein har valt å ikkje forutsjå den. Etter å ha
oppretta ei facebookgruppe om dette temaet, har eg også fått epostar som
støtter mine tankar. Eg er tydelegvis ikkje den einaste ulydige. Nokre påpeiker
at andre biblioteksystem gjer det muleg å blokkere slikt, eller at ein finn
vegar rundt det. Basert på dette, diskusjonar eg har hatt, og eigne mottiltak, blir
konklusjonen at retningslinene for fjernlån skal følgjast i samsvar med §3 i
biblioteklova, men at ein i realitet tolkar dette i beste fall ulikt og i
verste fall som ein vil. På denne bakgrunn er det betenkeleg at Nasjonalbiblioteket
i sitt korte høyringssvar er fornøgd med at "retningslinjene er sterkt
forenklet. Dette vil bidra til at fleire forheld seg til retningslinjene".
Det lover ikkje godt.

 

BoB: Fjernlånskostnader bør kanaliserast mot frakt av kvalitet og ikkje
trivialitet
, seier du. Meiner du at triviallitteratur, i tydinga lett
serielitteratur, ikkje skal dekkast av ordninga?

 

Beadle: Så å seie alle titlane som vi har
fått bestillingar på via Norgeslån er titlar som så godt som alle bibliotek har
eller har på handlelista, og det dreier seg nesten heilt utelukka om nye
krimtitlar, seriebøker og amerikanske filmkomediar. Det er all grunn til å ha
innvendingar mot at dette tek tid og pengar, før andre gjer det på våre vegner.
Noko anna ville vere på kollisjonskurs med §1 i biblioteklova, som vektlegger
kvalitet. Ein har gitt avkall på kjørereglar som kunne ta omsyn til dette
kravet. Mitt bibliotek leverte ikkje noko høyringssvar. Desember er ein hektisk
månad med meir arbeid enn ein klarer å få gjort både i arbeidstida og fritida.

     Vi har formidla fjernlån i
fleire år. Basen vår er tilgjengeleg via Samkatalogen. Forskjellen mellom mottatte
bestillingar via Samkatalogen og Norgeslån er enorm når det gjeld kvaliteten på
materiellet, og eg stiller meg spørjande til om nokre av dei som har initiert og
støtta ein så liberal fjernlånspraksis er klar over forskjellen.

     Her i landets leiande
industrikommune (pr. innbuar) – Haram – har vi etablert ei maritim samling. Framandspråkleg
litteratur, kurs i norsk og ordbøker er også sterke punkt i samlinga vår, og vi
kjøper inn ein del fagbøker som er mykje utlånt i Bibsys. På bakgrunn av faktiske
bestillingar sendt til oss generert gjennom Norgeslån, virkar det særs
usannsynleg at vi ville få ei bestilling på denne type ressurs. Det er denne type
ressurs som burde vere det eigentlege målet for å ha ein felleskatalog og ei
fjernlånsordning, og ville bli i samsvar med det biblioteklova seier om allsidigheit.
Dersom denne realiteten kjem som ei overrasking, må det vere eit mål på kva ein
veit eller ikkje veit om forholda i eit folkebibliotek.

     Vi har ein god del billege
bokseriar her som for det meste er donert, plukka opp på auksjon eller kjøpt brukt.
Som ved mange andre bibliotek, ser vi at denne type bok har ein funksjon for
enkelte. Men vi er ikkje villeg til å bruke skattebetalaren sine pengar på å
sende dette materiellet til alle i landet. Tilgongen til våre ressursar via Norgeslån
er imidlertid medverkande til behovet for eit transportsystem i regionen. Det
er ein stor forskjell mellom å ikkje lenger kunne behalde ressursar til eigne
lånarar, dvs. ikkje samarbeide om fjernlån, og ikkje lenger gi eigne lånarar mulegheiter
til å låne nye bøker i eige kommune fordi dei ikkje er kjappe nok. Dei som vil
ha heilt enkle retningsliner ser tydelegvis ikkje forskjellen.

 

BoB: Når du seier Først i køen-jegerar på nettet må ikkje forulempe dei som surfar rundt
i biblioteklokalet etter aktuelle titlar
– då tenkjer eg at ein favoriserer
den gammaldagse bibliotekbrukeren, som altså oppsøkjer det fysiske biblioteket?

 

Beadle: Slik eg les tittelen på
bibliotekmeldinga – Kunnskapsallmenning, møtestad og kulturarena i ei digital
tid – er det fysiske biblioteket viktig. Vi skal møtast på biblioteket etter
arbeidstid og skule for å sjå kvarandre og oppleve kultur. At folk samtidig
finn bøkene der som er omtalt i media må vere eit minstekrav i forhold til eit
bibliotek, akkurat som kinoen viser aktuelle filmar og aktuelle band er å høyre
i konsertlokalar. Viss ikkje vi tiltrekker folk til biblioteket er vi ille ute.
Erfaringar så langt som mottakar av fjernlånsbestillingar via Norgeslån, til
forskjell frå via Samkatalogen, vitnar om eit jag og fokusering som ikkje
passar inn i det bibliotekmiljøet eg i alle tilfelle vil skape.

 

BoB: Du meiner at Fjernlånspolitikk må ikkje kanalisere middel til eit endå større fokus
på bestselgere.
På kva for ein måte kan fjernlånet påverke dette?

 

Beadle: Eg trur det er meir
tilfredsstillande for ein bibliotekar å låne ut eit breitt utval av titlar enn
berre bestseljarar. Lånarinitierte bestillingar vi har mottatt så langt, har langt
i frå vore noko kjelde til glede på så måte. Det er bra at lånarane kan bestille
bøker sjølv. Norgeslån og tilsvarande produkt er ein god idé i teori. Men skal
vi rette opp denne ubalansen i samsvar med lova og samtidig unngå å finansiere
sirkulasjonen av bestseljarar, må vi ha ein strategi som styrkjer brukaren sin
bevisstheit om breidda i biblioteket sine tenester og oppmodar til ein annan
type utnytting av fjernlånskanalar. Vi har mykje å spele på, men treng pengar
til det. Å bruke midlar, same kva forvaltningsnivå som betaler, på det motsette
er derfor noko å ta avstand frå.

 

BoB: Mediebudsjettet i kommunen må ikkje brukast til transportkostnader,
høyrst ut som eit godt motto. Kva for andre høve har ein til å dekke desse
utgiftene?

 

Beadle: I næringslivet blir ein ikkje høyrt
viss ein kjem med ein god idé utan framlegg til korleis det skal finansierast.
I det offentlege er det kommunane som utfører dei fleste tenester og har
kontakten med brukarane. Altfor ofte kjem øvrige forvaltningsnivå med
oppmodingar og idear utan framlegg til korleis dei skal finansierast, ein
kostbar nok prosess i seg sjølv som ikkje alltid er vellykka.

     Mange høyringssvar tek opp ei
rekkje av sidene ved dei nye retningsliner, til dømes definisjonen av fornuftig
sjølvforsyningsnivå, og nokre ser Norgeslån som ein del at retningslinene,
andre ikkje. Om dei nye retningslinene er enkle, så er dei derfor ikkje
tydelege. Dette saman med at finansieringa ikkje er nemnt, går ut over
truverdigheita på bakgrunn av våre erfaringar med brukarinitierte fjernlån. Det
blir fylkesbiblioteka som må rydde opp, og nokre ser ut til å ha eit godt tak
på dette. Fylkesbiblioteka må klare å finansiere den nye fjernlånsrøyndomen
slik dei gjorde med den gamle.

 

– Odd Letnes, redaktør

 

 

Powered by Labrador CMS