Nytt elektronisk arkivtidsskrift

Please select a featured image for your post

Tidsskriftet Arkiv er omsider tilgjengeleg. Publiseringa markerer ein førebels avslutning på ein lang prosess. Forslag om eit arkivvitskapleg tidsskrift vart reist av Landslaget for lokal- og privatarkiv på slutten av 1990-talet, utan å få gjennomslag. Men denne tanken vart igjen aktualisert med etableringa av forlaget ABM-media AS, eit selskap med formål å gi ut publikasjonar for arkiv, bibliotek- og museumsfelta.

Med utgangspunkt i ein argumentasjon om likestilling med dei andre ABM-sektorane, reiste aktørar i arkivsektoren krav om at forlaget også skulle gi ut eit arkivtidsskrift på line med Bok og bibliotek og Museumsnytt.

Redaktør er Gudmund Valderhaug.

 

Besøk tidsskriftet her