Stein Slyngstad ny direktør i ABM-utvikling

Publisert Sist oppdatert








Stein Slyngstad tiltrer som ny
direktør for ABM-utvikling, Statens senter for arkiv, bibliotek og museum for
en åremålsperiode på seks år frå 1. desember.

 

– Stein Slyngstad har solid
erfaring frå store kulturinstitusjonar som har gjennomgått omstillingsprosessar.
Han har eit sterkt engasjement for å ta fatt på utfordringane ved
ABM-utvikling, seier kulturminister Anniken Huitfeldt.

     Stein
Slyngstad (f. 1960) er utdanna siviløkonom. Han har erfaring frå leiande
stillingar i fleire kulturinstitusjonar. Han var direktør for Stavanger
Symfoniorkester og Stavanger Konserthus frå 1992 til 1997. Frå 1997-2001 var
han dagleg leiar for Henie Onstad Kunstsenter og han var direktør ved Norsk
Filmfond frå 2001-2007.

     Åremålsperioden
som direktør ved ABM-utvikling går frå 1. desember 2009 til 30. november 2015.

     ABM-utvikling
er eit statleg samordningsorgan for arkiv, bibliotek og museum. Institusjonen
skal drive strategisk utviklingsarbeid for å samordne, effektivisere og styrkje
dei tre sektorane. Det siste året er det lagt fram tre stortingsmeldingar som
omtalar utfordringane innanfor arkiv, bibliotek og museumsfeltet:
bibliotekmeldinga, digitaliseringsmeldinga og museumsmeldinga. ABM-utvikling
vil i samarbeid med andre sentrale aktørar ha ei viktig rolle i oppfølginga av
desse meldingane.

 

Kilde: Pressemelding fra
Kulturdepartementet

 

 

Powered by Labrador CMS