Arkivfeltet kan mista fagbladet

Arkivtidsskriftet Aksess kom som eit friskt pust i 2022. Ambisjonane til redaktør Heidi Meen har vore å samla, setta søkelys på og utvikla arkivfeltet. I tre år har utgjevaren ABM-media AS halde liv i A-en. Men no går det ikkje lenger, så sant bladet ikkje blir tilført friske midlar frå andre aktørar.

Skriv om arkiv: Redaktør Heidi Meen er godt i gang med den åttande utgåva av Aksess – Tidsskrift for arkiv og dokumentasjonsbehandling. Om ikkje det kjem til friske midlar, kan dette fort bli ei av dei siste.
Publisert Sist oppdatert

Museumsfeltet har tradisjonsrike Museum. Bibliotekfeltet har Bok & bibliotek, som er i sitt 91. år. I kontrast står arkivsektoren. Den har sett fleire tidsskrift koma og gå. Men ingen av dei var uavhengige, og få av dei finst lenger. Så, i 2022, fekk også arkivfeltet endeleg sitt eige profesjonelle og uavhengige tidsskrift.

Det næraste til å vera ein konkurrent til Aksess i dag må vera Foreningen INIO (tidlegare Norsk Arkivråd) sitt medlemstidsskrift INIO – Tidsskrift for informasjonsforvaltning. Det kjem med to årlege utgåver på 56 sider og dekker delar av arkivfeltet. Aksess har hatt tre årlege utgåver på 70–80 sider og ei levande nettside for nyhende og debatt om heile feltet. Men volum, design og val av plattform er ikkje det viktigaste, understrekar redaktør Heidi Meen då vi møter henne til intervju.

Uavhengig journalistikk

– Arkivfeltet treng eit uavhengig tidsskrift som kan setta lys på tematikk som ein elles ikkje ser eller har kapasitet til å ta tak i om ein jobbar på dugnad eller det er feltet sjølv som skriv sakene. Eit uavhengig tidsskrift har høve til å stilla kritiske spørsmål og sjå samanhengar som andre ikkje ser, seier Meen.

Kvalitet kostar: Styreleiar Svein Skarheim i ABM-media AS er svært nøgd med arkivtidsskriftet Aksess. – Ei slik kvalitetsutgjeving er avhengig av tilskot, det veit alle, seier han.

Aksess har heile tida slutta seg til Redaktørplakaten, noko som betyr at publikasjonen forpliktar seg til prinsippa om redaksjonell fridom og uavhengig journalistikk. Det inneber at ansvarleg redaktør har full kontroll over innhaldet, utan innblanding frå eigarar eller andre interesser. Samstundes forpliktar publikasjonen seg til å følgja presseetiske normer og verna om ytringsfridomen. Eit tidsskrift med redaktørplakat er omfatta av medieansvarslova, og kven som helst kan melda det inn til Pressa sitt faglege utval (PFU) ved moglege overtramp.

– Som uavhengig tidsskrift kan vi stilla kritiske spørsmål til Arkivverket, institusjonar og politikarar. Vi knyter til oss journalistar som tar tak i saker som det trengst å bli sett søkelys på. Det er for lite merksemd i samfunnet rundt kva arkiv og dokumentasjonsforvaltning betyr.

– Avhengig av tilskot

Utgjevaren ABM-media AS har dei siste tre åra investert mykje for å etablera og driva tidsskriftet Aksess. Dei hadde lenge von om offentlege midlar, anten over statsbudsjettet (som Bok & bibliotek) eller via Kulturdirektoratet si ordning for tidsskrift og kritikk (som Museum). Aksess har fått noko frå Kulturdirektoratet, men langt frå nok.

– Ei slik kvalitetsutgjeving er avhengig av tilskot, det veit alle, seier styreleiar Svein Skarheim.

– Redaksjonen har jobba knallhardt med å auka talet på abonnentar. Arkivsektoren sjølv bidreg med noko bistand, men på langt nær tilstrekkeleg. I siste runde på statsbudsjettet før jul låg Aksess inne med tilskot på SV si forhandlingsliste. Men det enda med null kroner. Då måtte ABM-media sitt styre trekka den beklagelege konklusjonen at vi ikkje lenger har økonomi til å driva tidsskriftet vidare, seier styreleiaren.

Angrar ikkje

– For tre år sidan hadde ABM-media AS pengar på bok. I dag er reservane brukte opp, og de er i ein krevjan de økonomisk situasjon. I kor stor grad skuldast dette Aksess-prosjektet?

– Aksess har inga skuld. Det er fleire forhold som har medverka til at ABM-media har ein anstrengt økonomi. Tidlegare hadde vi ei sterk institusjonell tilknyting til OsloMet, og vi hadde ei forlagsverksemd, det har vi ikkje lenger.

– Angrar de på satsinga?

Krafta i arkivet: Aksess går ikkje av vegen for å påkalla sterke krefter i kampen for framleis ugjeving.

– Nei. Har du lese Aksess? Ingen som har lese Aksess, kan meina at det er noko ein angrar på, seier han og peikar på korleis tidsskriftet har makta å få aktuelle arkivfaglege problemstillingar ut til eit breiare publikum.

– Arkiv er som kjent ein av berebjelkane i demokratiet vårt. Men vi undervurderte kor vanskeleg det ville bli å få på plass ein trygg økonomi.

– Kva skal til for å redda Aksess?

– Veldig mange organisasjonar og personar verdset Aksess, så vi har opplevd mykje entusiasme. Det har vore motiverande. Men det må meir enn gode ord til, seier Skarheim.

Men han vil ikkje spekulera i kva for aktør som kan vera relevant og villig til å ta arbeidet vidare.

Håpet som brast

Ifølge Meen opplever mange i feltet at det er stemoderleg behandla og blir teke med i for få samanhengar.

– Mange tenker støvete papir når dei høyrer arkiv. Ja, det handlar om kulturarv og historie. Men arkiv og arkivdanning er også ein av grunnpilarane i eit demokrati, som mellom anna er avgjerande for rettstryggleiken og for å gje innsyn for journalistar, forfattarar.

Som Skarheim var inne på, fekk mange eit håp då Sosialistisk Venstreparti i sitt alternative statsbudsjett for 2025 foreslo 1,5 millionar kroner til Aksess. Eit forslag som «... signaliserte en viktig anerkjennelse av at arkiver er like essensielle som museer og biblioteker for å forstå og bevare vår felles historie», ifølge ein kronikk styremedlem i Arkivforbundet Ketil Jensen hadde på trykk i Avisa Nordland 17. desember i fjor. «Vi så positivt på de kommende forhandlingene med regjeringen om det endelige budsjettet. Et gjennomslag i disse forhandlingene kunne ha blitt et viktig vendepunkt, ikke bare for tidsskriftet, men for hele arkivfeltet. Men nok en gang ble det ikke bevilget midler til tidsskriftet Aksess. Dermed kan arkivfeltet stå uten et fagblad i løpet av neste år.»

Premiera: Den aller første utgåva av Aksess – Tidsskrift for arkiv og dokumentasjonsforvaltning kom ut hausten 2022.

Spontane ovasjonar i eit kommentarfelt på Facebook må kunna reknast blant dei meir autentiske vitnesbyrda om høg kvalitet og målgruppeforståing. Samfunnsplanleggar i Bømlo Alf Helge Greaker skreiv dette då Vestland fylkeskommune delte ei sak frå Aksess 11. januar i fjor: «Eg vil slå eit slag for [...] «Aksess». [...] Magasinet ligg her i gangen på jobb, eg tenkte det var gørrkjedelig, men eg må bite i meg det. I tillegg til denne gode historia om fylkesdirektøren sin familie, kunne ein lese om aksjonisme og anti-rasisme, mexikanske mega-arkiv og samfunnstryggleik, erotikk og OL i 1994 og ei god badekarhistorie frå ei vestlandsbygd! Eg skal aldri meir undervurdere arkivfaget gitt.»

Nerding på den gode måten

– Det tar tid å bygga opp eit tidsskrift frå botnen, understrekar Heidi Meen. – Men det verkar som mange synest det er bra, seier ho kledeleg beskjedent og siterer lesarar også utanfor fagfeltet som har funne tidsskriftet «forbausande interessant». To gongar i året møter ho også alle leiarane i dei kommunale arkivinstitusjonane og får berre positive tilbakemeldingar.

– Tema vi har skrive om, blir tekne opp på konferansar og sitert på universitet og andre stadar. Eg merkar at Aksess blir brukt og sett pris på.

Men i skrivande stund er det altså likevel uvisst om lesarar, som denne unge saksbehandlaren frå nord som skreiv til redaksjonen etter å ha fått Aksess i nevane for første gong, vil kunna gle seg over eige fagtidsskrift også til neste år:

«Hei, ville bare si at dette var en veldig kul overraskelse. Jeg trodde som ung-voksen i ny jobb som saksbehandler i offentlig forvaltning at jeg ikke kunne blitt mer nerd. Der tok jeg feil [...] for meg var dette tidsskriftet den gode type nerd. Likte spesielt; Arkiv i kulturen: Innsyn i den mørke siden😃 Gleder meg veldig til neste utgave!»

Powered by Labrador CMS