Aschehoug kuttar 30 stillingar etter svikt i skuleboksalet
Mange av regjeringa sine skulebokmillionar blir etter alt å døma brukt til andre ting enn å kjøpa fysiske lærebøker.

På to år har regjering løyvd over 400 millionar kroner til innkjøp av papirbøker i grunnskulen. Men pengane blir ikkje brukte i tråd med instruksen, uttalar Aschehoug-sjef Mads Nygaard til Klassekampen i dag.
No kuttar forlaget 30 stillingar. I fjor reduserte dei staben med 14 stillingar.
Stadig mindre sal
Ifølge Aschehoug-sjefen har salet av pensumbøker til universitets- og høgskulestudentar falle med 15 prosent i 2024, medan marknaden for skulebøker til grunnskulen fall med sju prosent.
Ferske tal frå Forleggerforeningen fortel den same historia: Berre i januar 2025 fall forlaga sine inntekter frå skuleboksal med 11,4 prosent, skriv Klassekampen.
Utsett bransje
Aschehoug er ikkje åleine om å måtta stramma inn livreima på grunn av nedgangen i salet av lærebøker. I fjor lanserte Gyldendal eit kostnadsprogram med 50 årsverk reduksjon.
Medieprofessor Tore Slaatta seier til Klassekampen at han meiner både politikarar og folk flest har gløymt kor viktig skulebøker er for forlagsbransjen. Ifølge professoren har dei store forlaga i Norge har bygd opp verksemda si på ein kombinasjon av skulebøker og ålmenn litteratur.
– I digitaliseringsiveren har mange kanskje gløymt kor sentralt salet av lærebøker er for forlaga sin økonomi.