Alabama, USA:
Avsett biblioteksjef krev jobben tilbake
Tidlegare biblioteksjef Andrew Foster ved Autauga-Prattville Public Library har sett fram krav om å få att jobben. Han krev også at styret dreg attende skuldingar som blei sett fram som grunngjeving for å seia han opp.
Den tidlegare sjefen for Autauga-Prattville offentleg bibliotek kravde torsdag 21. mars at bibliotekstyret skulle gje han tilbake jobben og ta steg for å reinvaska ryktet hans.
Foster sin advokat Christopher Weller klagar styret for å bryta Alabama si lov om opne møter, og kravde ei "tilbaketrekking, retting og orsaking" for kommentarar som styreleiar Ray Boles og styret sin advokat Laura Clark har kome med til media.
"Foster ønskjer å løysa denne tvisten og å gjenoppretta sitt gode namn og rykte utan å måtta ty til ei kostbar og tidkrevjande rettssak," skriv Weller i eit notat til styret.
Lydopptak av oppseiingsmøtet
– Eg elskar Autauga-Prattville offentleg bibliotek, uttalar Foster i ein e-post til Alabama Reflector.
– Det har vore hjarteskjerande å vera vitne til tapet av stab og programmering som har følgt i kjølvatnet av at eg blei sagt opp. Eg har også følgt med på samfunnet sine reaksjonar på det heile. Handlingane den siste veka har sett ein allereie polarisert situasjon her i Prattville i høgspenn. Ganske mykje har blitt sagt om situasjonen, både til min fordel og mot meg. Eg håpar at opptaka eg tok for å beskytta meg sjølv tener føremålet sitt.
Styret avsette Foster den 14. mars midt i ein pågåande tvist om innhald i biblioteket og leiing. Foster tok lydopptak av oppseiingsmøtet, der han fekk valet mellom å gå av eller bli sagt opp, fordi han skulle ha lekka interne e-postar til pressa. Sjølv hevdar Foster at han berre oppfylte eit alminneleg innsynskrav.
Lydopptaket skulle i første omgang visa seg å bli negativt for Foster, fordi han svarte ærleg og sa ja då styreleiaren i møtet spurte om han tok opp lyd. Ifølge Alabama Reflector blei dette lagt til med handskrift på den skriftlege fråsegna som styret leverte til media etter oppseiinga, som "eit alvorleg lovbrot." I Alabama er det imidlertid lov å ta opptak dersom ein aktiv part i eit møte ønskjer det.
Foster sin advokat dreg fram fleire sider ved saksgangen rundt oppseiinga som han meiner er lovbrot frå styret si side. Han kallar også styreleiar Boles og advokaten Clark sine utsegner om bakgrunnen for oppseiinga for falske og ærekrenkjande og krev at dei blir trekte tilbake.
«Sidan 14. mars 2024 har de halde fram med å snakke til nyheitsmedia om oppseiinga av Foster,» står det i notatet. «Historia dykkar har endra seg fleire gonger enn Elizabeth Taylor har bytta ektemenn.»
Vegen til oppseiing
Hendingane som førte til Fosters oppseiing byrja i fjor. Ei gruppe innbyggjarar som protesterte mot ei bok på biblioteket som inneheldt inkluderande pronomen, danna ein organisasjon kalla Clean Up Prattville. Gruppa klarte å få Autauga County Commission til å utnemne styremedlemmar sympatiske til deira sak.
Bok & bibliotek har tidlegare skrive om styremøtet den 8. februar, som var det første for alle dei nye medlemmane. Der blei eit nytt sett med retningslinjer for biblioteket vedteke, mellom anna denne:
"For å unngå tvil, skal biblioteket ikkje kjøpe eller på anna vis skaffe seg materiale for brukarar under 17 år med innhald som inkluderer, men ikkje er begrensa til, uanstendigheit, seksuelle handlingar, seksuell omgang, seksuell orientering, kjønnsidentitet eller kjønnsdiskordans."
To veker seinare møtte Boles Foster og gav han eit dokument som lista opp 113 bøker i biblioteket si samling. Boles ba Foster om å gjennomgå titlane og markere dei som inneheldt seksuelt innhald.
Foster identifiserte seinare 48 bøker som syntest å ha seksuelt innhald og 95 bøker som hadde ein eller annan samanheng som involverte LGBT+-innhald. Ytterlegare åtte bøker trengte meir avklaring.
På eit møte den 4. mars fortalte Foster Boles at regelverket var vagt. Boles snakka om å merka bøker med eit raud klistremerke og spurte Foster om desse bøkene trengde å bli flytta. Foster sa at avgjerda burde takast på eit ope møte. Ifølge notatet frå Foster sin advokat sa styreleiar Boles at han ikkje ville ha bøkene fjerna, berre merkte og flytte til vaksenavdelinga der foreldre framleis kunne finna dei.
Frå merking til luking
Styret sin advokat, Clark, sendte Foster ein e-post den 5. mars om å få bøkene fjerna frå samlinga og ikkje berre omplasserte, og fortalte Foster at Boles hadde bedt han om å "luka ut bøker" som bryt med biblioteket sin politikk.
Den e-posten indikerte også at styret ikkje trengte å møtast for å fjerne bøker frå sirkulasjon, og at anten styreleiaren eller eit anna medlem av styret åleine kunne avgjere om ei bok bryt med samlingspolitikken.
Foster hevdar at Boles møtte han den 8. mars og anbefalte at alle skulle møtast for å diskutere skjebnen til bøkene, samtidig som han innrømte at han og Clark hadde eit anna perspektiv med omsyn til bøkene. Boles sa det var usemje blant styremedlemmene. Boles foreslo då at Foster og styremedlemmene skulle møtast for å avklare kva som skulle gjerast med bøkene.
Den 7. mars mottok Foster eit krav om innsyn i offentlege opplysningar frå eit medium, og og oppfylte denne ved å vidaresenda mellom anna e-posten Clark sendte til Foster 5. mars der han skriv om fjerning av bøker.
Den 11. mars sendte Clark ein e-post til styret og Foster som indikerte at all kommunikasjon mellom henne og styremedlemmene er privilegert og konfidensiell og ikkje kan avslørast for offentlegheita. Foster hevdar å ikkje ha visst om dette forbodet før denne datoen.
Den 12. mars sendte Boles Foster ein e-post med forespørsel om å kalla inn til eit hastemøte som til slutt resulterte i at Foster blei oppsagt.