Utgave: 1/2023
Bibliotek24 med nasjonalt samarbeid for digitalt innhald
Målet er å gi folk i heile landet eit mest mogleg likt digitalt bibliotektilbod i form av aviser og tidsskrift, film, musikk, oppslagsverk og meir til.
Tenk degein nettbutikk der bibliotek kunne handla alle digitale tenester til publikum. Pris, tekniske løysingar, oppfølging og vedlikehald var avklart, og det du kjøpte, fungerte i det du trykte «bestill». Ja, og så kosta fleire av tenestene mindre enn i dag, dei mest relevante var kanskje finansierte av staten, og du trong berre følga opp når du ein gong i året tok stilling til om biblioteket ditt ville gjera endringar i tilbodet. Ein ønskedraum?
Dei siste par åra har Digin-prosjektet med støtte frå Nasjonalbiblioteket etablert ei felles løysing for anskaffing og drift av DIGitale INnhaldstenester for folkebibliotek og vidaregåande skular. No er nettportalen Bibliotek24 i ferd med å gjera draumescenarioet ovanfor til røynd, også for dei mange norske biblioteka som så langt ikkje har funne tid og kapasitet til å tilby digitale tenester til brukarane sine.
Møte med prosjektgruppa
Initiativtakar og prosjektleiar Trygve Kikut frå Vestfold og Telemark fylkesbibliotek møter meg i inngangsområdet på Deichman Bjørvika. Medan han presenterer Leon Bang-Hetlevik frå Agder fylkesbibliotek, Hilde Grefsrud frå Viken fylkesbibliotek og Bjørn Kjetil Fredriksen frå Rogaland fylkesbibliotek, myldrar det rundt oss som i eit modem i midttimen på ein vidaregåande skule. Den siste i prosjektgruppa, Camilla Holte Wiig frå Deichman bibliotek, patchar oss til riktig node – eit vakkert møterom der dei fem har brukt føremiddagen i selskap med kommunikasjonsbyrået Catch. Saman skal dei knekka koden for marknadsføring. Målet er at alle bibliotek, uansett storleik og lokale behov, skal få det dei treng for å læra lånarane om dei digitale innhaldstenestene som er kjøpte inn gjennom Bibliotek24.
Ok, då har vi nemnt nettsida bibliotek24.no, og vi har nemnt hjelp til å få lånarane til å bruka dei. Kva står att? Faktisk ein heil del. Det finst megabytes med informasjon om Digin-prosjektet der ute, som gode sider med svar på vanlege spørsmål og forprosjektrapporten basert på data frå meir enn 70 prosent av norske folkebibliotek.
Organisert gjennom fylkesbiblioteka
Vi hentar opp att fila frå møterommet på Deichman, der Trygve Kikut seier:
– Bibliotek24 skal trekka ut essensen i lisensavtalane, slik at det skal vera lett for den som står i skranken, å finna ut kva dei dekker.
Han nemner spørsmål som: Kan eg ta ein kopi av dette? Kan eg senda over ei digital fil til eit nabobibliotek? Er det lov å visa denne filmen offentleg, eller dekker lisensen berre privat vising?
I tillegg tek Bibliotek24 på seg å forhandla fram avtalane nasjonalt, sånn at leverandørane har ein avtale som gjeld for alle folkebibliotek og vidaregåande skulebibliotek. Sentralt i dette står opprettinga av eit konsortium som består av fylkesbiblioteka og forhandlar på vegner av alle som er med i ordninga. Skulebiblioteka passar naturleg inn fordi dei offentlege vidaregåande skulane er fylkeskommunane sitt ansvar.
Vestfold og Telemark fylkesbibliotek eig prosjektet og gjennomfører det i nært samarbeid med fylkesbiblioteka i Rogaland, Agder, Viken og Deichman. Alle landets fylke har dessutan ein eigen fylkeskontakt for prosjektet som fungerer som primærstøtte for biblioteka i sine fylke. Når driftsfasen no startar, blir desse kontaktane kanskje det viktigaste interfacet, især for små bibliotek som ikkje har ressursar sjølv til alltid å følga ting opp.
Klok ressursbruk
Denne tenesta vil gi tydeleg oversikt over kva det eigentleg kostar å tilby dei digitale innhaldstenestene. Den vil også frigjera tid i biblioteka. Forprosjektrapporten viste at folkebiblioteka i snitt bruker litt over 0,2 stillingar per bibliotek per år på å forvalta digitale innhaldstenester, og fylkesbiblioteka bruker i underkant av ei halv stilling kvar.
– Om du gongar opp det på nasjonalt nivå, så bikkar du to årsverk ganske kjapt, seier Kikut, og haustar smilefjes rundt bordet.
– I Noreg har to av tre bibliotek to årsverk eller mindre. Når ein ser alt som blir lagt på dei, er vi nøydde til å sentralisera enkelte oppgåver. Og vi treng at tilbodet blir likare over heile landet.
To årsverk er det Digin-gjengen har kome fram til at skal til for å halda Bibliotek24 online. Stillingane skal fyllast med forhandlingar og avtaleinngåing, drifting av nettside og tilkopling til biblioteka (i dag via IP-godkjenning, seinare vonleg endå meir brukarvenleg), koordinering av fylkeskontaktane og levering av statistikk til biblioteka som bruker tenestene. Dette er avgjerande for at dei skal kunna ta informerte val for neste abonnementsperiode.
Aller mest har Bibliotek24 «copy pasta» frå Det digitale folkebibliotek (DDF), ei teneste danskane har hatt sidan 2011. Dei undersøkte andre tenester i verda, men landa raskt på at danske folkebibliotek var mest oppdaterte. Globalt er nasjonale ikkje-kommersielle konsortium som DDF mest vanleg for universitets- og høgskolebibliotek. Norsk UH-sektor har ei liknande teneste via sikt.no.
«Vi kan ikkje venta at kvar enkelt bibliotektilsett skal makta å halda tritt og driva fram dette»
Digitalisering for demokrati
Ytringsfrihetskommisjonen sin rapport frå i fjor drog konkret fram tenesta PressReader i bibliotek som viktig for å gjera fri journalistikk tilgjengeleg for folk. Rapporten frå Digin-forprosjektet viste at berre 140 av dei 270 respondentane kunne tilby denne tenesta då spørjeundersøkinga blei gjennomført. Dette med like tenester er ei hjartesak for Hilde Grefsrud frå Viken. Då fylkesbibliotekkollegiet fekk spørsmål om å vera med i hovudprosjektfasen til Digin, rekte ho opp handa med det same og bad om å få delta i prosjektgruppa.
– Biblioteksektoren har store utfordringar med å gjera digitalt innhald tilgjengeleg via folkebiblioteka. Det er noko eg har lyst til å kjempa for, ut frå tanken om å jamna ut forskjellar mellom folk. Digitale tenester har også mykje med tilgjengelegheit å gjera. Digitalt innhald har mange fordelar for folk som elles ikkje kan nytta seg av bibliotek. Du blir uavhengig av geografi, du blir uavhengig av funksjonsevne. Og så ser eg behovet for å løfta i fellesskap, at alle fylka samlar seg for å få til det digitale skiftet i biblioteksektoren. Vi kan ikkje venta at kvar enkelt bibliotektilsett skal makta å halda tritt og driva fram dette.
– Det blir litt som om alle skulle ha fullt innkjøpsansvar sjølv og ikkje har kulturfondbøker, ikkje har ferdiglaga katalogpostar ...
– Ja, infrastrukturen vi har gjennom både fylka og heile folkebiblioteknettverket, gjer oss veldig sterke når vi klarar å stå saman og ha ei forbrukarmakt. Eg tenkjer også på kvar enkelt tilsett som viktige ambassadørar for digitalt innhald. Det er dei som avgjer suksessen i dette. Det er dei som står med publikum kvar dag og kan fortelja at desse digitale tenestene finst, og at sånn brukar du dei. Bibliotek24 blir ein usynleg bakspelar og heilt avhengig av oppslutning og engasjement frå bibliotektilsette.
Ikkje monopol
– Har de prøvd å finna ein leverandør som skal levera mest mogleg av tenestene?
– Vi skal ikkje skapa monopol for nokon, svarer Kikut.
– Vi skal berre, for å seia det veldig enkelt, laga ein nettbutikk der det er ulike produkt som biblioteka kan velja. Det betyr også at vi ikkje legg føringar for kva som kjem i sortimentet. Om det er to leverandørar med identisk innhald, så er det ikkje sånn at vi inngår avtale med berre ein av dei. Dersom bibliotek er interesserte i prisar og tenester frå begge, freistar vi å forhandla fram avtalar med begge, så er det opp til biblioteka kven dei dei vil ha.
– Men mange ute i små bibliotek vil nok ikkje oppleva at dei har overskot til å gå inn i portalen og forhalda seg til det i det heile.
– Difor har vi lokale støtter. Kvart fylke har ein representant som fungerer som førstelinje og kvalitetssikrar kontoen til alle biblioteka i sitt eige fylke. Større bibliotek vil nok ha kontroll på kontoen sjølv, og så er det andre bibliotek som vil vera veldig glade for at nokon andre kan vareta det for dei. Det er også avgjerande for oss at informasjonen om det enkelte biblioteket er oppdatert, med riktig fakturaadresse, IP-adresse og så vidare.
Ikkje e-bøker – foreløpig
Det digitale folkebibliotek i Danmark tilbyr nettsider, appar, e-bøker, lydbøker, digitale innhaldstenester og mykje meir. Men enn så lenge er dette ikkje del av den norske tenesta, forklarer Kikut.
– For å få stabla noko på beina i det heile valde vi å fokusera på databaseløysingar, som tidsskrifttenestene PressReader og flipp.no frå Egmont. Det viktigaste for oss har vore å få på plass infrastrukturen og sikra driftsmidlar til den, så får e-bøker, lydbøker og nettsider koma i seinare fasar. Det er noko med å trygga overgangen frå prosjekt til drift i størst mogleg grad. Vi utelukkar ikkje at Bibliotek24 kan omfatta meir, men då treng ein også fleire midlar til drift.
I skrivande stund har alle fylkeskommunane og Oslo kommune ei høyringssak gåande om felles drift av Bibliotek24 som interkommunalt selskap. Det står ikkje på ambisjonane, understrekar Hilde Grefsrud.
– Men samtidig må vi ha realisme og ta det i fleire steg, seier ho.
Tilbodet om kjøp av innhaldstenester via Bibliotek24 gjekk ut til alle dei relevante biblioteka hausten 2022. No i februar 2023 får enkeltbibliotek sjølv tilgang til sin konto hos Bibliotek24 og kan slik gå inn og bestilla tenester og oppdatera informasjon sjølv.
Sist, men absolutt ikkje minst: Prosjekt Digin jobbar også med å gjera opplevinga meir saumlaus for publikum. Brukarar av digitale innhaldstenester frå bibliotek bør sleppa å logga inn på tenestene på fleire måtar. Difor vil teamet til Kikut i 2023 jobba vidare med å etablera ei løysing for single sign on, altså så lik pålogging som mogleg på tvers av alle digitale innhaldstenester i bibliotek.
Heilt frå første fase har den overordna verdien for dette arbeidet vore å samla, styrka og effektivisera biblioteka sine digitale innhaldstenester for å sikra likare tilgang og betre vilkår.
– Det er biblioteka som skal skina for lånarane og ikkje Bibliotek24, understrekar gjengen.