Biblioteka kan ha rett til digitale utlån
Vonbrotet var stort i bibliotekverda då Boklova tidlegare i år blei lagt fram utan krav til forlaga om å levera lydbøker til folkebibliotek for utlån. No har Norsk Bibliotekforening initiert ei juridisk utgreiing som konkluderer med at biblioteka kan ha rett til ei slik ordning.
Etter overgangen frå cd-format til strømming har utlånet av lydbøker i bibliotek blitt meir enn halvert. Dette skjer parallelt med at folk høyrer meir og meir på lydbøker.
Under arbeidet med boklova kom regjeringa fram til at det juridiske farvatnet rundt leveringsplikt for digitale verk til bibliotek blei for komplisert å navigera i. Difor inneheld ikkje boklova ein slik regel, skriv Klassekampen.
Fleirtalet i Familie- og kulturkomiteen meinte derimot at biblioteka må ha tilgang til all litteratur som blir produsert i Norge, både på papir, som e-bok og som lydbok, slik at biblioteka kan gjennomføra samfunnsoppdraget sitt. Difor påla dei regjeringa å «utrede om det er mulig å fastsette bestemmelser for folkebibliotekene om digitalt utlån av digitale verk».
Rett til digitale utlån
Kulturdepartementet har framleis ikkje levert ei utgreiing av spørsmålet. Difor har Norsk Bibliotekforening no fått gjennomført si eiga.
Denne stadfestar at Stortinget og regjeringa kan gje biblioteka rett til å kjøpa og låna ut digitale verk som e-bøker og e-lydbøker og framleis vera i samsvar med EØS-avtalen og internasjonale forplikingar, skriv NBF på nettsidene sine.
Les den juridiske utgreiinga frå Advokatfirmaet Føyen AS
Staten kan innføra reglar som gjev biblioteka rett til å kjøpa og låna ut e-medium, ved at utlån av desse «etterliknar» utlånet av trykte papirbøker, ein såkalla simuleringsmodell, konkluderer advokat Vebjørn Søndersrød i Advokatfirmaet Føyen AS i den ferske vurderinga.
Vidar Lund seier til Klassekampen at det haster å få klarheit i spørsmålet om leveringsplikta. Ikkje berre fordi han ønskjer at biblioteka skal kunna tilby eit bredt sortiment av lydbøker, men også fordi høyringsfristen for boklovforskrifta er i ferd med å utløpa.
Lovgrunnlaget
Lov om folkebibliotek §1 seier at biblioteka skal: «…stille bøker og andre medier gratis til disposisjon for alle som bor i landet.» Skal dei gjennomføra dette mandatet, må biblioteka også kunne låne ut e-medium, hevdar NBF.
Omsynet til bibliotek og brukarar trumfar rettshavarar sin einerett så lenge dei blir tilstrekkeleg kompenserte, skriv foreininga vidare.
«EØS-retten sier at det gjøres unntak for rettighetshavers enerett med hensyn til offentlig utlån, forutsatt at opphavsmenn mottar vederlag for utlånet.
EU-domstolen sier at det er innenfor lovverket for bibliotek å låne ut digitale bøker, så lenge det er bare en utgave av gangen, og at den ikke er tilgjengelig for låneren etter at utlånsperioden er slutt.
EØS-retten gir rom for unntak fra rettighetshavernes enerett til utlån ved å «etterligne» utlån av analoge bøker.
EU-domstolen slår også fast at rettigheter til åndsverk må tilpasses nye former for bruk: “copyright must adapt to new economic developments such as such as new forms of exploitation”.»
Satsar på forskrifta
Til Klassekampen seier styreleiar Vidar Lund i Norsk Bibliotekforening at den komande forskrifta til den nye boklova må pålegga forlaga å selja lydbøker til bibliotek.
Advokat Vebjørn Søndersrød, som er ekspert på opphavsrett, seier til Klassekampen at det ikkje er noko i vegen for at boklova også kan omfatta ei leveringsplikt for lydbøker. Dette kan ein få til om ein vil.
LES OGSÅ
Hva er status for lydbøker i Skandinavia?
Nå kan det løsne for norske e-bøker i fagbibliotek
For at Norge lovleg skal kunna gjennomføra denne ordninga innanfor rammene av EØS-avtalen, må staten truleg betala noko meir til rettshavarane kvart år.
Enklare og litt dyrare
Ifølge Klassekampen har Søndersrød skissert ein modell for korleis ei ordning med utlån av lydbøker kan fungera. Det digitale utlånet skal etterlikna utlån av trykte bøker: Den samme lydbokutgåva kan berre lånast ut til ein person om gongen, noko som vil gje ventelister på dei mest populære titlane.
Søndersrød medgjev at lån av digitale lydbøker er ein langt enklare prosess enn å henta ut fysiske bøker på eit bibliotek, noko som kan føra til noko mindre sal i bokhandel.
«Ulempen for rettighetshaverne kan bli litt større enn den var før, men da kan regjeringen vurdere om de skal øke bibliotekvederlaget for å rettferdiggjøre at man tillater digitalt utlån,» utdjupar han. •