Utgave: 3/2022
Boklova hjelper biblioteka
Framlegget til ny boklov gir fleire gjennomslag for biblioteka, men noko står att.
I midten av august kom regjeringa med utkast til ny boklov. Noko av det viktigaste vi får gjennomslag for, og som vi har kjempa for i mange år, er denne setninga i lovframlegget: «En leverandør skal levere eksemplarer av digitale lydbøker til enkeltsalg i digitale abonnementstjenester, til forhandlere som omsetter lydbøker og til bibliotek.» I tillegg legg departementet opp til at biblioteka framleis skal få rabatt på bøker. Her er det verdt å feire litt!
Utkastet og høyringsnotatet som følgjer med er gode når det gjeld biblioteka si rolle i litteraturformidlinga og forfattarøkonomien. Høyringsnotatet slår fast at innkjøpsordningane, bibliotekvederlaget, kopivederlag og biblioteka sine eigne innkjøp er ein viktig del av økonomien til både forlag og forfattarar. Forfattarane får faktisk meir frå desse ordningane enn gjennom royaltyen frå forlaga. Då er det viktig at biblioteka får tilgang og høve til å formidle all litteratur. Det er jo det som er oppdraget til biblioteka!
Det er viktig å seie at vi førebels berre skal feire litt. Det er to grunnar til det: det er ikkje slått fast same prinsipp for e-bøker som for digitale lydbøker. Den andre er at høyringsnotatet skriv at det må inngåast eigne avtalar mellom partane om pris og utlånsmodell for utlån av digitale lydbøker. Her meiner vi at ei minimumsløysing må slåast fast i forskrifta til lova, og så kan det gjerne forhandlast om rabattar, pakkeløysingar med meir etter at fastprisperioden er over.
Vi har fått eit godt utgangspunkt, men vi skal få det endå betre!