Ny rapport

Boklova kan skada norske fagbøker

Importerte lærebøker utan fastpris undergrev både norsk fagspråk og skjønnlitterære omsettingar, viser ein ny analyse. Forskarane bak foreslår endringar i boklova for å snu utviklinga før det er for seint.

Eit nytt håp: Bøker på engelsk og andre "framandspråk" er ofte billigare enn norske. Fastpris på importert litteratur kan vera ei løysing, meiner NFFO.
Publisert Sist oppdatert

Denne saka inneheldt først eit sitat om at berre 0,4% av bøkene på BI sitt bibliotek er på norsk. Det blei fjerna torsdag 27. mars etter at bibliotekleiar Dagmar Langeggen kommenterte på Facebook-posten til saka at det ikkje stemmer.

– Det er så ille at eg ikkje veit om vi kjem til å ha lærebøker på norsk i høgare utdanning, seier direktør i Forleggerforeningen Trine Skei Grande til Samtiden

Foreslår endring i boklova

Skei Grande får støtte frå Norsk faglitterær forfattar- og oversetterforening (NFFO). Dei står bak studien som medieforskarane Tore Slaatta og Helge Rønning no har levert.

Klikk her for å lesa rapporten til Tore Slaata og Helge Rønning.

Norsk akademisk litteratur tapar i konkurransen mot billige, engelske utgjevingar, viser rapporten. Forskarane meiner boklova bør endrast, slik at også importerte bøker får fastpris.

«Vi tror det vil styrke bøker på norsk i det norske bokmarkedet og gjøre den norske bokloven bedre,» seier Helge Rønning ifølge NFFO.

Forlaga slit

Omsettinga for fag- og lærebøker har stupt med nær 30 prosent på eitt år. Dei fire største i norsk forlagsbransje, Aschehoug, Gyldendal, Cappelen Damm og Vigmostad & Bjørke, har til saman kutta over 90 stillingar sidan slutten av 2023, skriv Samtiden. Forskarane åtvarar om at det kommersielle fagbokforleggeriet kan vera i ferd med å forsvinna heilt.

Pensum består i dag av gratisartiklar frå digitale plattformer, ikkje bøker. Det gjer boka mindre viktig i akademia, skriv dei i rapporten.

Rønning og Slaata meiner altså at fastpris på importerte bøker vil jamna ut konkurransen mellom norske og utanlandske forlag. Dette er også viktig for skjønnlitteratur, der engelskspråkleg import pressar norske aktørar. Dei peikar i rapporten på at omsettarar og norske forlag er under press, ikkje minst på grunn av KI som kan gjera raske, konkurransedyktige omsetjingar.

Boklova kan svekka norsk språk

Forskarane meiner altså at den nye boklova kan motarbeida sin eigen intensjon. Fleire europeiske land har strengare lovverk som også omfattar lærebøker og import, så det er fullt mogleg å legga inn eit krav i boklova om fastpris også på utanlandske bøker.

Når norsk boklov gjer unnatak for import, svekker det den norske bokmarknaden, seier Slaatta og Rønning. Dei foreslår ei rekke litteraturpolitiske tiltak som rettar seg mot universiteta og universitetsbiblioteka, som dei meiner spelar ei nøkkelrolle for den norske faglitteraturen si overleving i framtida.

«Det haster, og det må treffes seriøse tiltak,» skriv dei i rapporten.

Powered by Labrador CMS