Forlaga slit

Då er også Vega konkurs

Dei siste åra har fleire små og uavhengige forlag gått inn. No var det Vega forlag sin tur. Og dei store kuttar stillingar.

Tøff bransje: Vega forlag har halde det gåande i 20 år. Men no er forlaget konkurs, ifølge forlagssjef Finn Jørgen Solberg grunna endringar i rammevilkåra.
Publisert Sist oppdatert

Ved årsskifte meldte 30 år gamle Selja forlag seg konkurs. Det same gjorde Jæren forlag, som blei starta i 2012 og har gitt ut nærare 150 titlar. 

Vega Forlag blei skipa av Finn Jørgen Solberg i 2003. Forlaget har spesialisert seg på sakprosa, inkludert historie, populærvitskap, dokumentarar og handbøker, men har òg gjeve ut skjønnlitteratur. Dei har publisert rundt 20 titlar i året og hadde om lag 500 bøker i katalogen.

Færre salskanalar og høge investeringar

Viktige titlar frå Vega Forlag inkluderer Kongens nei av Alf R. Jacobsen (2011), ei historisk bok om kong Haakon VII under andre verdskrig. Ein av bestseljarane til forlaget har vore Ingrid Bjørnovs Pianobok.

I førre tiår låg omsetninga til forlaget ofte på rundt 20 millionar kroner i året, skriv Bok365. Tidelgare forlagssjef Finn Jørgen Solberg i Vega forklarar konkursen med endringar i bransjen. Han nemner ein dramatisk nedgang i talet på salskanalar, ei boklov utan vedtak om avanseregulering, og strøymekrava som aukar behovet for kapital grunna høge produksjonskostnadar, små inntekter og eit års forseinking på inndekkinga.

Kutt overalt

Over ein relativt kort periode har Noreg mista ei rekkje mindre og uavhengige forlag, og dei største har blitt mindre, skriv Samtiden.

Aschehoug, Gyldendal, Cappelen Damm og Vigmostad & Bjørke, som er Noregs fire største forlag, har til saman kutta over 90 stillingar på halvtanna år.

I tillegg har sistnemnde nyleg kutta stillingane som informasjonssjef og sjefredaktør for sakprosa.

Forente Forlag – eit forlagshus med dei redaksjonelt uavhengige forlaga Dreyer, Omnipax, Pax, Press og Spartacus – må kutta minimum fem årsverk. Aschehoug, som måtte kutta 14 stillingar for å spara 25 millionar kroner i fjor, er i gang med nye kutt i år. Til saman skal dei kvitta seg med over 30 tilsette.

Powered by Labrador CMS