Dei ti mest sensurerte bøkene i USA
Det blir stadig fleire forsøk på å få bort bøker som handlar om sex, LHBT+-spørsmål eller rasisme. Her er dei ti bøkene som vart fjerna frå flest amerikanske bibliotekhyller i 2023.
Det er den amerikanske bibliotekforeininga, American Library Association (ALA), som har samla ei liste over dei ti mest frykta bøkene i 2023, skriv Biblioteksbladet.
Talet på titlar som har blitt sensurerte, auka med 65 prosent i fjor. Gruppene som motarbeider ytringsfridomen på denne måten, rettar særleg merksemd mot bøker om LHBT+-spørsmål og bøker som på ein eller annan måte omhandlar rasisme eller rett og slett handlar om svarte personar.
Bøkene som vart utsette for flest sensurforsøk i 2023, er:
- Gender Queer av Maia Kobabe – LHBT+-innhald som blir hevda å vera seksuelt eksplisitt.
- All Boys Aren’t Blue av George M Johnson – LHBT+-innhald som blir hevda å vera seksuelt eksplisitt.
- This Book is Gay av Juno Dawson – LHBT+-innhald og seksualundervisning som blir hevda å vera seksuelt eksplisitt.
- The Perks of Being a Wallflower av Stephen Chbosky – Blir hevda å vera seksuelt eksplisitt, LHBT+-innhald, valdtekt, narkotika, banning.
- Flamer av Mike Curato – LHBT+-innhald blir hevda å vera seksuelt eksplisitt.
- The Bluest Eye av Toni Morrison – Valdtekt, incest, blir hevda å vera seksuelt eksplisitt, inneheld spørsmål om rettferd, mangfald og inkludering («EDI»: equity, diversity and inclusion).
- Tricks av Ellen Hopkins – Blir hevda å vera seksuelt eksplisitt, narkotika, valdtekt og LHBT+-innhald.
- Me and Earl and the Dying Girl av Jesse Andrews – Blir hevda å vera seksuelt eksplisitt, banning.
- Let’s Talk about it av Erika Moen og Matthew Nolan – Blir hevda å vera seksuelt eksplisitt, seksualundervisning, LHBT+-innhald.
- Sold av Patricia McCormick – Blir hevda å vera seksuelt eksplisitt, valdtekt.
Denne saka blei først publisert i Bok & bibliotek 2-24.
Har du meiningar eller refleksjonar rundt tematikken? Send eit innlegg til post@bokogbibliotek.no.