Skal koordinera over 10 000 arrangementer

Deichman lyser etter redaksjonssjef

«Vil du lede Deichmans redaksjonelle arbeid med program?» spør Oslo-biblioteket på finn.no. Redaksjonstenkinga har eksistert i mange år, seier bibliotekdirektør Merete Lie. Den oppsto først blant dei som driv med innkjøp av bøker.

Målet: Dei over 5,4 millonar besøkande på 10 000 arrangement på 22 Deichman-bibliotek skal no få eit betre koordinert program. Biletet viser ein allminneleg dag i Bjørvika.
Publisert Sist oppdatert

– Vi har redaksjonelt arbeid mot målgrupper, med eigne program for unge, for born og for vaksne.

Dette er altså «redaksjonane», og omgrepet blir brukt både om einingane som driv arrangementsarbeid og om dei som driv samlingsarbeid. Ifølge Lie snakkar samlingsseksjonen, som jobbar med innkjøp av medium til ulike lånargrupper, konsekvent om redaksjonar. På same vis har dei altså programredaksjonar som jobbar med arrangement for dei same målgruppene. Og for å koordinera desse trengs det altså ein ny klut. Meir om det straks, men først litt bakgrunn.

Ti tusen arrangement

Dei som har vore innom sosiale medium dei siste vekene har kan henda fått med sett TV2-saka om at besøk og utlån ved folkebiblioteket i Oslo held fram med å auka.

Direktør ved Deichman Merete Lie.

Den 26. juli kunne Deichman-direktør Merete Lie fortelja tv2.no om ein utlånsauke på ni prosent frå rekordåret i fjor og til i år. I 2023 lånte Oslo-biblioteka ut nær to millionar bøker. Utlånet heng saman med det store besøket, seier Lie, som meiner utlånstala er eit resultat av besøkstala. Fjoråret enda med 5,4 millionar besøkande. Så langt i år har det vore 3,1 millionar menneske innom Deichman-biblioteka, ein uke på sju prosent frå samme tid i 2023.

– I fjor hadde vi 10 300 opne publikumsprogram, fortel Merete Lie til Bok & bibliotek.

Og dette er bakgrunnen for den nye stillinga. Før Lie blei direktør for alle dei 22 Deichman-biblioteka, var ho leiar ved den største publikumsmagneten, den i Bjørvika de veit. Så då ho tiltredde i januar visste ho allereie ein del om kvar skoen trykte.

– Dette var noko av det eg greip fatt i aller først då eg starta på denne jobben som direktør. Voksteren har vore så rask at vi ikkje har rekt å utnytta storleiken godt nok.

Stolleik

– Eg såg at rolla som seksjonsleiar for program var gigantisk, seier Lie.

Den kravde forståing for redaksjonelle vurderingar, ansvar for produksjon av innhald på tvers av heile Deichman og personalansvar for ei avdeling med mellom 15 og 20 tilsette.

– Stillinga var for brei, noko som gjorde det vanskeleg å jobba med programflatene på tvers. Vi såg at det var store og viktige oppgåver som låg for tett saman.

Den 1. juli i år tok Gerd Elise Mørland offisielt over ansvaret for dei 150 tilsette ved Deichman Bjørvika etter Lie. Då kom ho frå stillinga som seksjonsleiar for formidling og program i Deichman. Det er altså hennar gamle stilling som no blir delt i to.

– Vi trekte ut det reint redaksjonelle ansvaret fordi det er så viktig for oss, seier Lie.

Stikkordet er heilskapleg programarbeid i heile Deichman. 

Presselogikk

– Er det at de kallar stillinga redaksjonssjef – som jo ei eit omgrep frå presseverda – del av ei større nytenking? Ved å ta i bruk slike ord så er ein jo med og formaliserer ei tenking rundt organisering og tenestene sin funksjon.

– Vi gjer dette i konteksten der biblioteket ser seg sjølv som eit redaktørstyrt medium. Vi har hatt diskusjonar rundt ulike arrangement, og om kva det betyr å låna rom. Og så har vi jobba med innkjøp og utval av medium, som er det vi kjenner best. Der gjer vi vurderingar før vi kjøper inn, vi vurderer bredde, kvalitet og djupn på samlinga. Det gjer vi også program. Så dette er ein konsekvens av at vi er eit redaktørstyrt medium. Alternativet er tomme bokhyller der folk kunne setta inn det dei ville. Opprettinga av denne stillinga er ein konsekvens av at program er stort og viktig for biblioteket og supplerer den breie boksamlinga.

– De skriv i utlysinga at den nye redaksjonssjefen skal utvikla ein redaktørplakat.

– Dette arbeider er godt i gang. Vi har noko vi har kalla Deichmanplakaten, for ikkje å gå i beina på pressa. Den omfattar alt innhald og blir brukt aktivt også på samlingssida.SS

Denne «redaktørplakaten» for bibliotek er no til revidering, så den nye redaksjonssjefen si oppgåve blir i praksis å implementera og forvalta noko som allereie finst

– Tenkjer de også at vi treng ein Ver varsam-plakat for bibliotek, eller er etiske dilemma tilstrekkeleg reflektert i andre styringsdokument?

– Fordi vi har vore utfordra på dette med arrangement, trur eg vi gjennom gode rutinar og ein god Deichman-plakat skal vera tilstrekkeleg rusta.

– Har de konsultert pressefolk i prosessen?

– Ikkje i forhold til denne utlysinga. Men i arbeidet med revisjon av Deichmanplakaten og retningsliner for lån og samarbeid og utlån av rom vil vi snakka med eksterne for å henta inn synspunkt og erfaringar og testa tankesettet vi dreg opp.

– Og då også folk med presseerfaring?

– Ja.

Ønskjer felles praksis

Mange hugsar diskusjonane rundt utlån av rom til SIAN på Majorstua og Legatum Publishing i Bjørvika. Dei store diskusjonane har vore knytt til møterom og kven som skal sleppa til der, seier Merete Lie.

 – Dette har vore praktisert litt ulikt frå bibliotek til bibliotek i Deichman-systemet.

Ikkje-redaksjonell bruk av møteromma kjem i tilleg til dei i fjor 10 300 opne publikumsprogrampostane, seier ho, og fortel om eit pågåande arbeid for å få harmonert retningslinene for korleis bruk av møteromma på tvers av alle dei 22 avdelingane.

– Målet er ei lik forståing på tvers. Det å rydda godt og sørga for lik praksis vil gje oss eit godt og robust utgangspunkt.

Vil løfta tema på tvers

– Kva ønskjer de å oppnå med denne nye organiseringa? Kva er draumescenarioet?

Lie svarar med å stilla eit retorisk spørsmål:

– Kva er det biblioteket er til for? Å sikra lik og tilgjengeleg tilgang på kunnskap, og gjera det gjennom å låna ut materiale, tilby rom og skapa møteplassar. Vi skal ikkje fabrikkera meiningar og haldingar, men gje lånarane våre høve for å ha eit grunngjeve engasjement. Eit så stort nedslagsfelt og 5,4 millionar besøk i fjor gjev oss stor kraft. Den nye organiseringa gjer det mogleg å setta større tema på agendaen og jobba koordinert. Ein kan tenka seg at vi løftar opp større tema. I dag klarer vi dette berre på nokre områder der samarbeidet har sett seg. Men på det jamne blir vi sittande litt for mykje åleine.

Den nye organiseringa gjev høve til ein klarare programprofil på tvers av heile Deichman, seier Lie.

– Og ikkje minst er det morosamt å samarbeida. Vi sit med veldig mange flinke folk som vi vil skal møtast og samarbeida meir på tvers. Planen er å løfta spørsmål og tema i fellesskap litt meir enn vi får til i dag.

Powered by Labrador CMS