Statsbudsjettet 2025

– Den største auken !les har opplevd

– Det er heilt fantastisk om dette stemmer! seier Vibeke Røger i Foreningen !les når vi ringer henne og presenterer tala frå regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2025.

Jublar: Leiar Vibeke Røgler ser auken i tilskot til Foreningen !les som del av ein heilskapleg tanke frå regjeringa si side.
Publisert Sist oppdatert

 – I år mottek vi kr 6 400 000 kroner i driftstilskot via Nasjonalbiblioteket over Statsbudsjettet. Om denne auken stemmer vil neste års støtte til !les bli på 8,4 millionar. Det er verkeleg noko å jubla over.

Meir slagkraftig leseorganisasjon

Søsterorganisasjonen Leser søker bok ligg også an til å få to millionar meir i 2025. Bok & bibliotek har tidlegare skrive om samanslåing av desse to viktigaste leseorganisasjonane. Når dette trer i kraft 22. mai neste år vil dei altså ha fått ein tilskotsauke på til saman fire millionar kroner.

– Dette er den største auken vi har opplevd, seier Røgler.

Dette gjev ein utruleg energi inn i arbeidet og viser at regjeringa støttar opp om arbeidet vårt

Vibeke Røgler

Då Anette Trettebergstuen drog i gang arbeidet med leselyststrategien fekk både !les og Leser søker bok ein million.

– Det var ein del av oppstarten og pakka, men heldigvis fekk vi behalda den millionen. Om vi no får det dobbelte i auke til neste år er det heilt fantastisk. Vi i Foreningen !les og Leser søker bok har hatt møter med departementet i samanheng med at vi skal bli ein samla, større og meir slagkraftig nasjonal leseorganisasjon. Og vi har søkt om auke i finansieringa fordi vi treng større handlingsrom for å jobba meir aktivt som ein større organisasjon. Det kostar også pengar å gjennomføra ei samanslåing.

Kompenserer for gåveforsterking

Røgler ser auken som del av ein heilskapleg tanke frå regjeringa si side.

– Dei vel å satsa på ein større nasjonal organisasjon som kan jobba kontinuerleg med leselyst i befolkninga. Det er dette vi jobbar med kvar dag året rundt.

Budsjettforslaget inneheld også tre millionar ekstra til litteraturhusa. Som Foreningen !les blei også dei hardt råka då gåveforsterkingsordninga frå førre regjering blei fjerna i forfjor.

– Vi har vore heldige og fått mykje til dømes frå Sparebankstiftinga DNB, som blei 25 prosent meir med gåveforsterkingsordninga. Då denne forsvann mista vi 1,5 millionar det året. Men ein slik auke i driftstilskot er mykje tryggare enn prosjektforsterking, seier Røgler.

– Føler de at regeringa har forstått kva de freistar å få til med samanslåinga av Foreininga !les og Leser søker bok?

– Ja, og og at dei følger opp det Trettebergstuen starta. Begge foreiningane har lenge lobba for ein lesestrategi og meir føreseielege økonomiske rammer for oss som jobbar dagleg med lesetiltak. Dette gjev ein utruleg energi inn i arbeidet og viser at regjeringa støttar opp om arbeidet vårt, seier Vibeke Røgler.

Dårlegast i Skandinavia

Dei totalt 43,4 ekstra millionane til litteratursatsing bleiknar likevel mot tala Røgler fekk presentert under ein kulturministersamtale på bokmessa i Göteborg nyleg.

– Der var det snakk om kva dei ulike ministrane gjorde for satsing på lesing. Sverige løyver 500 millionar i året framover til godt utstyrte og bemanna skulebibliotek, og i Finnland sørger regjeringa for at alle familiar med nyfødde får ein Bokstart-pakke med tilpassa litteratur og info om høgtlesing.

Kultur- og likestillingsdepartementet har også sendt ut ei pressemelding om at kulturbudsjettet skal lanserast på kunstmuseet Kode i Bergen.

– Tala NTB har funne viser at litteratur og lesing ikkje er det store satsingsområdet i dette budsjettet – hadde det vore det så hadde nok lanseringa blitt lagt til Deichman Bjørvika, spekulerer Røgler.

– Men på vegne av Foreningen !les og Leser søker bok og vår nye organisasjon så er auken i løyvingar veldig gledeleg.

Powered by Labrador CMS