Bokglede: Gro Dahle formidlar for borna på Lillehammer bibliotek under Norsk Litteraturfestival 2023.

Desse har fått midlar frå Nasjonalbiblioteket

Nasjonalbiblioteket har fordelt 28 millionar kroner til å utvikle folkebiblioteka og fremje lesing og leselyst i 2024. Støttemidla går til 22 nyskapande utviklingsprosjekt og 47 tiltak for aktiv formidling ved bibliotek over heile landet.

Publisert Sist oppdatert

Denne teksten er ei pressemelding sendt ut frå Nasjonalbiblioteket 26. januar 2024.

– Biblioteka våre er heilt sentrale i arbeidet med å fremje leselyst i befolkninga. Midla som no vert fordelt, vil både bidra til å styrke biblioteksektoren samla sett og til at folk over heile landet får endå betre litteraturformidling gjennom sitt lokale bibliotek. Med det håpar eg at fleire får lyst til å lese meir, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery ifølge ei pressemelding frå Nasjonalbiblioteket.

Prosjekt- og utviklingsmidla, som er ein del av løyvinga frå regjeringa til biblioteksektoren, skal i hovudsak stimulere og bidra til utvikling av nye bibliotektenester, formidling av innhaldet i biblioteka og utprøving av nye samarbeidsformer.

– Fleire bibliotek legg vekt på å utvikle ny metodikk og jobbe strategisk og på tvers av sektorar i arbeidet med leselyst og lesing

Svein Arne Tinnesand

– Av søknadane vi har fått inn, ser vi at fleire bibliotek legg vekt på å utvikle ny metodikk og jobbe strategisk og på tvers av sektorar i arbeidet med leselyst og lesing. Dette arbeidet er blant kjerneoppgåvene til biblioteka, seier direktør for bibliotekutvikling ved Nasjonalbiblioteket Svein Arne Tinnesand.

Blant søknadane som har fått støtte trekker Tinnesand fram Innlandet fylkesbibliotek, som har eit prosjekt der ni kommunar i fellesskap skal arbeide fram løysingar og tiltak som skapar leselyst. Formålet er å redusere sosiale ulikskapar ved å auke leseferdigheitene i utvalde målgrupper. Troms fylkesbibliotek satsar på livslang lesing, og får støtte til å utforske korleis ein kan skape lesaridentitet og lesarar i eit livslangt perspektiv, i samarbeid med ulike fagmiljø.

Det er også rom for andre område for utvikling i biblioteksektoren. Kunstig intelligens og kjeldekritikk, samt berekraft og klima er område der biblioteka no tek ei aktiv rolle. Eit døme på det siste er Bergen Offentlege Bibliotek som får middel til å lage ein klimafestival for barn og unge. Der ønsker dei å skape ein arena for kunnskap og handlekraft.

Klikk her for å laste ned ei oversikt over tildelingar til utviklingsprosjekt

Aktiv formidling av litteratur
Midla til aktiv formidling skal bidra til at folkebiblioteka går aktivt ut og formidlar litteratur og innhaldet sitt i lokalmiljø, gjerne i samarbeid med andre aktørar, som institusjonar, foreiningar eller arbeidsplassar i kommunen.

I år har mange fylkesbibliotek sendt inn felles søknadar for folkebiblioteka i sine fylke. Her vil folkebiblioteka gjennomføre aktivitetar, medan fylkesbiblioteka har ansvar for administrasjon. Slik kan biblioteka i større grad fokusere på rein formidling og nå ut til ein større del av befolkninga. Til saman har 240 bibliotek søkt om middel, og utover 2024 vil folk over heile landet få ta del aktivitetar i sitt lokale bibliotek.

Klikk her for å laste ned ei oversikt over tildelingar til aktiv formidling.

Viktig verkemiddel
Prosjektstøtta til utvikling, samt støtta til aktiv formidling er viktige verkemiddel i Den utvida nasjonale bibliotekstrategien 2020–2025. Nasjonalbiblioteket har oppdraget med å dele ut midla, som er ein er del av overskotet frå spelemidla til Norsk Tipping.

 

Powered by Labrador CMS