Desse kan bli Årets bibliotek 2024
Tjeldsund folkebibliotek i Troms, Buran bibliotek i Trondheim, Sunndal folkebibliotek i Møre og Romsdal og Universitetsbiblioteket ved OsloMet kan gå jul og nyttår i møte med ekstra mykje forventing.
Norsk bibliotekforening – som har delt ut prisen Årets bibliotek sidan Ingvar Ambjørnsen gav ut Døden på Oslo S og Leonard Cohen song "I´m Your Man" - altså 1988, kallar den sjølv i ei pressemelding for "Norges gjeveste bibliotekpris".
Ifølgje den same meldinga er Tjeldsund eit lite bibliotek i Troms som gjer ein stor forskjell når det gjeld samisk kultur og språk. Buran er bydelsbiblioteket i Trondheim som har blitt ein viktig møteplass for lokalmiljøet. Sunndal folkebibliotek får til både integrering og folkehelse, og Universitetsbiblioteket ved OsloMet har gjort eit solid utviklingsarbeid og blitt eit føregangsbibliotek for både studentar, forskarar og tilsette.
Utvalet er gjort på bakgrunn av innsendte forslag. Du kan lesa meir om dei nominerte til Årets bibliotek på Norsk bibliotekforening sine nettsider.
Juryen til Årets bibliotek 2024 består av forfattar og rådgjevar i Leser søker bok, Brit Bildøen, David Kvamme Høvik frå fjorårets vinnarbibliotek ved Årstad videregående skole i Bergen, Joakim Lie, som er prosjektleiar i Fritt Ord, sametingspresident Silje Karine Muotka og Helene Voldner, leiar av både Bibliotekforeningen og juryen.
Vinnaren blir offentleggjort og prisen delt ut under eit arrangement på Deichman Tøyen i Oslo 9. januar 2025.
Bok & bibliotek vil i tida framover presentera dei fire nominerte med eigne intervju her på nettsida. Så følg med og bli inspirert!