Bibliotekarforbundet:

– Det pågår ei rasering av bibliotekdrifta

Rundt 40 tillitsvalde og distriktslag rundt i landet har varsla Bibliotekarforbundet om dramatiske kutt den siste tida. 19 av desse har motteke oppseiingsvarsel eller ventar på å få det. – Dette er berre toppen av isfjellet, seier forbundsleiar Ola Eiksund.

Pågått lenge: Bibliotekfeltet har opplev kutt i mange år. No er det kome så langt at det også går ut over stillingar, seier forbundsleiar Ola Eiksund i Bibliotekarforbundet.
Publisert Sist oppdatert

Slik påverkar du

    1. Sett deg eit mål

Kva vil du oppnå? Prioriter, ver konkret og realistisk. 

    2. Lær deg saka

    Kunnskap er makt. Tal, dokumentasjon, konsekvensar

    3. Bygg bodskapen

    Felles beste, verdien for kommunen, samanlikn, spissformuler, vel riktige ord

    4. Finn allierte

    T.d. andre fagforeingar, interresseorganisasjonar, tenkt nytt

    5. Finn riktig politikar

    Finn nokon som har same meining som deg

    6. Ver på plass til rett tid

    Ikkje kom for seint inn i prosessen, og kontakt fagforeninga di så snart som råd.

    7. Gjer inntrykk i møter

    8. Bruk medium smart

    Finn nyhendeknaggar, knytt saka til aktuelle hendingar, får fram kva saka betyr for kven, ver tydeleg, finn fakta (ny forsking), bruk døme, kjende fjes, skap hendingar

    9. Velg riktig verktøy

    Sosiale medium, fakkeltog, avisinnlegg etc. 

    10. Tenk langsiktig

    Kjelder: Boka "Lobby – håndbok i politisk gjennomslag" (K. Gramnæs, 2018) og Bente Ørberg.

– Dette er ein situasjon som har fått utvikla seg over fleire år, og no er det kome så langt at det ikkje er fleire plassar å ta ned, anten det gjeld aktivitet eller innkjøp eller kva det skal vera. Så no er det stillingar det går på i stadig større grad. Det er situasjonen, seier Ola Eiksund.

Den drastiske nedgangen i ressursar på bibliotekfeltet er blitt skjult i statistikken, fordi enkelte bibliotek har hatt store satsingar som har balansert tala, seier han.

– Tidlegare har vi meir sett at det gjeld småbibliotek. No ser vi at også større bibliotek må ta ned aktiviteten. Samtidig veit vi at norske folkebibliotek er desidert lågast bemanna i Skandinavia, seier Eiksund.

– Ein tredel lågare enn Sverige, to tredelar lågare enn Danmark. Faktisk 110 prosent lågare enn Finland, som er det landet som er nærast oss i folketal. Vi brukar mykje meir pengar enn nabolanda våre på helse og utdanning, men mykje mindre på bibliotek.

Toppen av isfjellet

Bibliotekarforbundet har flest organiserte i kommunal sektor, fortel seniorrådgjevar Bente Ørberg. Det betyr at dei får mest med seg av det som skjer i folkebibliotek og skulebibliotek. Men dei kjenner også til liknande kutt i private universitetsbibliotek og ved vidaregåande skular.

Organiser deg: – Om det nokon gong er viktig å vera organisert, så er det no, seier spesialrådgjevar i Bibliotekarforbundet Bente Ørberg.

Eiksund understrekar at dei ikkje er organiserte slik at dei har kontaktar på alle biblioteka.

– Så det vi høyrer om, er toppen av eit isfjell.

– Kor kjem meldingane frå, er det over heile landet?

– Ja. Det er det. Over heile landet.

– Ver på vakt no!

– I Innlandet har bibliotektilsette allereie fått innkalling til det vi kallar 15-1-møte, fortel Ørberg.

§ 15-1 i arbeidsmiljølova

Før arbeidsgiver fatter beslutning om oppsigelse, skal spørsmålet så langt det er praktisk mulig drøftes med arbeidstaker og med arbeidstakers tillitsvalgte, med mindre arbeidstaker selv ikke ønsker det. Både grunnlaget for oppsigelsen og eventuell utvelgelse mellom flere ansatte av hvem som skal sies opp, skal drøftes.

Bli med i ordskiftet!

Har du meiningar, refleksjonar eller innspel til saka? Send dei til post@bokogbibliotek.no.

15-1 refererer til paragrafen i arbeidsmiljølova som handlar om drøftingar før oppseiing (sjå eiga ramme).

– Men dei fleste fortel at det har kome eit forslag, og nokre stadar har forslaget gått gjennom det politiske. Det er no dei må vera på vakt! seier seniorrådgjevaren.

– Skal dei få gjort noko, så må dei gjera det no. Det er no dei må fortelja politikarane kva konsekvensen av dette blir. Dei må gå ut i pressa, dei må senda brev til politikarane. Vi må synleggjera biblioteket. Folk trur at biblioteket berre er eit rom med bøker.

– Opplever du at prosessane er ryddige rundt omkring?

– Nei. Det er veldig store manglar.

– Kva vil de seia til dei som ikkje er fagorganiserte?

– Om det nokon gong er viktig å vera organisert, især i kommunane, så er det no. For det pågår ei rasering av bibliotekdrifta i Norge, svarar Ørberg.

Powered by Labrador CMS