Utgave: 2/2023
Det viktigaste hender før, mellom og etter
Tenkjer vi for trongt om kva ein demokratisk arena er og gjer? Funna i Elin Golten si doktorgradsavhandling tyder på at det viktigaste kan henda skjer etter at mikrofonane er slått av.
Truleg er dei nokså representative, dei Elin Golten har prata med. Folkebiblioteka i Fjell kommune (no Øygarden) og Voss herad i Vestland fylke er middels store, og kommunane ligg eit stykke frå Bergen – Voss lenger enn Fjell. Golten, som til dagleg er seksjonssjef for bibliotekutvikling i Vestland, gjennomførte heile 42 intervju med sentrale aktørar i dei to lokalsamfunna.
Å byggja offentlegheit
– Problemstillinga mi var: Korleis definerer sentrale aktørar i lokalsamfunna, bibliotekarar, brukarar, lokale politikarar og representantar frå sivilsamfunnet, biblioteket som ein møtestad og ein institusjon som skal byggja opp under ei berekraftig lokal offentlegheit? fortel Golten.
I førre utgåve presenterte vi Norsk Bibliotekforening si undersøking om rolla som debattbibliotek. Den viste at mange tilsette kjempar med å finna hovud og hale på oppdraget. Golten har grave djupt i to kommunar og kartlagt kva for konkrete utfordringar som finst nett der, og korleis ulike grupper oppfattar og erfarer sitt folkebibliotek som uavhengig møtestad og arena for offentleg samtale og debatt.
Tidlegare forsking som Golten byggjer på, har vist at biblioteka si formidling av informasjon, kunnskap og kulturuttrykk hjelper folk til å delta aktivt i samfunnet. Dei skapar dugleik for medborgarskap gjennom å vera arenaer for samhandling. Via biblioteka får folk kompetanse på sosial og kulturell kompleksitet. Og dei utviklar lokalsamfunnet ved å hjelpa folk til å ta del og kjenna seg heime.
Det uformelle er avgjerande
– I Fjell består lokalsamfunnet av ei blanding av urban og rural kultur, medan lokalsamfunnet på Voss er prega av sterk identitet knytt til livskraftige bygdelag og tette sosiale nettverk, fortel Golten.
– Det er ikkje berre i byar at ein treng ein samhandlande stad. Også lokale folkebibliotek som Fjell og Voss har potensial til å fungera som offentleg rom som skapar sosial samhandling og samtalar mellom framande, utdjupar ho.
Avhandlinga hennar utvidar eksisterande teoriar om at møte mellom framande i urbane strok kan verka demokratisk fremjande. For dette gjeld òg i meir rurale strok, viser Golten.
– Ei utfordring er at innbyggjarar ofte må søkja aktivt etter informasjon om arrangement i biblioteket. Biblioteka står derfor i fare for å vera mest synlege for dei som allereie er brukarar av bibliotektenestene, åtvarar Golten.
Arrangementa bidreg til den sosiale dimensjonen ved biblioteket. Men det er tydeleg at dette i hovudsak skjer gjennom dei uformelle treffa mellom folk, før arrangementa tek til, men særskilt etter og under eventuelle pausar undervegs i arrangementet. Det er her spontane samtalar oppstår, møte skjer og kontakt blir skapt. Golten fortel at folk bruker pausane til å prata med andre dei kjenner frå før.
– Dette tyder på at arrangementa kan fungera som tredje stader og lokalsamfunnsrom, seier ho.
Tenk puben i sitcomen Cheers frå 1990-talet.
Men det er også eit tydeleg funn at dei fleste i tillegg pratar med folk dei ikkje kjenner.
– Felles kulturelle opplevingar som arrangementa ofte representerer, kan vera ein døropnar for å samtala med framande.
Hald kaffien varm
Med visse unnatak, som språkkafé og reine debattar, er samtale ikkje hovudaktiviteten på arrangementa.
– Karakteren på arrangementa og i kva grad det blir lagt til rette for interaksjon, har verknad på kor sosiale dei er. Opne og tilgjengelege arenaer med tid for samvær etter at arrangementa er avslutta, kan auka betydinga av biblioteket som møteplass.
Servering i samband med arrangementa blir skildra som ein døropnar for sosial samhandling. Eg skreiv tidlegare at Voss og Fjell truleg er representative. Så òg når det gjeld talet på debattarrangement.
– Biblioteka i denne undersøkinga har i liten grad gripe fatt i denne rolla, noko som gjer at lokalsamfunnet tapar mogleg demokratisk nytte, seier Golten.
Men ho held samstundes fram ein annan måte å få til meiningsutveksling på i biblioteket, nemleg ved å laga rom for samtale med utgangspunkt i det som har vore presentert etter at eit arrangement er ferdig.
– Dette føreset at det ikkje ligg ei forventning om at folk skal gå heim så snart arrangementet er over, og det er behov for at samtalen blir organisert gjennom til dømes ein moderator. Her ligg det eit potensial for biblioteka til å koma nærare formålet med å vera ein arena for offentleg samtale og debatt, også som del av dei arrangementa som ikkje er reine debattar.
Politikarar med (litt for) stor styringsvilje
Så til det mest skremmande funnet i avhandlinga: Enkelte politikarar i begge kommunar uttrykte motvilje mot og mistru til biblioteket si rolle som arena for samtale og debatt.
– Dei var bekymra for at det kan bli krevjande å setja rammer, og at rolla skal påverka biblioteket til å vera mindre demokratisk. Enkelte meiner at debatten bør gå føre seg andre stader, og at dette ikkje er noko biblioteket bør driva med.
Dei bibliotektilsette i Fjell hadde jamvel opplevd bestillingar frå kommunen på særskilt informasjon, arrangement og debattar i samband med kommunesamanslåinga.
– Det er eit interessant funn at enkelte politikarar i begge kommunar peika på potensielle utfordringar med at biblioteka skal vera uavhengige arenaer samstundes som dei er kommunale institusjonar, og meiner det er moglegheit for økonomiske sanksjonar dersom biblioteka går på tvers av politiske ønske eller er kritisk til eigen kommune, seier Golten. Ho etterlyser meir forsking rundt dette.
– Er slik motvilje og mistru frå lokale myndigheiter ei representativ haldning? I så fall vil det vera vanskeleg for dei tilsette å gjera seg til talsmenn for betydinga av dette oppdraget i sine lokalsamfunn, konkluderer ho.