Kommuneøkonomi
Dette kjem til å gjera vondt
Ei halvering av arbeidsstokken og tjue prosent reduksjon i driftsbudsjettet – av alle bibliotek som får kutt denne hausten, har nok Kragerø det verst. Men truleg er dei berre dei første til å oppleva det fleire må førebu seg på i åra som kjem.
Som alt i Kragerø ligg det rosa folkebiblioteket krunglete til. Den vesle telemarksbyen leikar Sørland og slepp unna med det. Med slikt følger smale gater, gamle trehus og sikkert høge vedlikehaldsbudsjett. Er dette med på å knekka ryggen på kommunen? grublar eg blant avblømde stokkroser på veg frå bilen til biblioteket. Men nei, eg veit det jo. Det er alderen som tek oss. Ikkje alderen på husa, men på dei som lever i dei.
Inne på pauserommet blir eg ønskt velkomen av ein samansveisa damegjeng. Dei smiler og ler. Det er fellesskap og lyse lokale. Men noko mørkt ligg under. Bak galgenhumor ligg sorg og ei aning apati.
Hausttradisjon
Biblioteksjef Elin Anita Olsrud og bibliotekarane Astrid Laland, Anne Schulze og Sonja Rismoen fyller rommet med kaffilukt, sakleg kritikk og etterretteleg saksframstilling. Her er det ingen som ropar ulv, ulv. Det treng dei ikkje, for trugsmåla er reelle. Det har dei for så vidt også vore haustar før denne.
Like sikkert som at dei rundt 35 000 hyttegjestene (inkludert dei med kostbare krav til heimetenester) har skrudd av vatnet, forlate dei 10 413 fastbuande i kommunen og vendt nasen heimover til meir sentrale austlandsområde, har kommunedirektøren i Kragerø i sitt forslag til budsjett lagt inn ein reduksjon i talet på tilsette ved biblioteket. Like tradisjonsbunde har så politikarane skjerma biblioteket mot stillingskutt – alltid etter ei utmattande økt med mobilisering av bibliotekvener, politisk kontaktnett og digitale kanalar for å kjempa ned kuttforslaga.
– Eg har jobba her sidan 2020, og kvart einaste år har det vore forslag om å nedbemanna biblioteket, seier Elin Anita Olsrud.
Men no er det slutt på å vinna.
ROBEK
Kragerø kommune har måtta laga tre budsjett berre i år. Sånn blir det når ein hamnar i Register om betinget godkjenning og kontroll, betre kjent som ROBEK. Det er her du finn kommunar og fylkeskommunar som er i økonomisk ubalanse. Står du på lista, er du underlagd statleg kontroll med årsbudsjettet, låneopptak og langsiktige leigeavtalar. ROBEK-kommunar er pålagde å fastsetta ein tiltaksplan som sikrar at økonomien kjem i balanse. I Kragerø kommune sin kan vi lesa:
«Sum udekt 2024: 35 500 000 [...] 9 mill. kroner skyldes for høyt budsjetterte skatteinntekter og andre inntekter. Resten av avviket skyldes manglende budsjettdekning innen kommunalområdet helse og omsorg. Det er en konsekvens av den demografiske utviklingen med et økende behov for kommunale omsorgstjenester.»
Ifølgje tiltaksplanen vil Kragerø spara 1 750 000 kroner i 2025 på å kutta bemanninga ved biblioteket med 52 prosent.
Den 10. oktober, nokre dagar etter at Bok & bibliotek vitja Kragerø, kunne avisa Varden melda at statsforvaltaren hadde godkjent årets tredje budsjett, og at dei no styrer mot eit underskot på 127 millionar i 2024.
Realisering av meirope
– Det starta før 2010, fortel Astrid Laland, som har rundt tjue års fartstid på arbeidsplassen.
Sonja Rismoen har også lang hugs. Ifølge henne blei filialane nedlagde på slutten av 90-talet og bokbussen oppretta som ei erstatning. Så blei bokbussen lagd ned.
– Korleis kjennest det å få desse forslaga år etter år?
– Utmattande, kjem det kontant frå Olsrud.
Sidan det ikkje er lovpålagt kva innhald biblioteket skal ha, blir det enkelt, føler vi ofte, for administrasjonen å kutta oss for å fylla dette store, svarte hòlet i helse og omsorg
Biblioteksjef Elin Anita Olsrud i Kragerø
– Og så gjer det noko med lysta til å setta i gang, til å søka midlar og tenka at «neste år skal vi være aktive», når vi lever i det uvisse kvart einaste år.
Etter 2018 har kuttforslaga auka med ei halv stilling kvar budsjetthaust.
– Det var det året vi fekk meirope, seier Rismoen.
Frå kommunalsjefkontoret har det ifølge Olsrud stadig blitt peikt på at investeringane i meirope som blei gjorde i 2018, må forsvarast. Initiativet til meirope kom i si tid frå rådmannen. Det hugsar alle fire.
– Om vi må kutta i årsverk og dermed ha dårlegare opningstider, så er det jo dei svakaste i samfunnet det går ut over – som barn under 16 år og dei eldre utan den digitale kompetansen som blir kravd for å bruka meirope.
Alle dei fire er utdanna bibliotekarar. Dei dreg fram kompetansen og yrkeserfaringa som avgjerande for bibliotektilbodet.
– Vi er jo der for å formidla, for å finna fram, for å gjera det som det ligg i vår yrkesutdanning å utøva, seier biblioteksjefen og snur seg til dei tilsette:
– De må gjerne formulera det betre enn meg.
– Eg synest du gjer det strålande, seier Astrid Laland til støttande smil frå dei andre.
Malurt
I ei fersk undersøking utført av Kommunal Rapport svarar heile 56 prosent av kommunedirektørane at dei styrer mot eit underskot i år, mot 32 prosent i fjor.
– Mange kommunar har gått rett i luksusfella. Dei har gløymt at dei skal betala renter på låna, og at staten ikkje kompenserer for desse auka kostnadane, uttalte seniorrådgjevar Håvard Moe i KS Konsulent til NRK.no 24. september.
Moe har jobba i KS-Konsulent sidan 2003 og hatt direkte oppdrag i over 300 av landets kommunar. Han har kommuneøkonomi og omstilling som spesialfelt og har gjennomført fleire hundre KOSTRA-analysar for kommunar. Vi kontaktar han for å høyra kva som er realistisk å håpa på for bibliotekarar med uro for framtida.
– Kommunesektoren er finansiert gjennom tilskot frå staten, lokale skatteinntekter og brukarbetalingar. Det er vanskeleg å seia korleis dette vil utvikla seg framover, ut over å peika på at det generelt sett ikkje er pengar vi manglar i Norge, men fagfolk, understrekar han.
Og fagfolka det er snakk om her, er ikkje bibliotekarar og litteraturvitarar. Det som vil bli etterspurt, er folk med utdanning innanfor helse og omsorg.
– Norge skal dei neste tjue åra dobla talet på innbyggarar over 80 år. Dette gjev eit stort press på behovet for fagfolk, og det vil auka kostnadane på det området betydeleg, skriv han i ein e-post til Bok & bibliotek.
– Tilskota til biblioteka er jo ikkje øyremerkte, og dermed blir det dei enkelte kommunestyra som må greia å prioritera dette mellom alle andre gode formål og dei store behova på omsorgsområdet.
Lita tru på auke
– Ser du for deg at kommuneøkonomien vil bli styrkt på sikt, slik at ein kan venta auke i kommunale kulturbudsjett etter kvart? Kva for tidshorisont er det i så fall på dette?
– Norge vil dei neste tjue åra få ein årleg kostnadsauke på cirka 5 milliardar som følge av endra demografi. På toppen av dette kjem ein betydeleg auke i kostnadane til helse og pensjonar som følge av at vi blir mange fleire eldre. Kor mykje politikarane klarer å auka rammene i den kommunale økonomien ut over dette i ei tid der også mange andre formål som forsvar og klima krev enorme summar, er vanskeleg å seia. Men eg kan ikkje sjå for meg at dei kommunale budsjetta kjem til å auka mykje ut over den generelle løns- og prisveksten og den store auken i kostnadar til ei kraftig aldrande befolkning. Eg har nok lita tru på at dei kommunale kulturbudsjetta kjem til å auka.
Men kanskje kan det koma pengar til biblioteka frå andre stadar enn kommunekassa, spekulerer Moe.
– Det kjem til å bli veldig mange fleire storforbrukarar av kulturtilbodet gjennom at det blir fleire eldre. Det er mogleg at desse tenestene i framtida i større grad blir finansierte på andre måtar, som brukarbetalingar og private kulturtilbydarar, seier seniorrådgjevaren.
Skulebibliotek utan tilsette
Som ein del av innsparingane i skulesektoren i Kragerø blei skulebibliotekaren tidlegare i haust beden om å gå frå stillinga si, fortel bibliotekarane. Ho har drive fem skulebibliotek på ei halv stilling. Men ikkje nok med at skulebibliotekaren måtte gå – også samlingsstyrarane, lærarar med ein liten prosent sett av til å ta seg av boksamlingane på skulane, er vekke, fortel Anne Schulze.
– Og så har regjeringa lansert ein leselyststrategi ... og vi blir meir enn halverte, seier ho og luftar uro for dei som i utgangspunktet ikkje er svake grupper, men som no mistar viktig tilgang til informasjon.
– Dei får ikkje bli lesesterke, noko som hindrar livslang læring. Dei blir sårbare for å falla utanfor systemet, og den sosiale mobiliteten stoppar opp. Talet på born som veks opp i familiar med vedvarande låginntekt, aukar ikkje berre her, men den aukar her òg.
Helsesektoren er det store pengesluket.
Stadig mindre til folkebibliotek
Norge ligg langt etter Sverige, Danmark og Finland på bibliotekfeltet. I fjor publiserte Innlandet fylkesbibliotek rapporten Folkebibliotekloven (2014) – Hva førte den til?, som viste at sjølv om endringane av lova gav meir aktivitet, har ressursane som blir brukte på folkebibliotek, halde fram med å minka etter at Kulturutredningen 2014 slo fast at «Bibliotekene (er) åpenbart systematisk underfinansiert og nedprioritert».
I april i år kom rapporten Folkebibliotekene i Norge 2024 – Statusrapport om bemanning og kvalitet, også denne ført i pennen av Marius Græsby ved Innlandet fylkesbibliotek. Den søker å finna svar på korleis små ressursar påverkar tilbodet til norske folkebibliotek. Svara frå dei 303 deltakarkommunane viser eit tydeleg gap mellom tenestene biblioteka leverer i dag, og tenestene dei meiner dei bør levera, både i små og store kommunar.
46 prosent av biblioteka svarar at låg bemanning går ut over opningstida, medan heile 78 prosent rapporterer at låg bemanning fører til lite aktiv formidling. 73 prosent rapporterer at låg bemanning gjev færre arrangement enn ønskt, og 58 prosent at tilsette må vera åleine på jobb. I kommunar med under 5000 innbyggarar vurderer biblioteksjefane at berre ein tredel av det samla bibliotektilbodet er av dels høg eller høg kvalitet. Ein like stor del av tilbodet held dels låg eller låg kvalitet.
Oppfyller lova
Elin Anita Olsrud og dei andre på Kragerø bibliotek fortel den same forteljinga som rapporten frå Innlandet fylkesbibliotek: Stadig færre tilsette har gjort stadig meir utan å overskrida stadig strammare budsjett.
– Vi i kultur har halde rammene kvart einaste år. Sidan det ikkje er lovpålagt kva innhald biblioteket skal ha, blir det enkelt, føler vi ofte, for administrasjonen å kutta oss for å fylla dette store, svarte hòlet i helse og omsorg.
I fjor var det 42 000 som gjekk inn dørene til Kragerø folkebibliotek. I år hadde dei planlagt 70 arrangement og like mange klassebesøk.
Kragerø folkebibliotek oppfyller lova. Dei er ein arena for offentleg samtale og debatt. Dei er ein uformell sosial møteplass, ein førebyggar av einsemd – til dømes for den friske delen av dei stadig eldre folka i kommunen. No er dei tilsette bekymra for kva som blir att.
– Samarbeider de godt med administrasjonen?
– Kva skal vi seia ..., byrjar Olsrud.
– Vi synest ikkje verdien vår som kultureining blir høyrd av administrasjonen vår. Og det er jo årsaka til at dei kvart einaste år foreslår å kutta. Og det blir foreslått utan at vi får tilbod om å legga inn konsekvensar ved eit eventuelt kutt.
Kommunedirektøren svarar
Kommunedirektør Marianne Stærk Gurrich startar med å understreka kor heldige dei har vore med Kragerø bibliotek.
– Korleis vil de oppretthalda eit tilstrekkeleg kulturtilbod samstundes som de no kuttar over halvparten av stillingane ved biblioteket?
– Den balansen er det mest krevjande vi jobbar med no. Vi skal redusere i omfang og samstundes oppretthalda lovpålagde oppgåver. Å finna det skjeringspunktet opp mot ulike tenester er enormt vanskeleg. I utgangspunktet har verken administrasjonen eller politikarane lyst til å prioritera tiltak som rører biblioteket.
– Dei tilsette ved biblioteket fortel at dei har opplevd å bli lite involverte i prosessen fram til kuttforslaga.
– Vi må anerkjenne at dei har hatt den opplevinga. Samtidig er realiteten sånn at vi hadde sju arbeidsdagar på oss for å få på plass eit redigert budsjett for 2024 no i haust.
Dette var situasjonen etter at statsforvaltaren underkjente forslaget til revidert budsjett som blei levert i juni.
– Så dårleg tid snevrar inn høvet til medverknad. Vi er i ein veldig krevjande økonomisk situasjon.
– Vi må snu kvar stein og jobba systematisk i alle kommunalområda for å sjå om det er mogleg å finna forslag som kan stoppa blødinga som statsforvaltaren påpeikar, for så å kunna styrka tenestene att når vi kjem dit. Men no må det kuttast, og det er kjempetøft for heile organisasjonen, og for politikarar og alle saman.
– Veldig dyster utvikling
– Trist, seier leiar for Hovudutval for samfunn i Kragerø kommune Hege Baugstø Lier. I ein by utan kulturhus har biblioteket hatt denne rolla, seier ho.
– Det er veldig mange aktivitetar som får eit redusert tilbod. Og det blir mykje meir springing på dei som er att. Det er forferdeleg. Men biblioteket er berre ein liten del av våre område. Det er ei veldig dyster utvikling.
Lier kallar kommunen sin økonomiske kollaps ein venta katastrofe.
– Vi har visst om dei demografiske endringane i seks år. Men når ein først har oppskalert, er det vondt å skjera ned.
– Tenker du at 4,8 stillingsheimlar ved Kragerø bibliotek er ei oppskalering?
– Det er ikkje unaturleg høgt å ha i underkant av fem stillingar med to fulle etasjar, lesesirklar, besøk av barnehagar og skular – eg skjønar at det tek tid. Vi vil jo ikkje legge ned biblioteket – det kjem til å bestå. Men statsforvaltaren blir nok ikkje happy om vi ikkje tek tak i andre kommunalområde som treng det mest, altså helse.
Peikar på meirope
– Dei oppseiingstruga bibliotekarane held fram korleis biblioteket legg til rette for sosial mobilitet og demmer opp for einsemd og utanforskap. Ville det ikkje vore strategisk lurt å bevara eit godt og aktivt bibliotek i Kragerø?
– Vi har rett og slett ikkje noko val her, seier Hege Baugstø Lier og understrekar at folk i større grad må kontakta bibliotekarane på dagtid og nytta meirope på kveldstid.
Lier stadfestar at ho har motteke ei oversikt over moglege konsekvensar av kutta frå plasstillitsvald Anne Schulze ved biblioteket.
– Eg har distribuert dette vidare til hovudutvalet. Men dei har ikkje meir å melda, for dei veit at mykje av tilbodet vi har på biblioteket, er vi ikkje pliktige å ha. Sjølv om Anne har skissert kva vi kan mista, så har vi ikkje bestemt kva som skal bli vekke. Kan henda vi kan sjå på lista og plukka ut kva som er viktig for Kragerø kommune.
– Ifølge lov om folkebibliotek skal biblioteket, i tillegg til å stille medium til disposisjon, driva aktiv formidling og vera ein arena for offentleg samtale og debatt.
– Ja, og det har vi hatt, det er difor eg seier at det er eit slags kulturhus. Vi har brukt det som arena for samtale og debatt. Det er også noko av det vi vil prioritera med det attverande biblioteket vi har.
«Ellers viser vi til meråpent», skriv kommunedirektøren i tiltaksplanen.
*
På veg heim frå besøket ved Kragerø bibliotek køyrer eg innom ein bensinstasjon litt nord for byen for å få meg ein kaffi.
– Så trist! seier bensinstasjonsdama til den gamle mannen som står før meg i køen. Han held dagens utgåve av lokalavisa KV fram til skanning.
– Kva då? seier han.
– «Varsler om oppsigelser», les ho høgt frå framsida og peikar på eit bilete av kommunalsjef Marianne Stärk Gurich.
Denne saka er også publisert i Bok & bibliotek 4/24.
Bli med i ordskiftet!
Har du meiningar, refleksjonar eller innspel til saka? Send dei til post@bokogbibliotek.no.