Utgave: 2/2022
Eit rom i kaoset
Kva skjer med biblioteka i krig? Etter invasjonen av Ukraina 24. februar blei biblioteka tilfluktsrom og ein samlingsstad for motstandsarbeid og samhald. Men mange bibliotek er også øydelagt av angrep. Det er store aksjonar i gang for å redde den ukrainske kulturarva, bøkene, kunsten, meiningane.
I nabolanda er bibliotek brukt som mottakssenter for flyktningar, og i Noreg har bibliotekarane jobba på spreng for å få tak i bøker på Ukrainsk til fyktningane som kjem, og bøker om Ukraina for dei som ynskjer å forstå betre. Biblioteka er samlingsplass for dei som vil prate, søker informasjon og går på arrangement, markeringar og aktivitetar for å vise støtte og utvide kunnskapen.
Under andre verdskrigen delte Deichman ut bøker til krigsfangar i leirane rundt i Oslo. Samstundes dobla utlånet på hovudbiblioteket seg. Under koronakrisa var biblioteka kjappe med å finne alternative måtar å vere bibliotek for alle på. Bibliotekarar er vane med å brette opp erma når krisar råkar. Dei er vane med å levere det me treng, når me treng det. Om det er bøker, eit trygt rom eller andre som forstår. Dei kan vere eit trygt rom i kaoset.
Samstundes blir biblioteka si rolle som kunnskapsformidlar viktig på ein heilt ny måte når sanninga er under press. Medan ein har diskutert om russiske medium skal sensurerast, og retorikken og propagandaen er ein heilt eigen krig. Står biblioteka som stader ein skal kunne søke det som fins av sanning, meining og innhald. Jo meir press det er på sanninga og jo sterkare agenda dei med definisjons- og gjennomslagskraft har, jo viktigare er rolla deira som uavhengig kunnskapsformidlar. Då må ein stå støtt i skoa.
Dette er min siste leiar. Eg skulle gjerne skrive feire. Samstundes kan ein ikkje sei nei når ein får tilbod om bøker, bygder og ein heil litteraturbåt på Vestlandet. Det kunne i alle fall ikkje eg.
Tusen takk for meg.