Utgave: 1/2023
Feil historier om folkebiblioteka
Korleis verkar biblioteket inn på dei som brukar det? Det høyrer og veit vi altfor lite om, meiner Christian Lauersen frå Roskilde folkebibliotek. Viktigare enn å telja er det å høyra kva dei vi tel, har å fortelja.
Er du av dei som har opplevd å gå heim frå jobb gjennom haustregnet etter å ha helt 3,5 liter fersk kaffi i vasken? Forventinga før arrangementet hadde vore høg. Diskusjonane i formidlingteamet ved biblioteket ditt var mange før de landa på kva for debatt de måtte arrangera. Denne ville folk garantert ha! Alle de spurde om å sitta i panelet, sa ja. Samtaleleiaren var litt dyr, men de tok dykk råd. Tittelen blei idémyldra og spissa og pussa på og endra igjen. På Facebook stod det at 73 var interesserte, og 31 garanterte at dei skulle koma – i tillegg til alle dei som måtte ha sett annonsen i lokalavisa. Kvelden rann, med ekstra bemanning på kveldsskiftet.
Framom bibliotekscena sat det fire. Fem om de talde med lydmannen, han frå kulturskulen som stilte gratis. Og etterpå, korleis snakka de om arrangementet? Og kva for inntrykk sat lokalpolitikarane att med då de leverte orienteringssaka til kulturutvalet og det stod «5» i kolonnen for besøkstal på «Samtale og debatt» i november? For det var jo det som var svaret, var det ikkje? Fem?
Eller finst det andre svar, andre historier å fortelja?
Oppmoding til kommuneaktivisme
Christian Lauersen kjem frå ein by i Danmark, så han opererer med litt høgare tal enn fem. Roskilde, der han er biblioteksjef, har rett over 87 000 innbyggarar. Men prinsippet han presenterer frå scena under Bibliotekseminaret på Kapittel i Stavanger onsdag 21. september i fjor, er det same som i den litt tungsindige introduksjonen til denne saka.
– Kom det 15 eller 60? Kanskje dei 60 blei skuffa, medan fem av dei 15 fekk endra liv, seier han til salen, som her er full av bibliotekfolk, ikkje så reint få med litt blanke augo. Den karismatiske bibliotekemissæren veit korleis han skal snakka så det når inn. No vil han læra oss å gjera det same.
– Når systemet ber om tal og statistikk, må vi sjølvsagt levera det, men spør kva det skal brukast til, ver litt kommunerebell eller kommuneaktivist! oppmodar han. Spør om vi kan få utvida biletet som tala teiknar.
Tilbake til november
For kva om ei av dei fem den kvelden i november blei inspirert av noko ein i panelet sa, for eksempel til eit livslangt engasjement i lokalpolitikken? Eller kanskje ein blei redda ut av ein negativ spiral etter å ha opplevd å vera del av det uforpliktande samværet i rommet?
Lauersen og kollegaer ved Roskilde folkebibliotek hadde ei aning om at måten både dei sjølve og andre snakka om biblioteket på, ikkje trefte blink, at viktige sider (kanskje dei viktigaste) ved kva biblioteket tyder, blir verande i det skjulte når alt vi spør etter, er besøkstal og utlånsstatistikk.
I Roskilde sette dei seg føre å finna ut av dette gjennom vitskaplege metodar. Kvalitative intervju, meir bestemt.
Det teoretiske grunnlaget
Metodikken og mykje av det teoretiske grunnlaget for undersøkinga si fann dei i eit renommert britisk forskingsprosjekt frå 2019 kalla The Cultural Value Project. Det hadde som overordna mål å sjå på effekten og verdien av kultur og korleis dette kan målast med empiriske og analytiske metodar. Individet må settast i sentrum, konkluderer dei britiske forskarane. Altfor ofte hoppar vi over dette og rett inn i kunsten sine derivat (verdiar som er bestemt av verdien til noko anna), som økonomi, byutvikling eller helse.
The Cultural Value Project oppfordrar oss om å ha individet i fokus, eit sterkt argument for tilbakeføring av kvalitative metodar i den offentlege samtalen. Altså å snakka med folk, ikkje berre telja dei.
The impact of public libraries in Denmark: A haven in our community er det fulle namnet på rapporten Roskilde folkebibliotek enda opp med å laga i samarbeid med konsulentfirmaet Seismonaut.
Det dei fann
Resultata viser at mange brukarar opplever folkebibliotek som fristadar der dei kan ta ein pause og fordjupa seg. Minst like viktig er det at biblioteket gir perspektiv på livet og påverkar tilgangen til kuratert kunnskap og informasjon. Nokre opplever i stor grad at bibliotek utvidar kreativiteten, især gjennom bøkene.
Sist, men ikkje minst, så påverkar folkebibliotek brukarane ved å skapa og vedlikehalda fellesskap, mellom anna gjennom at materiale og fasilitetar er felleseige, utan økonomiske barrierar for bruk. Heile 90 prosent av foreldra sa det var viktig for borna å få oppleva at vi har noko felles i samfunnet som vi tar vare på saman.
For mange fungerer personalet også som eit relasjonelt haldepunkt i lokalsamfunnet, noko som var mest signifikant på små bibliotek der det er dei same som jobbar heile tida. Det gleder folk å møta eit menneske som kan hjelpa til med stort og smått.
Biblioteket er der nå du treng det
Som i Noreg ligg talet på bibliotekbesøk i året blant folk i Danmark og vakar rundt 50 prosent. Men kva betyr det, eigentleg? Er det dårleg, og burde vi vera misnøgde? Også her har Lauersen ei anna historie å fortelja:
– Heile 96,5 prosent brukar danske bibliotek gjennom livsløpet! Folk brukar biblioteket når dei har bruk for det. Hadde dei brukt det heile tida, så hadde vi ikkje hatt plass til dei!
Biblioteket er der for deg når livssituasjonen endrar seg slik at du får bruk for det.
Det som betyr noko, historia vi må fortelja dei som spør etter tal og statistikk, er kva desse 96,5 prosentane av befolkninga får den dagen dei treng biblioteket – og opplever at det er der for dei.