Felles formidlingsløysing venta våren 2026

Det har vore varsla ei stund og vi har skrive om det før, men no er det offisielt vedteke: KS Digital skal utvikla ei felles formidlingsløysing for folkebibliotek. Allereie neste vår skal dei første folkebiblioteka kunna ta den i bruk. 

Utjamning: Ei felles formidlingsløysing skal sørga for betre integrering av fysiske og digitale tenester i folkebibliotek og mindre forskjellar rundt i landet.
Publisert Sist oppdatert

KS vedtok i styremøtet sitt 25. mars å gje KS Digital i oppdrag å utvikla ei felles formidlingsløysing for folkebibliotek. Med dette vedtaket er vi nærare målet om ei felles formidlingsløysing enn nokon gong, skriv Nasjonalbiblioteket på bibliotekutvikling.no.

Målet er at biblioteka skal kunna tilby heilskaplege, moderne og brukarvenlege nettsider og ein app som gjev innbyggarane enkel tilgang til biblioteket sine digitale tenester og tilbod.

Nasjonalbiblioteket har tidlegare meldt at dei vi følgja opp arbeidet med ei finansiering på 10 millionar kroner i utviklingsmidlar i år og til neste år.

Ifølgje pressemeldinga vil løysinga kunna bidra til å redusera geografiske skilnadar, effektivisera ressursbruk og fremja nasjonale mål om likeverdig tilgang til bibliotektilbod for alle innbyggjarar.

Frå og med 1. mai blir Bibliotek24 formelt ein del av KS Digital. Dei vil vera ein viktig ressurs i arbeidet med prosjektet og med administrering og vidareutvikling av den ferdige tenesta. Det vil i tillegg bli leigd inn bibliotekfagleg kompetanse frå prosjektgruppa til Felles formidlingsløysing, eit prosjekt som Nasjonalbiblioteket initierte i februar 2024.

Etter planen skal dei første biblioteka kunna kopla seg på den nye formidlingsløysinga allereie våren 2026.

Powered by Labrador CMS