Statsbudsjettet 2025
Full pott for skulebibliotekordninga
I forslaget til statsbudsjett for 2025 foreslår kulturministeren 13,6 millionar kroner meir til bøker i skulebiblioteka. – Det byrjar å skje ting for skulebiblioteka, seier leiar i Skolebibliotekarforeningen Norge Nina Bigum Udnesseter.
Med totalt 23,6 milliongar i potten vil ordninga no kunna gje gratis bøker til rundt 700 bibliotek i grunnskulen.
– Det er veldig bra at det blir plass til fleire i denne
ordninga. Det sit skular i dag som kvalifiserer til ordninga og har søkt, men
som likevel ikkje får tilsendt bøker, seier leiar i Skolebibliotekarforeningen
i Norge Nina Bigum Udnesseter.
Søker for tre år
Kulturrådet si skulebibliotekordning sørger for innkjøp og distribusjon av kulturfondbøker som har born og unge som målgruppe til skolebibliotek i grunnskulen. Skular søker om deltaking i ordninga for tre år.
I søknadsrunden for 2024–2026 kom det inn 661 søknadar, skriv Kulturdirektoratet på nettsida si. 380 av desse er i dag omfatta av ordninga. Kulturrådet har ønskt seg ei ramme på 23,5 millionar kroner for skolebibliotekordninga. Dette skal vera nok til at rundt 700 skulebibliotek kan få tilsendt bøker. No har altså departementet kome dei i møte på dette og sett ei ramme på 23,6 millionar for ordninga i forslaget til statsbudsjett for 2025.
Pengane må raskt ut
– 700 skulebibliotek, det var omtrent det som var talet på søkarar no. Så då er vi spente på korleis kulturrådet vil administrera fordelinga, seier Udnesseter til Bok & bibliotek.
– Det er kjempeviktig at ordninga kjem raskt i gang, og eg tenkjer at alle som har søkt om tilskot må få det.
Udnesseter er tydeleg på kor viktig det er med fleire bøker i skulebiblioteka.
– Det er eit problem at det ikkje er nok pengar rundt i kommunane til å kjøpa inn bøker. Så vi er veldig galde for at denne ordninga blir utvida.
Ho har også fått med seg forslaget om at innkjøpsordninga for teikneseriar skal få to millionar ekstra.
– Det synest eg er kjempeflott. Vi skulebibliotekarar ser kor viktig teikneseriane er ute i skulane.
Vil ha nasjonal standard
Skolebibliotekarforeininga ønskjer seg øyremerkte midlar til
alle skulebibliotek for å utjamna forskjellar, seier Udnesseter.
– Det må på plass ein nasjonal standard som seier noko om bemanning og om korleis eit godt skulebibliotek skal vera. Men vi beveger oss no med små skritt i riktig retning, avsluttar ein optimistisk skulebibliotekarleiar.
– Det har vore eit år no der vi føler at vi blir lytta til. Det byrjar å skje ting for skulebiblioteka.