Utgave: 3/2020

Full spredning og full rulle. Fastlegens tidsdiagnose

Det blir ofte ironisert over mengda av nyare litteratur som handlar om eksistensielle kriser i middelklasse- eller mellomsjiktmiljø. Også Nina Lykkes «legeroman» gjer det, og boka viser at det er muleg å skrive om slikt på både ein interessant og appetittvekkande måte.

Bok

Full spredning er ikkje stor dikting, men skildringa av «understrømmer» i moderne livsformer og sjeleliv, som fastlegen ifølgje forfattaren er den næraste til å ha innsikt i, byr på framifrå underhaldning. Den beiske og syrlege utleveringa av dei mange bisarre pasientane – dei fleste frå lågare eller høgre middelklasse – er kostelege. Berre i sjeldne tilfelle kjem dei til legen på grunn av reelle medisinske problem; stort sett er dei håplaust bortskjemde vestkantfolk. Legekontoret har adresse Solli plass, der Elin, bokas eg-person, får inn på kontoret personar frå eit samfunnssjikt som har det med å krevje legetenester, så som tilvising til psykolog, for problem dei best kan rydde opp i sjølve.

Det aller meste her står i karikaturens teikn. At knapt nokon av pasientane er reelt trengande, understrekar bokas satiriske karakter. Legekollegaene til Elin, ektemannen og det «progressive», mjukradikale bustadmiljøet er like latterlege som pasientane. Dessverre er også eg-personens perspektiv, forsøket på å forstå årsakene til miseren, også ein karikatur. Boka slektar til ein viss grad på komediene til Holberg; sentrale personar har berre éin eigenskap. Elins ektemann Aksel renner året rundt rundt i skogen, til beins eller på ski, og Linda, eksmannen Bjørns kone, eksploderer i raseri av den minste ting. Djupe psykologiske analyser er ikkje på agendaen her.

Boka er strukturert rundt Elins ekteskaps- og utruskapshistorie (med eksmannen Bjørn). Forteljinga går fram og tilbake i tid; den begynner med at Elin har flytta frå Aksel og inn på sitt eige kontor (!), der ho, i stil med bokas komikk elles, fører samtale i fransk tragedietradisjon med sin «confident» (tillitsfull), eit vesen ho som heltinne kan samtale med, og som i dette tilfellet er eit plastskjelett (!) med namnet Tore, som også fungerer som Elins samvit. Enkelte avsnitt er reine meiningsytringar, stort sett om misbruk av legar og andre velferdsgode, og kunne ha vore meir elegant integrert i teksten elles. Moralen er dels klassisk sosialdemokratisk: Gjer di plikt, krev din rett. Og ha respekt for Janteloven. Dels den i ei anna, mindre sosialdemokratisk retning. Boka er i sum ein uvanleg dårleg reklame for ekteskap og svigerforeldre.

Ekteskapsdramatikken toppar seg da Elin ved ein inkurie sender ein høgst seksualisert SMS som er meint for elskaren, til ektemannen. Handlingsgangen vidare skal ikkje røpast her. Men forfattarens forsøk på å diagnostisere dei maktene som ho meiner ligg til grunn for den miseren ho opplever, er høgst problematisk. Både Elin sjølv og persongalleriet elles er underlagde ulike anonyme krefter. Lykke verkar å vere sterkt påverka av tidas overtru på biologiske forklaringar av menneskeleg atferd. At den gode gamle kjønnsdrifta kan spele ein kvar eit puss, er rett nok ikkje noko nytt eller mystisk. Mottoet for boka inneheld eit italiensk sitat der det blir åtvara mot «en kraft som vekker kjødet (…) og knuser enhver anstendighet». Men det kan også vere defektar i hjernen som gjer seg gjeldande; forteljaren orienterer oss om at det eksisterer «en blindsone» eller «et mykt punkt», utan at vi får greie på kva dette er. Naturalisme og spekulasjon er ofte nære venner.

Men ikkje nok med det: Det skal finnast visse stoff i hjernen som bestemmer sinnstilstanden til ein person, får vi vite. At slike stoff eksisterer, er det ingen tvil om, så vidt eg skjønar. Men vi kan nok stridast om kva som er årsak og kva som er verknad. Innan medisinfaget har det frå tidlege tider eksistert såkalla humoralmedisin, det vil seie teoriar om væskebalanse i kroppen. I Holbergs komedie Den Vægelsindede opptrer til dømes ein magister som proklamerer at når visse safter samlar seg rundt eit menneskehjarte, blir vedkomande melankolsk.

Slik er det altså ifølgje Nina Lykkes fastlege sjølve mennesket det er noko gale ved. Men er det rimeleg å tru at det er mennesket som er på ferde når ei nitten år gammal jente fortvilar over at foreldra nok ein gong vil legge ferien til pensjonistbyen Nice, og ikkje til Bali? Og kva med den unge, mjukprogressive faren som ser det som eit overgrep å måtte halde hovudet fast på den fireårige dottera så legen kan få ta temperaturen i øyret? Eller den 39 år gamle gravide kvinna som fortvilt bed om abort for ikkje å miste den bestilte interrail-turen med den transsibirske jernbanen. På heller urettferdig vis blir her menneskenaturen dømt skuldig for tidstypiske mentalitets- og miljøskader, i hovudsak lokaliserte til Oslo vest.

I det heile tatt er vi ifølgje boka «noen skrøpelige vesener», hjelpelause offer utleverte til ytre eller indre makter. Men dette er berre det Elin eksplisitt hevdar. Forteljinga har faktisk ein heilt motsett versjon: Det fastlegen er mest opprørt over, er nemleg at dei innbilte pasientane ikkje definerer seg som sjølvstendige subjekt, med evne til å ta tak i problema sine og ta ansvar for å rydde opp på sitt eige psykiske toalett. Også Elins eiga kjærleikshistorie viser at det er den subjektive faktoren som er den avgjerande. Etter at den alkoholiserte fastlegen har blitt nytent på eks-mannen, mister ho lysta til å drikke vin. Noko liknande skjer med ei venninne, som plutseleg har fått ein ny glans over seg etter å ha skaffa seg ein elskar (jf. den nye kjærasten til «Mari, du bedåre», hos Alf Prøysen).

Denne sjølvmotseiande filosofien pregar både boka og hovudpersonen. Kravet til moralske val og hangen til fatalisme lever side om side, uformidla, utan å bli utforska og dramatiserte. Det er desto meir merkeleg fordi Elin i sin oppvekst hos si aleinemor tidleg blei tvungen til å vere ein sjølvstendig person.

Men god underhaldning er dette. Det friske, kontante språket har sine Lykke-treff, så som dette: «For en hammer ser alt ut som en spiker. For en ortoped ser alt ut som brudd.»

Nina Lykke

Full spredning En legeroman
Forlaget Oktober 2019, 283 sider

Powered by Labrador CMS