Gender Queer fjerna frå skulebibliotek etter innspel frå bekymra foreldre

Maia Kobabe si kontroversielle bok står ikkje lenger på hylla på skulebiblioteket til Roligheden skole i Arendal, etter at skulen fekk ein e-post frå skulesjefen med ei tilråding om å fjerna den.

Alltid med: Gender Queer av Maia Kobabe er alltid med når det blir snakk om kontroversielle bøker, seinast under Forbudte bøker-uka her i Norge i oktober. No skapar den bruduljar i Arendal.
Publisert Sist oppdatert

Roligheden er ein grunnskule med elevar frå 1. til 10. trinn. I dag tidleg kom det ut informasjon på sosiale medium om at skulen hadde motteke eit pålegg om å fjerna boka. Dette stemmer ikkje. Bok & bibliotek har fått innsikt i den første e-posten som gjekk frå skulesjefen til leiinga ved Roligheden skole.

Den inneheld ei tilråding om at boka kan ekskluderast frå skulebiblioteket, og argumenterer med både innhaldet sin modenheit, risikoen for foreldrekonflikt, behovet for pedagogisk rettleiing og omsynet til elevane sin alder og kognitive nivå.

Gender Queer har lenge har vore den mest utfordra boka av grupper i USA som arbeider aktivt for å innskrenka bibliotekarar sin rett til å forvalta samlinga, og er på mange vis er blitt eit symbol på den polariserte verdikampen som blir utkjempa knytt til dette.

Starta på Document.no

Skulesjef Karl Axel Moen i Arendal er tydeleg på at det er den enkelte skulen som har det siste ordet når det gjeld innhaldet på skulebiblioteket.

– Det er skulen som avgjer dette, men ofte jobbar ein i grupper som gjer ei vurdering saman for å finna gode argument. Om det er snakk om ei bok eller ein film så gjer ein etiske og pedagogiske refleksjonar knytt til kvar enkelt sak, seier han.

Han viser også til overordna del av læreplanverket som seier at «Skolen har det overordnede ansvaret for å ta initiativet til og tilrettelegge for samarbeid. Dette innebærer å sørge for at foreldre og foresatte får nødvendig informasjon, og for at de gis mulighet til å ha innflytelse på sine barns skolehverdag».

Så vidt Bok & bibliotek har forstått nådde dei kritiske røystene i Arendal offentlegheita først gjennom artikkelen Foreldre regerer på en tegneserie med homosex i norsk barneskole: – Griseri! som blei publisert på document.no 8. desember.

Her går foreldre hardt ut mot teikningar i boka som dei meiner er pornografiske.

Tilråding berre til ein skule

Skulesjefen i Arendal stadfestar at den aktuelle e-posten med forslag om å fjerna Gender Queer frå skulebiblioteket berre har gått til Roligheden, og ikkje til andre skular i Arendal.

Biblioteksentralen tilrår boka for lesarar på 16–18 år, og målgruppa er sett til vaksne. Bortsett frå nokre frå 16-åringar er dei aller fleste elevane i grunnskulen mellom 6 og 15 år.

– Gender Queer tek opp viktige tema rundt kjønnsidentitet og seksualitet. Foreldre har ulike verdiar og haldningar, og som ein offentleg skule er det viktig å finna ein balanse som respekterer både foreldra sine rettigheiter og elevane sine behov, seier Karl Axel Moen.

– Ein offentleg skule må finna balanse

Han held fram med å peika på at det å inkludera boka i eit skulebibliotek som er tilgjengeleg for alle aldersgrupper, kan oppleves som utfordrende for enkelte familiar.

– Det er ikkje tematikken i boka som er problematisk, men illustrasjonar av eksplisitte skildringar av seksuelle situasjoner. Dette kan føra til unødvendige konfliktar og mistillit mellom skulen og heimar.

Han understrekar at tilrådinga ikkje er eit ønske om å forby boka eller å sensurera den viktige bodskapen i den, men heller å sørga for at den er tilgjengeleg i riktig kontekst.

– Boka er tilgjengeleg for alle som måtte ønska å lesa den på folkebiblioteket i Arendal, seier skulesjefen.

– Bør vera tilgjengeleg for ungdomsskuleelevar

Den norske utgjevaren av boka, Måltrost forlag, har også base i Arendal.

Liv Laukvik Nannestad, som driv forlaget saman med partnaren Bård Nannestad, kjenner til at boka i plassering i biblioteket på Roligheden skole har blitt diskutert av fleire foreldre i det siste.

Når sørlendingane meiner noko, så er dei ikkje redde for å seia frå

Liv Laukvik Nannestad, forleggar

– Det er nokre trådar som har gått blant foreldra, og så har skuleleiinga vore kopla på, seier ho.

– Kva tenkjer du som utgjevar, skal denne boka vera tilgjengeleg for ungdomsskuleelevar?

– Ja, den bør absolutt vera tilgjengeleg for ungdomsskuleelevar i skulebiblioteket. Og så vil ein bibliotekar kunna ha ei viss oversikt over kven som lånar, men det føreset at ein har betjent skulebibliotek.

Yngre lesarar bør møta den saman med foreldre, for dei vil fort mangla forståing av konteksten, seier ho.

– Då blir det bilete utan forklaring. Det skal vera nivådeling for lesing. Men det er ei bok for ungdom, der kan den veldig godt stå.

– Kva tenkjer du om at når Gender Queer for første gong blir utfordra på norsk jord så skjer det i Arendal?

– Arendal er min heimby og har stemmer av forskjellige slag. Det seier kan henda noko om at når sørlendingane meiner noko, så er dei ikkje redde for å seia frå. Diskusjon er alltid bra, det er viktig. Det er ved å prata med kvarandre at ein kjem til ny forståing. Så får vi sjå korleis saka blir møtt vidare, seier Liv Nannestad.

Bidra til ordskiftet!

Har du meiningar eller refleksjonar rundt tematikken? Send eit innlegg til post@bokogbibliotek.no.

Powered by Labrador CMS