Gender Queer tilbake på hylla i Arendal
Roligheden skole i Arendal gjorde i går om på avgjerda om å fjerna boka Gender Queer frå skulebiblioteket. Her oppsummerer vi saka så langt med kommentarar frå mellom andre skulebibliotekaren Marti Sagen-Solheim, forfattaren Maia Kobabe og rektoren.
Måndag fortalde vi at Maia Kobabe si bok Gender Queer var blitt fjerna frå hylla på Roligheden skole på Tromøya etter ei tilråding frå skulesjefen i Arendal. Avgjerda skapte sterke reaksjonar. Her i Bok & bibliotek definerte både Helene Voldner i Norsk bibliotekforening og Ola Eiksund i Bibliotekarforbundet fjerninga som sensur.
Eksplisitte skildringar
Skulesjef Karl Axel Moen grunngav tilrådinga om at boka kunne ekskluderast frå skulebiblioteket med «innholdet sin modenhet», risikoen for foreldrekonflikt, behovet for pedagogisk rettleiing og omsynet til elevane sin alder og kognitive nivå.
Til Bok & bibliotek uttalte han at det å inkludera boka i eit skulebibliotek som er tilgjengeleg for alle aldersgrupper, kan opplevast som utfordrande for enkelte familiar.
– Det er ikkje tematikken i boka som er problematisk, men illustrasjonar av eksplisitte skildringar av seksuelle situasjonar. Dette kan føra til unødvendige konfliktar og mistillit mellom skulen og heimar, sa skulesjefen.
Kobabe: – Eit fareteikn
Aftenposten har fått ein reaksjon frå forfattaren Maia Kobabe sjølv i omtalen sin av saka. Ho seier det er eit fareteikn om at ytringsfridom og andre fridomar er under angrep.
«Jeg er svært skuffet over å høre at foreldre i Norge bruker de samme unøyaktige og trangsynte argumentene som foreldre i USA,» seier Kobabe.
Dei tre siste åra har Gender Queer stått øvst på lista over bøkene som oftast blir forsøkt fjerna frå bibliotek i USA.
Skulebibliotekar Marit Sagen-Solheim ved Roligheden barne- og ungdomsskole seier til Aftenposten at ho syns det er flaut at Arendal skal vera først ute her til lands med å senda desse signala. Ho fryktar at Arendal har importert ein polarisert debatt frå USA. Talet på bøker forsøkt fjerna frå amerikanske bibliotek er tjugedobla sidan 2020, skriv Aftenposten.
Fekk kaffien i halsen
Sagen-Solheim seier ho fekk kaffien i halsen då det måndag morgon kom melding frå rektor om at ho måtte fjerna Gender Queer frå skulebiblioteket.
«Min første reaksjon er at vi ikke kan ta en bok ut av samlingen på den måten,» seier ho.
Aftenposten har også snakka med leiar i Skolebibliotekarforeningen Nina Udnesseter. Ho understrekar at bibliotekarar skal vera uavhengige og viser til dei etiske retningslinjene for bibliotektilsette som seier at ein skal opptre uavhengig i situasjonar der nokon forsøker å hindra fri meiningsdanning.
Forelderen som klaga boka til skulen, Monica Finstad Hurst, seier til Aftenposten at teikningane i boka er seksualiserande. Ho håpar boka blir fjerna frå alle skulebiblioteka i kommunen.
«Jeg synes sikkerheten, beskyttelsen og uskyldigheten blir revet bort fra barna,» seier ho og kallar det galskap at skulen snur og set Gender Queer tilbake i hyllene.
Tre rundar med vurdering
Rektor ved Roligheden skole, Lise Dukane, skriv i ei fråsegn til Agderposten at skulen fekk ein førespurnad om boka torsdag 28. november. Dei vurderte då boka, men valde å lata den bli på skulebiblioteket. Men etter fleire spørsmål blei saka drøfta på nytt og løfta til skulesjef Karl Axel Moen som anbefalte å fjerna boka, og den blei fjerna frå hylla på skulebiblioteket måndag.
– Vi ser i ettertid at dette var ei feil vurdering, skriv rektoren til Agderposten.
Ho understrekar også at dei i etterkant ser at det er viktig å ta foreldra sitt arbeidsutval, FAU, med på råd i slike saker.
Etterlyser foreldreinvolvering
«Boka belyser et viktig tema, og det er viktig at bøker av ulike sjanger og med ulik tematikk er tilgjengelig for elvene våre,» seier Dukane.
Agderposten har også snakka med FAU-leiaren på Roligheden skole, Ellen Knudsen. Ho er klar på at det burde vore ein breiare diskusjon i forkant av avgjerda der dei og var inkluderte.
Ifølje Knudsen viser debatten at det er ein lang veg å gå når det gjeld inkludering. Skulen skal vera gode førebilete som vernar om ytringsfridom og mangfald, seier ho.
FAU stør rektor si avgjerd om å setta boka tilbake i hyllene.
«Det er ikke til å legge skjul på at det er vanskelige vilkår for skeive på Sørlandet, og da må vi heller prøve å bidra med mer informasjon og støtte,» seier ho til Agderposten.
Bibliotekaren ikkje kopla på
Skulesjefen fortel til Agderposten at avgjerda starta som ein intern diskusjon med rektor der bibliotekaren ikkje var kopla på. «Så her er det misforståelser som har oppstått,» seier han.
Igjen understrekar han at ønsket om fjerning av boka ikkje er knytt til tematikken, men til aldersgruppa den er tilrådd for, nemleg 16–18.
Moen fortel at tilrådinga gjekk gikk til rektor etter nokon foreldre hadde uttrykt misnøye med å ha boka på skulebiblioteket. Han seier det er mange sterke meningar hos enkelte foreldre, og at dei også skal ivaretakast. Men at ein også skal ivareta meningane til dei som står på den andre sida, og då kan det bli vanskeleg.
Krevjande for skeive på Sørlandet
Agderposten har også snakka med varaordførar Inger Brokka de Ruiter (SV) i Arendal.
Ho er veldig glad for at skulen har vald å snu, spesielt når den ligg på Sørlandet – eit område ho meiner har ekstremt krevjande levekår.
«Skeive på Sørlandet er blant de som har det mest vanskelig i landet. En undersøkelse fra Østlandsforskning fra 2018 viser at det er liten åpenhet, høy andel selvmordsforsøk og dårligere helse. Da har Arendal kommune et ekstra ansvar når det kommer til slike saker,» seier ho.
Ytringsfridomen og mangfaldet står sterkt i kommunen og biblioteket deira, seier de Ruiter, og understrekar at dei ikkje skal driava med sensur. Ho vil løfta saka i kommunen for at slike ting ikkje skal skje igjen. «Dette skader voldsomt særlig for skeive, også utenfor kommunegrensa,» seier ho.