Trondheim
Gunnerusbiblioteket sin lagnad er avgjort
Tysdag 22. april vedtok rektor Tor Grande ved NTNU ein ny bibliotekstrategi. Som venta blir Gunnerusbiblioteket endra frå delknutepunktbibliotek til fellesmagasin og spesialsamling.

For eit par veker sidan fortalte vi om kontroversane rundt den føreståande ombygginga i bibliotekstrukturen ved NTNU. Mest bruduljar har endringane i funksjonen til det tradisjonsrike Gunnerusbiblioteket skapt.
Rapporten Veikart fremtidens bibliotek blei levert desember 2024. Ifølge rektor er sist vekes avgjerd basert på rapporten, høyringsresponsar til denne og interne drøftingar i fleire forum, skriv Universitetsavisa.
Fire færre bibliotek
Som venta landa rektor på rapporten sin «modell B» som er den som har fått breiast støtte. Dette bettyr ein reduksjon frå elleve til sju NTNU-bibliotek i Trondheim og flytting av Gunnerusbiblioteket sine opne samlinger til Lysholmbiblioteket eit par kvartal unna.
Ifølge Universitetsavisa møtte det opp demonstrantar utanfor rektor sitt kontor også på tysdag då avgjerda blei teken.
Dette er endringane
- Biblioteket ved Dragvoll skal samlokaliserast med Teknologibiblioteket i 2030.
- Arkitektur- og byggbiblioteket skal samlokaliserast med Realfagbiblioteket. Flyttinga startar i år.
- Musikkbiblioteket skal samlokaliserast med Teknologibiblioteket i 2030. Musikkbiblioteket vil ha en midlertidig plassering frå og med neste år og fram til 2030.
- Bibliotek Kunstakademiet skal samlokaliserast anten med Teknologibiblioteket, Realfagbiblioteket eller Lysholmbiblioteket innan 2030.
- Økonomibiblioteket skal samlokaliserast med Teknologibiblioteket eller Realfagbiblioteket. Arbeidet med flytting startar i 2026.
- Delknutepunktfunksjonen (dei opne fagsamlingane) i Gunnerusbiblioteket blir flytta til Lysholmbiblioteket. Flyttearbeidet startar i år. Gunnerusbiblioteket blir gjort om til fellesmagasin og bibliotek for spesialsamlingar.
- Teknologibiblioteket blir oppgradert til hovudknutepunktbibliotek i 2030.
Rektor ber om at Avdeling for utdanning så langt det let seg gjera opprettheld talet på studentarbeidsplassar i areala eller bygga der det ikkje lenger vil vera delknutepunktbibliotek, inkludert at lesesalen ved Gunnerus blir bevart.