Uvanleg vedtak i Lyngdal

Ikkje politiske ytringar på bibliotekkontora i Lyngdal

Politikarane i Lyngdal har som dei første i landet bestemt at kommunale kontor ikkje bør innreiast som private sfærar, meldte NRK 12. september. Men ei veke etter vedtaket har biblioteksjefen ikkje fått nokon ryddeinstruks.

Nasjonalt: NRK var først ute med å fortelja om det unike politiske vedtaket i Lygndal kommune.
Publisert Sist oppdatert

– Har de måtta rydda å kontora no?

Slik er vedtaket

Ansattes kontorer og åpne landskap er offentlige steder, og bør derfor heller ikke innredes som private sfærer, eller utsmykkes på et vis som kan skade Lyngdal kommunens omdømme. 

Det vises også her til kommunens gjeldende etiske retningslinjer som alle ansatte gjennom arbeidsavtalen har forpliktet seg til å følge.

Nærmeste leder har et særskilt ansvar for å følge opp forhold som strider mot disse retningslinjene.

Brudd på etiske retningslinjer kan føre til disiplinær reaksjon.

– Det har vi ikkje. Eg har ikkje blitt beden om å rydda mitt kontor eller om å be dei tilsette rydda sine kontor.

Ein ting er kontora, ein annan ting er bibliotekrommet, seier avdelingsleiar for bibliotek og innbyggartorg i Lyngdal Miriam Danielsen Taye.

– Biblioteket skal ha høve til å laga utstillingar om alle slags ulike tema. Og det skal vi halda fram med å gjera, understrekar ho.

Pride-vinkling

I saka om kommunestyrevedtaket i Lyngdal intervjua NRK Pål Tesaker Fosso som er programansvarleg på kulturhuset. Han må no fjerna pride-flagget han har hatt på pulten sin den siste tida. Men ifølge saksdokumenta frå formannskapsmøtet har saka om politiske ytringar på kontor versert i kommunen sidan i fjor haust. Så Fosso sitt prideflagg har ikkje utløyst den politiske behandlinga.

På biblioteket i sørlandsbyen har dei også hatt prideutstilling fleire år på rad og aldri fått kommentarar på det, seier Taye.

Mellom ytringsansvar og individets rett

I kommunedirektøren sitt saksframlegg står det mellom anna: «Kommunen kan ikke nekte ansatte å gi uttrykk for sine religiøse eller politiske holdninger, eller andre sympatier/antipatier og meninger, men som arbeidsgiver kan vi anmode våre ansatte om å utvise ytringsansvar. Både i mellommenneskelig kontakt, i sosiale medier og på det fysiske arbeidsstedet. Politisk agitasjon og/eller religiøst misjonerende virksomhet på arbeidsstedet er eksempler på brudd på ytringsansvaret.»

Miriam Danielsen Taye.

Lyngdal har samla bibliotek og innbyggartorg. Miriam Danielsen Taye leier begge.

– Har de retningslinjer for kva folk kan ha på seg når dei står i skranken?

– Nei, berre at folk bruker vanleg sunn fornuft når dei går på jobb og kler seg normalt pent. Vi har ikkje hatt reglar for smykke og sånt. Vedtaket i kommunestyret handlar om kontorutsmykking, understrekar ho.

Saksframlegget held fram at «Individets rett handler blant annet om at det også på arbeidsplassen skal være fritt å kunne bære religiøse hodeplagg, anheng med religiøse symboler mv. Dette kan ikke kommunen som arbeidsgiver sanksjonere mot. Det vil være invaderende, og et åpenbart brudd på ytringsfrihet og menneskerettighetene.»

Kors og hijab

– Helsepersonell og nyhendeopplesarar er døme på folk som ofte ikkje har lov å bæra religiøse symbol som kors når dei er på jobb. Er dette noko de har tematisert hos dykk?

– Det har ikkje vore tema hos oss at det å bera religiøse symbol er eit problem, verken om ein tilsett ber kors eller om vi hadde hatt ein tilsett som ønskte å gå med hijab.

– Men de har hatt folk som har brukt kors i skranken?

– Ja. Ikkje medan eg var leiar, men det er tilfeldig, seier Taye.

Lyngdal kommune er etter alt å døma først i landet til å gjera eit slikt vedtak om regulering av dei tilsette si kontorpynting.

Powered by Labrador CMS