Vil ha alle inn i nasjonalt lånarregister

Klar for å hoppa i det digitale havet?

Har lånarane dine smarttelefon? Tenkte meg det. Då kan du fortelja dei at framtida er no. Det er berre er å legga på svøm. Og Bibliotekkortet er stupebrettet.

Open invitasjon: Inger Stenersen ved Nasjonalbiblioteket håpar alle lånarar i framtida vil ta i bruk Bibliotekkortet (med stor "B") og bli lagt til i nasjonalt lånarregister.
Publisert Sist oppdatert

På eit kontor nest øvst i Nasjonalbiblioteket sine staselege lokale i Drammensvegen i Oslo, med det som må vera hovudstaden si vakraste kontorutsikt mot sør over hustak og hamner, over fjord, øyar og duvande åsar, der sit Inger Stenersen og klør seg i hovudet. For korleis skal ho få alle tilsette i norske folkebibliotek til å forstå at dei bør gje slepp på lokale bibliotekkortopplegg, ta lånaren i handa og hoppa ut i havet av digitale storbruksfordelar, fjernlån og gratis strøyming av film – gjerne nyfrottert etter badet på ein bryggekant med god mobildekning?

Den frie viljen

– Korleis skal eg seia det? Det er ikkje det at eg synest vi høyrest ut som Nord-Korea, men …

Inger Stenersen er oppteken av ord og korleis dei blir oppfatta. Og av at sjølv om Nasjonalbiblioteket er landet sitt øvste organ for administrasjon av biblioteksaker, så må dei ikkje framstå som ein overkikador.

Heile poenget er dette fellesregisteret. Det er liksom det einaste eg bryr meg om

Inger Stenersen

– Eg ønskjer ikkje at folk skal sjå bruken av Bibliotekkortet som eit statleg pålegg. Sjølv om det er Nasjonalbiblioteket som står bak det nasjonale lånarregisteret og denne ideen om å samla alle, så ønskjer eg jo at biblioteka skal stå fritt.

Det er som med syndefallet, tenkjer eg. Skaparen gav menneska fri vilje for at dei skulle vera hans like. Vi veit alle korleis det gjekk. Eva valde frukta frå kunnskapens tre, og her crawlar vi rundt nokre tusen år seinare og held på å drukna i overforbruk, tragedie og fandenskap. Det gjeld altså å velja rett. Og Stenersen er ikkje i tvil: Bibliotekkortet er det rette valet for alle. 

Det handlar om innlogging

– Heile poenget er dette fellesregisteret. Det er liksom det einaste eg bryr meg om.

– Så det er ikkje plastbiten som er poenget?

– Nei. Det er kva slags fordelar ein lånar får ved å vera del av eit nasjonalt register, i staden for berre å ha eit lokalt kort.

– Kva er desse fordelane?

– For det første høvet til å legga inn bestillingar i biblioteksøk. Skal du gjera det sjølv som lånar, må du ha eit nasjonalt lånarnummer, poengterer Stenersen.

Men vel så viktig er dette som handlar om innlogging på digitale bibliotektenester. Det er nemleg slik at ei rekke av desse tenestene autentiserer mot det nasjonale lånarnummeret – mange i dag og fleire i morgon. Altså at dei sender eit digitalt identitetssjekk-pling inn til ein server og får svar tilbake med tommel opp eller ned.

– Med mindre du har eit nasjonalt lånarnummer, får du ikkje nytta den statlege filmstrøymingstenesta Filmbib, og heller ikkje andre tenester som lokale bibliotek abonnerer på, forklarar Stenersen.

Døme på slike andre tenester kan vera leseappen BookBites, filmtenester som Filmoteket og Cineast, musikk via Naxos eller aviser, magasin og tidsskrift via PressReader og flipp.no. Slike tenester autentiserer innlogginga via nasjonalt lånarregister. Stadig fleire av desse digitale abonnementa blir i dag administrerte via portalen Bibliotek24, som også har valt nasjonalt lånarregister som løysing for autentisering når brukarar skal logga seg inn på tenestene dei formidlar.

Felles formidlingsløysing

Dei som var på Bibliotekmøtet i Haugesund i mai i år, kunne høyra om det pågåande arbeidet med ei felles formidlingsløysing for folkebiblioteka. På initiativ frå Nasjonalbiblioteket jobbar ei prosjektgruppe i skrivande stund med å laga ein kravspesifikasjon som skal takast med inn i arbeidet for å skaffa ei slik felles formidlingsløysing for folkebiblioteka. Ei formidlingsløysing kan bestå av fleire digitale flater og kanalar som til saman utgjer det publikum møter, til dømes nettside, app og infoskjermar. Også dette arbeidet er kopla til nasjonalt lånarregister.

Eit ord som ofte blir ytra både av denne arbeidsgruppa og av Bibliotek24-gjengen, er «Single Sign-On» (SSO), altså Ei pålogging; at du som lånar gjennom å logga på ein gong skal få tilgang til alle biblioteket sine digitale tenester – nok ei løysing som blir ekstremt mykje enklare å få til om alle tenester blir autentiserte opp mot nasjonalt lånarregister.

Frå vogge til grav

Koplinga til nasjonalt lånarregister, eller Bibliotekkortet, som Inger Stenersen vil vi skal kalla det (i bestemt form eintal og med stor «b»), kan du også bruka til å bli lånar ved alle biblioteka du måtte ønskja i landet, til og med i universitets- og forskingssektoren (UH). UH-biblioteka gir ikkje ut Bibliotekkortet, men om du har det frå før, vil det kunna knytast til eit UH-bibliotek.

Om du er under 15 år og vil skaffa deg Bibliotekkortet via nettsida, må nokon vaksne stadfesta via BankID. Men i praksis er vi altså der no som manga av oss har drøymt om å koma, at du kan få ditt første lånarnummer når du er baby, og at det følger deg frå bibliotek til bibliotek gjennom livet, via skuletid, utdanning, arbeid og til alderdom.

Alle skal med

Jobbar du ved eit stort bibliotek, blir du kan henda litt overraska over denne saka – at dette i det heile er naudsynt å skriva om. For brukar ikkje alle bibliotek nasjonalt lånekort, liksom? Nei, dei gjer ikkje det, skal vi tru Inger Stenersen.

– Det kjem litt an på systemleverandøren deira og i kva grad dei ser seg som del av eit nasjonalt system, seier Stenersen, som har brukt store delar av dei to–tre siste åra på å lokka og piska små og større leverandørar til å få sitt biblioteksystem til å kommunisera med nasjonalt lånarregister.

– Vi har avdekt at mange av dei små folkebiblioteka gir ut lokale kort og ikkje tenker så mykje over dette. Om du er åleine på biblioteket og kanskje har ei 60 prosent stilling, kor mykje tid har du då til å tenka over ting som dette?

Personvern

Eit digitalt påloggingssystem byr sjølvsagt på GDPR-utfordringar.

– Det pågår eit stort arbeid i kommunane rundt personvernreglane. Så det er mykje angst, då. Og det skjønar eg. Eg synest jo dette var ufatteleg vanskeleg sjølv, innrømmer Stenersen, som har vore hjå NB sidan 2012, men for eit par år sidan sette seg føre å rydda opp i kommunikasjonen rundt nasjonalt lånarregister. Men det som skulle bli ei kjapp oppfrisking av ei nettside, har no teke år og handla vel så mykje om funksjon og integrasjon som kommunikasjon.

Personvern skal vera godt vareteke i det oppgraderte systemet. Til dømes har ein gjort det slik at opplysningar som blir utveksla mellom biblioteka, er så få som mogleg.

– Vi meiner at ein bibliotektilsett ikkje har noko med å vita kva for andre bibliotek du er lånar ved. Dei skal berre møta deg som lånar ved sitt bibliotek. Så det skal skjulast. Og om du kjem til eit nytt bibliotek og ber om å bli registrert som lånar der, vil ein bibliotektilsett som slår opp namnet ditt, ikkje få alle opplysningane før du har godkjent at det er i orden for deg.

Brukarar som er inaktive i over tre år, blir sletta automatisk.

Kast plast

Men så var det dette kortet, då. Treng vi det, eller treng vi det ikkje? Vi treng det ikkje. Ikkje om vi ikkje absolutt vil ha det. Anten brukar du biblioteket ditt sin føretrekte bibliotekapplikasjon, som Bibliofil-appen, og viser strekkoden din der. Eller så loggar du inn på bibliotekkortet.no og får strekkoden opp i nettlesaren på mobilen. Når du først er inne der, kan du også avregistrera deg, sjå kor du er registrert, endra personopplysningar og velja heimebibliotek. Eg som skriv, har prøvd det. Det fungerer faktisk veldig bra.

Men for all del, alle bibliotek står fritt til å dela ut plastbitar til dei som vil ha, gjerne med eige lokalt design. Det er fint for born og eldre og kan jo vera greitt å ha på lur ein regnvêrsdag når biblioteknauda er stor og du har forlagt mobilen og gløymt så vel lånarnummeret som personnummeret.

Epilog

Denne saka starta med ein litt pompøs metafor om stuping, symjing og bad. No sluttar vi cirka same stad, om enn atskilleg meir nedpå: Eg som skriv, og som er ein heller ivrig brukar av både fysiske bibliotek og digitale tenester, har hatt min plastbit liggande i ein skuff på badet dei siste tre–fire åra, litt til høgre for barbermaskina. Glad for at eg har den der. Ein veit jo aldri.

 

 

Powered by Labrador CMS