Statsbudsjettet 2025

Kulturrådsleiaren om skulebiblioteksatsinga: – Dette ser vi som eit første steg

Kultur- og likestillingsdepartementet gjekk i går ut med ei rekke lekkasjar frå forslaget til statsbudsjett. Bok & bibliotek har lagt fram tala som vedkjem litteraturfeltet for Kulturrådet sin leiar Sigmund Løvåsen i eit e-postintervju.

Viktige boksamlingar: – Forskjellane i skulebibliotektilbod er enorme. Vi vil framover arbeide for gode og oppdaterte boksamlingar på langt fleire skular enn dei 700 vi no kan nå, seier Kulturrådet sin leiar Sigmund Løvåsen.
Publisert Sist oppdatert

– Kulturrådet si skulebibliotekordning har med dei nye løyvingane i statsbudsjettet for 2025 ei ramme på 23,6 millionar. Dette er hundre tusen kroner over det de i Kulturrådet dei siste par åra har spelt inn til departementet at den bør ligga på. Betyr dette at denne ordninga no er fullfinansiert, og at alt er såre vel om den berre blir indeksregulert framover, eller vil de jobba vidare for at endå fleire skulebibliotek skal få koma inn under ordninga?

– Kulturrådet kan fylla rom med bøker, men skulane må ha eigna rom å ha bøkene i, og ikkje minst kvalifiserte tilsette med tid til å formidla bøkene.

Sigmund Løvåsen

– Det er gledeleg å sjå at regjeringa i si lesesatsing tar eit viktig og riktig grep ved å styrke skulebibliotekordninga. Vi har i første omgang bedt om ei ramme for å kunne innlemme omkring 700 skular i ordninga, og for å kunne inkludere omsett litteratur. Dette ser vi som eit første steg. 

– Talet er sett ut frå talet på kvalifiserte søkarar i tidlegare søknadsrundar. Men vi har fleire tusen skular i landet, og forskjellane i skulebibliotektilbod er enorme. Vi vil framover arbeida for gode og oppdaterte boksamlingar på langt fleire skular enn dei 700 vi no kan nå. Det er då viktig med fleire tiltak frå statleg og kommunalt hald.

Vi må alle arbeida for å utjamna forskjellane, påpeikar Løvåsen. 

– Kulturrådet kan fylla rom med bøker, men skulane må ha eigna rom å ha bøkene i, og ikkje minst kvalifiserte tilsette med tid til å formidla bøkene. 

Nærmar seg automatisk innkjøp for teikneseriar

– Kva betyr auken i tilskot til innkjøpsordningane for teikneseriar og dei ulike innkjøpsordningane for litteratur til born og unge?

– Det vil bety mykje. Saman med budsjettauken i 2024, vil vi no kunna kjøpa inn ein stor andel av påmeldte teikneseriar. Det vil påverka breidda i kva som blir skapt og utgjeve, og ikkje minst tilbodet for lesarar over heile landet gjennom bibliotek og bokhandel. Sakprosa for born og unge vil også vidare ha behov for auka budsjettrammer, men foreslått auke er eit godt steg i riktig retning. 

– Kva skal til for at vi får automatiske innkjøpsordningar også for teikneseriar og ny norsk sakprosa for born, unge og vaksne?

– Med foreslått auke i budsjetta vil ordninga for teikneseriar nærme seg innkjøpsprosenten på dei automatiske ordningane. Innkjøpsordninga for sakprosa for vaksne har framleis ein veldig låg innkjøpsprosent. Då denne ordninga fekk ein auke i 2023 vart det sagt frå politisk hald at det var eit første steg i ei opptrapping. Det ser ikkje ut til at eit neste steg kjem no.

Meir formidling i bibliotek

– Kva trur du auken i tilskot til Kulturrådets arbeid med litteratur på nynorsk, samiske språk og minoritetsspråk (2 millionar kroner), Kulturrådets ordning for litteraturformidling (5 millionar kroner) og til dei ulike innkjøpsordningane vil ha å seia for born og unge si leselyst framover?

– Dette er sårt tiltrengde pengar. Utan å forskottera kor dei friske midlane til litteraturformidling ender, vil dei kunne bidra til at etablerte aktørar som festivalar og bibliotek kan utvida og utvikla formidlinga si, samtidig som Kulturrådet i større grad kan gi tilskott til nye prosjekt. Kulturrådet har hatt ei eiga satsing på formidling retta mot born og ungdom. Det førte til at vi fekk fleire, gode søkarar enn før, mange av dei nye prosjekt. Nokre av desse vil vi no kanskje i større grad kunna følgja opp i tråd med deira planar.

– Når det gjeld litteratur på samiske språk og nasjonale minoritetsspråk er det ein stor jobb å gjera etter langvarig statleg undertrykking av språk og kultur. Kulturrådet har dei siste åra vore i dialog med samiske aktørar og aktørar frå nasjonale minoritetar om kva rolle vi kan og bør ta i dette arbeidet. Vi har også endra enkelte av ordningane våre for at dei i større grad skal femna litteratur på nasjonale minoritetsspråk. 

To millionar er ei fin påplussing til dette arbeidet, og det manglar ikkje på tiltak å nytta pengane til, men Kulturrådet forventar langt større og meir omfattande tiltak, og at dette kjem tydeleg fram mellom anna i stortinget si behandling av Sannhets- og forsoningskommisjonen sin rapport i november, svarar Løvåsen.

Powered by Labrador CMS